Gløtt

Me har slått saman Hallingdølens tradisjonsrike magasin og bladet Hytta Vår. Resultatet er eit større, betre og flottare magasin, «Gløtt».

Hallingdal er hallingar, og Hallingdal er hyttehallingar. I Gløtt vil me femne begge deler. Me vil lage innhald som er interessant og spennande å lese, uansett om du bur her, eller bruker fritida di her.

Kvifor namnet Gløtt? Tja. Det er mange måtar å tolke det på. Me håpar magasinet blir ei kvilestund i ein travel kvardag, eit gløtt av ro. At magasinet blir eit gløtt inn i Hallingdal. Eller eit skrågløtt ut mot verda? Eit gløtt inn i nokons liv. Og så vidare, og så vidare.

Fotokonkurransen held fram

Fotokonkurransen frå Hytta Vår går vidare her i det nye magasinet vårt, Gløtt. Me kårar, som tidlegare, vinnar av konkurransen i kvar av dei fire årlege utgåvene av Gløtt.

Premien, ein flott Pilar bålbrennar til verdi kr 6 490,-, frå Espegard AS, er også framleis med. Det er dermed god grunn til å arbeide litt godt med bileta.

Fristen for å delta i neste runde er 27. mai. Me kårar fire vinnarar i løpet av året. Ein i kvar av utgåvene av Gløtt. Fristen er difor litt vegleiande. Bilete som ikkje rekk fristen til fyrstkomande nummer, blir vurdert av juryen i neste runde.

Send bidraget til glott@hallingdolen.no

Teikn abonnement

Du kan teikne abonnement på Gløtt via glott@hallingdolen.no. Eller via skjemaet du finn her.

Ynskjer du å teikne abonnement kostar dette 249,- kroner i året. Du får då fire magasin kvart år, i tillegg til kalender saman med vinternummeret. Du vil også ta del i fordelsprogrammet vårt som mellom anna gir rabattar hjå Espegard AS, Slaatto sag og høvleri AS og Warm Me.

Dersom du er hytteeigar i Hallingdal, og ikkje tidlegare mottok Hytta vår, så send oss ein epost eller fyll ut skjemaet under slik at me kan opprette eit abonnement til deg.
Dei som abonnerer på Hallingdølen får bladet som bilag fire gonger i året, inkludert i prisen.

Adresseforandring kan du gjere på tlf. 32 08 65 00, eller via glott@hallingdolen.no







Gløtt, eit magasin frå Hallingdølen