Bane NOR-direktør Hans-Egil Larsen er glad på vegner av Bane NOR, men er bekymra for Ringeriksbane-prosjektet viss fellesprosjektet blir splitta.

Bane NOR-direktør bekymra for Ringeriksbanen: – Oppsplitting kan bety utsetting og nye kampar

Det er ikkje berre jubel i Bane NOR over at samferdselsministeren vil overføre Ringeriksbanen frå Nye Veier til dei.

Prosjektdirektør i Bane NOR Hans-Egil Larsen trur konsekvensen av eit slikt grep at Ringeriksbanen blir skuva langt ut i tid, og at det truleg blir nye kampar og rundar i Nasjonal Transportplan.

– Me er glade for å bli peikt på og at ministeren meiner me er best til å bygge jernbane. Me tek imot tidlegare tilsette med opne armar, seier Hans-Egil Larsen innleiingsvis før han konstaterer at ei oppsplitting inneber ei rekkje utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Larsen er med andre ord glad på vegner av Bane Nor, men bekymra for Ringeriksbane-prosjektet.

– Er bekymra

Han er måndag med på «Det store togrøveriet», togturen frå Bergen til Oslo, der organisasjonar og politikarar ynskjer å lyfte fram Bergensbanen og vidare satsing på jernbanestrekninga. Larsen representerer Bane NOR og heldt innlegg på togturen.

Les også
La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar

Skal Bergensbanen nå målet om fire timars reisetid, må Berge-Voss og Ringeriksbanen byggast. Det er her Hans-Egil Larsen blir bekymra over Jon-Ivar Nygårds forslag om å splitte fellesprosjektet veg-bane.

– Eg er bekymra for oppsplittinga, slår Larsen fast.

– Det følgjer ikkje med midlar til Bane NOR, og då er det ikkje lett å overta prosjektet. Det betyr at Ringeriksbanen må prioriterast blant eksisterande jernbaneprosjekt. Då vil det ramle ned på lista og bli utsett i tid, seier Larsen.

Ny reguleringsplan?

Viss dette skjer, trur han det blir nye rundar i Nasjonal Transportplan. Det betyr også andre typar utfordringar.

– Eg er ikkje sikker på om den vedtekne reguleringsplanen vil vera gyldig. Går ein vekk frå fellesprosjektet og bygger veg og bane for seg, er det mange ting som sjåast nærare på. For eksempel er det parti med dårleg fjell. Viss det fyrst blir bygd veg her, er det uvisst om banen kan kome seinare. Kan hende må ein sjå på alternative trasear enkelte stader. Det seier seg sjølv at dette vil ta tid, seier Larsen.

Les også
Vil behalde fellesprosjektet: – Å splitte opp veg og bane, betyr at jernbanen ikkje blir bygd

Bane-NOR-direktøren er ikkje politikar, men fagperson, og balanserer dette etter beste evne. Det han skildrar her er konsekvensen av ei oppsplitting av fellesprosjektet, slik han vurderer det frå sin faglege ståstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergensbanen har vore tema i media i dag, og blir følgd opp av Dagsnytt 18 i NRK. Der blir det debatt mellom Hans-Erik Ringkjøb i Forum Nye Bergensbanen og statssekretør Johan Vasara.

Les også
Kallar Nygårds forslag totalt uakseptabelt: – Han må stoppast
Les også
Er opprørt: – Det er så ulogisk å splitte veg og jernbane
Les også
Følgjer opp med nye spørsmål i Stortinget: – Me må få alle svar på bordet i denne saka
Les også
Reagerer sterkt: – Kan ikkje skjøne anna enn at Stortinget er ført bak lyset