Dei fekk sagt sitt om Ringeriksbanen. Regionrådsordførar Solveig Vestenfor t.v., Ringerike-ordførar Kirsten Orebråten og partsekretær i Arbeiderpartiet, Kjersti Stenseng. I bakgrunnen Jonas Gahr Støre.

Ordførarane konfronterte Støre om Ringeriksbanen: – Eg er ganske usikker; håpar han tek det med seg

Statsminister Jonas Gahr Støre seier han har eit positivt syn på Ringeriksbanen. Han argumenterer med økonomi når regjeringa vil splitte fellesprosjektet jernbane/E16.

Onsdag kveld møtte statsministeren ordførarar og partikollegaer i Hallingdal på kommunehuset i Gol. Møtet var ei forlenging av LO Stats kartellkonferanse på Pers hotell.

For dei lokale politikarane står Ringeriksbanen øvst på agendaen. Regjeringa vil splitte fellesprosjektet og overføre jernbanedelen frå Nye Veier til Bane NOR. Mange fryktar det er spikaren i kista for Ringeriksbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppsplittinga er tema i forhandlingane med SV om dagen. SV er imot oppsplitting.

– Føler meg avkledd

Grepet frå regjeringa skjer etter at Jonas Gahr Støre i 2017 pressa på for å få fortgang i byggestart på Ringeriksbanen, og noverande stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) garanterte for byggestart i 2022 dersom Ap vann valet sist haust.

Les også
1700 har signert kampanje i løpet av tre dagar: – Saka betyr mykje for mange

– Eg føler meg avkledd politisk. Blottlagt for truverdigheit, seier regionsrådsordførar i Hallingdal, Solveig Vestenfor (Ap).

- Me har eit positivt syn på Ringeriksbanen, seier statsminsiter Jonas Gahr Støre.

– Er ikkje bortkasta

På møtet fekk ho sagt sitt til Støre. Etterpå fekk Hallingdølen ein kort prat med statsministeren.

– Det er brukt nesten to milliardar på å planlegge fellesprosjektet og reguleringsplanen er vedtatt. Er det då fornuftig å splitte prosjektet og begynne planlegging på nytt?

– Alt som er skjedd med planlegging er framleis relevant og vil sjølvsagt ikkje vere bortkasta, svarar Støre før han forklarar det han gjer alle stader han reiser der det er stort engasjement rundt konkrete samferdselssaker.

– Den situasjonen som landet er i på økonomi, har me på breitt plan halde igjen. Det får litt ulike konsekvensar og ulike avgjerder. Men viss me skal halde att i ein økonomien, og målet er å halde igjen på inflasjonen, så er dette noko me må gjera. Det har vore vår vurdering.

– I denne regionen gjeld det Ringeriksbanen, og me har ikkje slått strek over den, poengterer Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kvifor splitte opp prosjektet og nullstille jernbanedelen?

– Det som er gjort av førebuingar på jernbanen kjem ikkje til å vera bortkasta.

Les også
Erna Solberg til Hallingdølen: – Nygård har gitt mangelfulle opplysningar i Stortinget
Les også
– For dyrt, seier Nygård: – Nei, det er billegare enn før, seier Helleland

– Fleire meiner konsekvensen er at det blir bygd veg, men ingen bane?

– Det betyr ikkje at alt som skjer på veg går ein til ein i forhold til bane, men det me har gjort av førebuingar er ikkje bortkasta, det er det eg seier.

– Men det er også snakk om at ein må starte reguleringsplan på nytt ved ei oppsplitting?

– Det har eg ingen kommentar til, seier Støre.

Jonas Gahr Støre i møte med lokale politikarar i Gol samfunnshus.

– Må ikkje delast

Kampen til ordførarar, næringsaktørar, Forum Nye Bergensbanen og andre er i denne runden er å behalde fellesprosjektet veg/bane i Nye Veier. Det formidla også Solveig Vestenfor til Støre.

– Alle skjønar at Ringeriksbanen ikkje kan byggast no, men ein må ikkje dele prosjektet i to. Så kan ein starte bygging så fort det er økonomisk mogeleg, seier Solveig Vestenfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge Nye Veier, som har kutta kostnader på nesten 6 milliardar kroner i fellesprosjektet veg/bane, blir det totalt sett dyrare å bygge veg og bane kvar for seg. Og ulempene for lokalmiljøet blir større.

I møtet med statsministeren vart Støre også minna på kva han har sagt før, at Ringeriksbanen skulle starte i 2021. Han svara lokalpolitikarane at han framleis hadde tru på prosjektet.

Jonas Gahr Støre besøkte lokale Ap-medlemmar på Gol kommunehus etter kartellkonferansa onsdag kveld.

– Positivt syn på banen

Hallingdølen spurte også Støre kva han tenker rundt det som no skjer på bakgrunn av det sentrale Ap-politikarar har sagt og lovd.

Les også
Støre var også krystallklar: «Arbeiderpartiet vil starte byggingen senest 2021»

– Sentrale Arbeiderparti-politikarar i 2017, 2020 og 2021 kunne ikkje planlegge for krig i Ukraina, ein pandemi som skapte ein stor inflasjon og ein økonomisk situasjon me ikkje har hatt på 30 år, og ei rente på full fart oppover. Viss me no fortset med alt det me ønsker, bruker oljepengar, driv opp økonomien, vil det påføre folk så mykje skade, i Hallingdal og andre stader, at den sjansen tek me ikkje.

– Meiner du at Ringeriksbanen skal byggast?

– Me har eit positivt syn på Ringeriksbanen, og så har me sett han på vent som veldig mange andre prosjekt rundt i landet.

– Men kvifor splitte prosjektet og ikkje berre setje han på vent?

– Dette er meir eit teknisk spørsmål i forhold til organisering av sektoren, men planleggingsarbeidet som er gjort for jernbanen er ikkje bortkasta, seier Jonas Gahr Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hallingdølen avdekker: Forventningane til Ringeriksbanen ER innfridd
Les også
Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet
Ringeriksordførar Kirsten Orebråten er usikker på kva som kjem ut av møtet med statsministeren.

– Ganske usikker

Møtedeltakarane på kommunehuset i Gol er usikre på kva som kom ut av møtet. Dei var glade for at statsministeren tok seg tid tid å møte dei, og meiner Støre fekk klar melding om kva Hallingdal og Ringerike både meiner og krev rundt Ringeriksbanen.

– Han ville ta det med seg, så spørst det om han gjer noko med det, var kommentaren til Ringerike-ordførar Kirsten Orebråten (Ap).

– Korleis er følelsen etter møtet?

– Eg er ganske usikker. Eg håpar han tek med seg bodskapen, seier Orebråten.

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane
Les også
Bane NOR-direktør bekymra for Ringeriksbanen: – Oppsplitting kan bety utsetting og nye kampar
Les også
La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar