– SV vil kjempe for Bergensbanen og Ringeriksbanen i forhandlingane med regjeringa, seier partiets medlem i transportkomiteen, Mona Fagerås. Foto: Embrik Luksengard

Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet

Det er SV som er jokeren i kampen for å berge Ringeriksbanen.

Når partiet no forhandlar med regjeringa er nedkorting av reisetida på Bergensbanen ei viktig sak for SV. Derfor foreslår partiet å setje av 200 millionar til vidare planlegging for K5 (Bergen-Voss) og 250 millionar for å halde Ringeriksbane-prosjektet gåande som fellesprosjekt i Nye Veier.

Men samtidig med lovnaden om å kjempe for desse prosjekta, foreslår SV å kutte løyvinga til Nye Veier med litt over tre milliardar kroner. Det får andre i transportkomiteen på Stortinget til å reagere. Morten Stordalen (Frp) kallar det dramatisk og meiner det er å føre folk bak lyset når SV vil la Nye Veier gjennomføre Ringeriksbanen som fellesprosjekt samtidig som ein vil halverer løyvinga til det statlege aksjeselskapet.

– Er viktig for oss

Mona Fagerås representerer SV i transportkomiteen, og var blant politikarane som måndag møtte Bergensbane-delegasjonen frå Bergen, Hallingdal og Ringerike på Stortinget. Til Hallingdølen seier Fagerås at partiet står ved lovnaden om å kjempe for Ringeriksbanen som fellesprosjekt i Nye Veier.

Les også
La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar

– Bergensbanen er viktig for oss. Me vil kjempe for den, både K5 (Bergen-Voss) og Ringeriksbanen. Det er desse to tiltaka me prioriterer, seier Fagerås.

– Men korleis heng det saman når SV samtidig vil kutte meir enn tre milliardar i løyving til Nye Veier?

– SV er ikkje glad i Nye Veier, det er eit selskap i Frps ånd. SV har vore mot Nye Veier heile tida fordi me meiner det fører til ei fragmentering av kompetanse. Dei blir hylla på alle mogeleg måtar, men me meiner det er ei organisering som går ut over natur og miljø, seier Fagerås.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV står fast ved Ringeriksbanen som fellesprosjekt i Nye Veier. No forhandlar partiet med regjeringa om statsbudsjett. Foto: Nye Veier

Vil sikre Ringeriksbanen

Men, legg ho til. SVs forslag til Nye Veier-kutt skal ikkje slå beina under Ringeriksbanen.

– For å sikre at Nye Veier-kutt ikkje skal gå ut over Ringeriksbanen har me i vårt forslag sett av 250 millionar til dette fellesprosjektet, seier Fagerås.

– Ingen skal kunne skulde oss for å kutte Ringeriksbanen, legg ho til.

Vil ikkje splitte opp

Regjeringa foreslår å splitte fellesprosjektet Ringeriksbanen og overføre banedelen til Bane NOR. Dette fryktar mange er den endelege dødsstøyten for Ringeriksbanen. Til og med direktør i Bane NOR, Hans-Egil Larsen er bekymra for Ringeriksbane-prosjektet ved ei slik oppsplitting.

Les også
Bane NOR-direktør bekymra for Ringeriksbanen: – Oppsplitting kan bety utsetting og nye kampar

– Så SV er ikkje med på å splitte veg og bane?

– Nei, me vil at fellesprosjektet skal bestå. Ei oppsplitting betyr at det blir bygd veg, men ikkje bane. Viss det skjer vil SV føle seg lurt ein gong til, seier Fagerås og siktar til 1992-lovnaden frå Ap der SV støtta stamvegen aust-vest mot lovnad om å bygge Ringeriksbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

11 stortingsrepresentantar møtte opp og fekk høyre argument for å lyfte Bergensbanen inn i ei ny tid ved å bygge Ringeriksbanen og K5 (Bergen-Voss). F.v. Morten Wold (Frp), Trond Helleland (H), Liv Kari Eskeland (H), Sveinung Rotevatn (V), Linda Merkesdal Monsen (Ap), Even Røed (Ap), Lise Christoffersen (Ap), Hans Inge Myrvold (Sp), Jone Blikra (Ap), Nils T. Bjørke (Sp) og Mona Fagerås (SV). Foto: Embrik Luksengard

– Har valt å stå idet

SVs forslag til Nye Veier-kutt vil derimot gå ut over store vegprosjekt, viss det skulle fått gjennomslag. Men Nye Veier skal få jobbe vidare med klargjering for Ringeriksbanen.

Les også
«Det store togrøveriet»: Sjå bilete frå protesten framfor Stortinget

Mona Fagerås gjentok lovnaden i møtet med Bergensbane-delegasjonen på Stortinget.

– Me ønsker ikkje å splitte fellesprosjektet fordi det betyr kroken på døra for Ringeriksbanen, sa ho framfor ordførarar og representantar for både organisasjonar og næringsliv.

Fagerås fortalde at SV har måtta tole kritikk frå både bonde- og miljøorganisasjonar fordi ein har akseptert fellesprosjektet veg-bane. Men partiet har valt å stå i det.

– Me kan ikkje snu. Reisande fortener at me får ned reisetida på Bergensbanen, sa Fagerås etter blant anna å ha høyrd gjennomgangen av den ferske undersøkinga som viser at togtrafikken mellom Oslo og Bergen vil tredoble seg med ei reisetid ned mot 4 timar. 800.000 fleire vil under slike forhold velje å droppe fly til fordel for tog. Ei reisetid på 4 timar krev at Ringeriksbanen og K5 blir bygd.

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane
Les også
Hallingdølen stilte Nygård fire konkrete spørsmål - svara ikkje på nokon av dei
Les også
Følgjer opp med nye spørsmål i Stortinget: – Me må få alle svar på bordet i denne saka