Vil behalde fellesprosjektet: – Å splitte opp veg og bane, betyr at jernbanen ikkje blir bygd
SV vil vidareføre planleggingsmidlane for Ringeriksbanen og behalde veg og bane i Nye Veier.
Fredag la SV fram sitt alternative budsjett, og over helga startar partiet forhandlingar med regjeringspartia Ap og Sp. I havet av punkt SV vil ha endringar på, er eitt om løyving til Ringeriksbanen med 250 millionar kroner.
I tillegg er SV fast bestemt på å behalde Ringeriksporteføljen som eit fellesprosjekt. Det opplyser partiets samferdselspolitiske talsperson Mona Fagerås.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ei oppsplitting fører til at det aldri blir nokon jernbane. Jobben no blir å sørge for at dei 300 millionane til planlegging frå 2022 blir vidareført og at banen ligg fast, seier Mona Fagerås.
Samtidig med at SV vil kjempe for fellesprosjektet, som ligg i Nye Veier, foreslår partiet å halvere løyvinga til Nye Veier med vel 3 milliardar kroner.
SV går også inn for bruke 200 millionar til planlegging for fellesprosjektet veg/bane mellom Bergen og Voss.
– Eit lite sjokk
SV spelar ei viktig rolle ved å forhandle med regjeringspartia. Derfor er det knytt spenning til kva partiet meiner om Ringeriksbanen, og regjeringas forslag om å splitte prosjektet ved å overføre jernbanedelen frå Nye Veier til Bane NOR.
Mona Fagerås seier at Ringeriksbanen alltid har vore ei viktig prioritering for SV, fordi det kortar ned reisetida mellom Oslo og Bergen slik at jernbanen kan konkurrere med fly. Likeins at banen betyr mykje for bu- og arbeidsregionen Ringerike.
– Så fekk me eit lite sjokk då samferdselsministeren foreslo å splitte opp fellesprosjektet. Me føler at dette er kroken på døra for jernbanen. For SV var det jernbanen som gjorde at me støtta fellesprosjektet Ringeriksbane/E16, understrekar Fagerås.
Fakta på bordet
Hallingdølen har dei siste dagane skrive at samferdselsministerens forslag om oppsplitting ikkje har støtte i fagmiljøet i Nye Veier. Selskapet ville ikkje anbefale ei slik løysing som inneber store ekstra kostnader for Ringeriksbanen, i tillegg til ei rekkje ulemper.
Dette kjem fram i korrespondanse mellom Nye Veier og Samferdselsdepartementet som Hallingdølen har kjent innhaldet i. Fredag, dagen etter at dette vart kjent i Hallingdølen, har departementet ombestemt seg og har frigitt dokumenta.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Korleis reagerer du på opplysningane om at fellesprosjektet blir dyrare ved ei oppsplitting og at Nye Veier ikkje har anbefalt dette?
– Her må me få alle tal og fakta på bordet, og me må ettergå uttalene til statsråden litt tettare, seier Mona Fagerås.
Inn i forhandlingar
No skal SV forhandle med regjeringspartia.
– Kan SV akseptere regjeringas forslag om å splitte fellesprosjektet?
– Nei, i utgangspunktet ikkje, seier Fagerås samtidig som ho understrekar at partiet ikkje går inn i forhandlingane med noko ultimatum, men med ei open halding.
– SV støtta stamvegvalet til Ap i 1992 mot lovnad om Ringeriksbanen. Har ikkje SV eit sjølvstendig ansvar for å drive fram denne investeringa?
– Jo, sjølvsagt. Samtidig har det skjedd noko det siste året, med krig og det faktum at me ikkje kan auke på med oljepengar. Derfor må me også tenke nytt, og for SV er tiltak med ein miljøgevinst viktig. Ringeriksbanen har alltid vore viktig for SV og er det framleis. Det kan du vera trygg på, seier Fagerås.
– Korleis vil SV på Ringeriksbanen på skinnene att?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir å behalde Ringeriksbanen som fellesprosjekt. Det er det viktigaste å få på plass no, seier Mona Fagerås.