No har Nygård svara om Ringeriksbanen - har ingen tal å legge fram
Samferdselsministeren har ikkje noko tal som viser at fordelen med å bygge Ringeriksbane og E16 samla er mindre enn antatt.
Då statsbudsjettet var lagt fram, kom det som ei bombe at fellesprosjektet, berre kalla Ringeriksporteføljen, vart splitta. Ringeriksbanen blir ifølgje forslaget i statsbudsjett sendt tilbake frå det statlege utbyggingsselskapet Nye Veier AS og til Bane Nor, mens vegprosjektet blir i Nye Veier.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård grunngav dette med at dei økonomiske fordelane ved å samla utbygginga av Ringeriksbanen og E16 i eit fellesprosjekt var små og lågare enn rekna med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spørsmålet har vore, og er framleis, kor «små» desse fordelane eigentleg er. I eit lesarbrev i Hallingdølen tysdag stilte ordførarar i Ringerike og Modum-regionen det same spørsmålet.
Stilte spørsmål
Få dagar etter at statsbudsjettet vart lagt fram sende Hallingdølen eit spørsmål til departementet om dette. No har svaret kome. Statssekretær Johan Vasara svarar dette på vegner av samferdselsministeren:
– Det blir i denne samanhengen ikkje vist til ein spesifikk gjennomgang, men til arbeidet NVAS (Nye Veier red. anm) har gjort med å vurdere potensialet for innsparingar gjennom optimalisering og forenkling av infrastrukturløysingane etter at dei overtok fellesprosjektet frå Bane Nor. Samfunnsøkonomisk viser det seg derimot at eit fellesprosjekt ikkje er like fordelaktig som ein hadde håpt. Før regjeringa ser på eventuelle alternativ framover er det viktig at Bane NOR og Nye Veier først får tid til å vurdere prosjekta som ein del av sine porteføljar.
– Upresist
Hallingdølen har referert svaret til seniorrådgjevar Knut Arne Gurigard i Regionrådet for Hallingdal, som følgjer arbeidet med Ringeriksbanen tett. Han kommenterer det slik:
– Svaret er i beste fall upresist. Eg har aldri sett noko om kva som var «håpt» i forhold til samfunnsøkonomi. Dette må i så fall talfestast, kva krav og forventningar som er stilt frå Samferdselsdepartementet til Nye Veier når det gjeld samfunnsnytte. Samferdselsdepartementet må faktisk kunne vise til noko meir handfast enn «arbeidet som er gjort».
– Korleis reagerer du elles på svaret?
– Dette er ikkje truverdig. Eg hadde trudd dei hadde noko meir å fare med, seier Knut Arne Gurigard.
Nye Veier har ingen tal
Det er Nye Veier som arbeider med Ringeriksporteføljen. Hallingdølen har spurt om selskapet har anslag over kva det vil koste viss ein splittar veg og bane, slik samferdselsministeren ønsker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har dei ikkje.
«Nye Veier har ikke foretatt en estimering for bygging av bare ny E16. Dette skulle være en del av forarbeidet til en utbyggingsavtale, som nå jo er utsatt. En utbyggingsavtale er avhengig av et mest mulig oppdatert estimat. Det blir ikke gjort noen ny estimering før konseptet for ny vei blir fastlagt», skriv seniorrrådgjevar Halldis Skogen i Nye Veier.
Ho legg til at det blir Bane NOR som skal estimere kostnaden for bygging av jernbanen, dersom delingen av prosjektet blir vedtatt.
Nye Veier har derimot optimalisert fellesprosjekt og kutta fleire milliardar.
«Optimaliseringsprosessen i Nye Veier førte til en reduksjon av omfang og kostnader på ca 5,8 milliarder norske 2021-kroner, inkludert mva.», skriv Halldis Skogen.
Har kosta 1,45 milliardar
Forkjemparane for Ringeriksbanen fryktar no at heile prosjektet blir sendt ut på ei ny ørkenvandring og tilbake til start. Det skjer trass i at det er brukt mykje offentlege pengar til planlegging. På toppen av dette har Ringerike kommune investert tre milliardar i offentleg infrastruktur etter å ha fått beskjed om det frå Samferdselsdepartementet i 2015.
– Kor mykje er brukt til planlegging av prosjektet sidan 2013?
Statssekretær Vasara svarar på vegner av statsråden at det er brukt 1,45 milliardar til planlegging av Ringeriksbanen sidan 2013.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er uklart kor mykje Nye Veier AS har brukt etter at dei overtok fellesprosjektet, men det var løyvd 500 millionar til planlegging i 2022. Nye Veier har jobba vidare med det grunnlaget dei fekk frå Bane Nor, skriv Vasara i ein e-post.