Regionrådsordførar Solveig Vestenfor (Ap) seier Ringeriksbanen kan vera eit viktig tiltak viss staten om mort tid må setje i verk ein motkonjunkturpolitikk. Prosjektet er byggeklart.

Er opprørt: – Det er så ulogisk å splitte veg og jernbane

Regionrådsordførar Solveig Vestenfor (Ap) er både forundra og irritert. - Det er så lite logisk å splitte veg og jernbane, seier ho.

Men det er nettopp det partikollega og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vil gjera med Ringeriksporteføljen. Ifølgje statsrådet er fordelane med fellesprosjektet Ringeriksbane/E16 mindre enn antatt, derfor vil han samle jernbanekompetansen i Bane NOR og la dei overta jernbaneprosjektet frå Nye Veier.

Solveig Vestenfor ser ikkje logikken i eit slikt grep.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile argumentasjonen for fellesprosjektet var økonomi og finansiering, saman med betre arealutnytting. Då er det så lite logisk å skulle splitte det opp att. Det får store konsekvensar for både finansiering og framdrift, seier Vestenfor.

Ho er både forundra og irritert:

– No har Nye Veier klart å spare 6 milliardar kroner. Likevel er det ikkje bra nok!

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane
Les også
Reagerer sterkt: – Kan ikkje skjøne anna enn at Stortinget er ført bak lyset

Vart frårådd

Ho har lese artiklane i Hallingdølen om at Nye Veier frårådde Nygård å splitte veg og jernbane. Eit slikt grep vil føre til store ekstra kostnader, i tillegg til store praktiske ulemper, meiner Nye Veier.

Dette kjem fram i korrespondanse mellom Nye Veier og Samferdselsdepartementet, dokument som er unndrege offentlegheit med grunngjeving i intern saksførebuing.

Hallingdølen kjenner likevel til innhaldet i dokumenta.

Må gå ein runde

– Viss det stemmer, er det veldig alvorleg, seier Solveig Vestenfor og siktar til dei som stiller spørsmål om samferdselsministeren ikkje har informert Stortinget tilstrekkeleg.

Seniorrådgjevar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Guriogard meiner Nygård har ført Stortinget bak lyset. Stortingsrepresentant Morten Wold seier til Hallingdølen at han vil følgje opp saka med nye spørsmål til statsråden i Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar det blir teke ein runde på dette. Politiske vedtak må basere seg på faktabasert informasjon, seier Vestenfor som vil følgje opp saka med sine politikarar på Buskerudbenken.

Les også
Følgjer opp med nye spørsmål i Stortinget: – Me må få alle svar på bordet i denne saka
Les også
Hallingdølen stilte Nygård fire konkrete spørsmål - svara ikkje på nokon av dei

Motkonjunktur

Regionrådsordføraren meiner Ringeriksbanen ganske så raskt kan bli eit viktig tiltak, på fleire vis.

– Før me anar ordet av det kan det bli behov for ein motkonjunkturpolitikk, der staten set i verk investeringar for å halde hjula i gang. Ringeriksbanen er ferdig til gjennomføring. Då må ein ikkje begynne å tukle med planane. Så fort økonomien opnar for det, er Ringeriksbanen klar, seier Vestenfor.

Ho minner også om at vidare tilrettelegging ikkje krev nye løyvingar i 2023. Nye Veier har 300 millionar til planlegging og førebuing som ikkje er brukt. I tillegg er det løyvd 1 milliard i driftskreditt.

– Viss Ringeriksporteføljen blir splitta, trur du Ringeriksbanen blir skrinlagt?

– Nei, til det er prosjektet for godt; og eit nesten samla Storting har sagt at banen skal byggast. Men det fører til ei unødvendig og meiningslaus forseinking, seier Solveig Vestenfor.

Les også
Vogntog har velta - snø og vanskelege forhold
Les også
Fryktar lokal «bodkrig» om sjukepleiarar: – Målet vårt må vere å få arbeidskraft utanfrå, ikkje kjempe mot kvarandre
Les også
Alvorleg svikt i eldreomsorga: – Me vart skremde då me såg kor alvorleg det var