Trond Helleland (H) i spørjetimen i Stortinget onsdag.

– For dyrt, seier Nygård: – Nei, det er billegare enn før, seier Helleland

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) står att med argumentet om at Ringeriksbanen er for dyr i den økonomiske situasjonen landet er i.

Det er konklusjonen av spørjetimen i Stortinget onsdag. Nygård (Ap) vart på nytt utfordra av Trond Helleland (H) som bad statsråden legge fram dokumentasjon på at fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 har blitt mindre fordelaktig.

Jon-Ivar Nygård har tidlegare sagt i Stortinget at fordelane med fellesprosjektet er mindre enn antatt før prosjektet vart overført til Nye Veier. I svaret sitt onsdag valde Nygård ei annan formulering:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hovudutfordringa er at prosjektet har ei kostnadsramme på 37 milliardar. Vår utfordring no, er at det ikkje let seg gjere å starte denne typen prosjekt i den situasjonen me står i. Det er derfor me brukar begrepet om at fordelane med fellesprosjektet ikkje er store nok til at prosjektet kan gjennomførast som planlagt. Det er vår vurdering, sa Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa ønsker å stoppe fellesprosjektet og overføre banedelen frå Nye Veier til Bane NOR. Dette betyr at banen blir skuvd ut i det blå, kanskje til og med skrinlagt.

Fakta om Ringeriksbanen og E16

* 40 km ny jernbane frå Sandvika i Bærum til Hønefoss, inkludert 23 km tunnel gjennom Sollihøgda

* 25 km motorveg frå Skaret til Hønefoss

* Jernbanestasjon på Sundvollen

* Ombygging av Hønefoss stasjon

* Parallelt løp for jernbane og veg frå Vik i Hole til Hønefoss (tre kilometer)

* Vegbru og jernbanebru over Kroksund

* Vegkryss ved Elstangen (Hole), Styggdalen og Ve (Hønefoss)

– Klart med glans

Trond Helleland konstaterte at Nygård ikkje la fram nokon dokumentasjon på at prosjektet har mindre fordelar enn antatt. Han viste til at departementet si forventning til fellesprosjektet i Nye Veier var at vegstrekninga Skaret - Høgkastet skulle innlemmast i fellesprosjektet innanfor dei same økonomiske rammene.

Les også
Hallingdølen avdekker: Forventningane til Ringeriksbanen ER innfridd

– Det har Nye Veier klart med glans, sa Helleland og la til at departementet ikkje har gjeve Nye Veier noko nytt oppdragsbrev som inneber nye forventningar. Høgre-politikarane spurde derfor Nygård om formuleringa om at fordelane er mindre enn forventa var statsrådens subjektive oppfatning.

Det var her Nygård endra si tidlegare forklaring og no uttrykte at «fordelane med fellesprosjektet ikkje er store nok til at prosjektet kan gjennomførast som planlagt».

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i spørjetimen i Stortinget onsdag.

Tek handlingsrommet

Nygård gjentok at Nye Veier har gjort ein god jobb med å kutte kostnader (5,8 milliardar red. merk). Likevel er kostnadene i prosjektet svært store, og den samfunnsøkonomiske lønsemda låg. Resten av tida nytta han til å forklare at den situasjonen me er i, med økonomisk press og fare for renteauke, ikkje opnar for eit slikt prosjekt som vil legge stort beslag på det økonomiske handlingsrommet framover.

– Det er ikkje realistisk å bygge veg og bane saman og samtidig slik situasjonen er no og slik me trur han blir framover, sa Nygård. Han poengterte at vegdelen ved ei oppsplitting har god samfunnsøkonomisk lønsemd, mens jernbanedelen er samfunnsøkonomisk ulønsam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skal ein oppnå med prosjektet

Ringeriksbanen

* Redusere reisetida mellom Bergen og Oslo med ca. ein time

* Redusere reisetida mellom Sandvika og Hønefoss til 20 minutt. Redusere reisetida mellom Oslo og Hønefoss til 35 minutt.

* Auka togtilbod – i første omgang:

– Avgangar annankvar time mellom Bergen og Oslo

– To avgangar i timen mellom Hønefoss og Oslo

Ny E16 fra Skaret til Hønefoss

* Færre stengingar og mindre kø

* Redusert køyretid

* Færre ulykker

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane

– Baserer seg på synsing

Det er med andre ord økonomien regjeringa no brukar som argument for å skrinlegge fellesprosjektet.

– Statsråden fortalde at det blir for dyrt. Han slo fast at han ikkje vil gjennomføre prosjektet, iallfall ikkje banen, seier Trond Helleland etter at spørjetimen var gjennomført.

– Kva meiner du, er prosjektet for dyrt?

– Nei, det er billegare enn føresetnadene i Nasjonal Transportplan og som står ved lag til ein ny plan blir vedteken. Arbeiderpartiet har kravd tidlegare byggestart, og prosjektet hadde bortimot 100 prosent støtte i Stortinget. Samferdselsministeren har ikkje makt til å overprøve Stortinget utan nokon form for saksbehandling. Her baserer statsråden seg på påstandar og synsing, hevdar Helleland.

– Men den økonomiske situasjonen har endra seg sidan den gongen?

– Staten tener meir pengar enn nokon gong. Så har me press i økonomien, som snart toppar seg og går i ei annan retning. Då blir det rom for investeringa. Å skrinlegge eit prosjekt som har politisk støtte i Nasjonal transportplan basert på ei kortsiktig endring i økonomien er veldig lite smart, meiner Helleland.

Les også
Støre var også krystallklar: «Arbeiderpartiet vil starte byggingen senest 2021»

Han minner om at samferdsel og samfunnsplanlegging må basere seg på ein heilt annan tidshorisont. Her snakkar me om nytteverdiar over 100 år. Då kan ein ikkje kaste om på vedtekne planar basert på kortsiktige endringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det me ser her er uforsvarleg, seier Trond Helleland.

SV i forhandlingar

Høgre legg i neste veke fram sitt alternative budsjettframlegg. Venstre la fram sitt tysdag, der partiet seier at Ringeriksbanen framleis må vera eit fellesprosjekt plassert i Nye Veier. Det same standpunktet har SV som no er i budsjettforhandlingar med regjeringa.

Les også
Har lagt fram sitt budsjett - Venstre vil behalde Ringeriksbanen i Nye Veier
Les også
Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet
Les også
At Nygård er kjemisk fri for visjonar, er tydeleg. Men kan Ap og Sp leva med å vera det?