«Det store togrøveriet» på Geilo stasjon. Her vart det ein liten luftetur for folk og banner.

La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar

Trafikken på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen vil gå opp frå 400.000 til 1,2 millionar reisande dersom togturen kjem ned på fire timar.

Den nye undersøkinga vart kjent under opninga av «Det store togrøveriet» frå Bergen til Oslo måndag morgon.

Her reiser næringsorganisasjonar, lokal- og fylkespolitikarar og representantar for blant anna Bane NOR og Vy til hovudstaden for å markere Bergensbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og meir konkret; kjempe for K5 Bergen-Voss (ny veg og bane mellom Bergen og Voss) og Ringeriksbanen.

Bernt Sverre Mehammer frå It's tomorrow presenterte undersøkinga om at trafikken på Bergensbanen blir tredobla ved fire timars reisetid.

Med buekorps i front på stasjonen vart det halde appellar før folk gjekk under fanen «Det store togrøveriet» og sette kursen mot Oslo.

Ringeriksbanen og K5

Det er byråa It’s tomorrow og Multiconsult som har gjort undersøkinga som syner at togtrafikken mellom endestasjonane Bergen – Oslo blir tredobla dersom det blir satsa slik at reisetida på tog kjem ned i fire timar. For å kome dit må det gjerast to store tiltak:

• Ringeriksbanen må byggast

• Fellesprosjektet K5 Bergen-Voss må gjennomførast

I tillegg må det gjerast nokre mindre tiltak mellom Voss og Hønefoss.

Les også
Reagerer sterkt: – Kan ikkje skjøne anna enn at Stortinget er ført bak lyset

Store konkurransefordelar

Med desse tiltaka på plass er reisetida nede mot fire timar. Ut frå denne situasjonen har dei to byråa intervjua reisande og gjort grundige undersøkingar om reiseval. Og konklusjonen er klar:

Analysen viser at toget vil ta ein marknadsandel på mellom 35 og 55 prosent. Talet på passasjerar mellom Oslo og Bergen vil auke frå 400.000 til 1,2 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Atle Kvamme frå Bergen næringsråd klar for å kjempe for Bergensbanen, det vil seie KG Bergen-Voss og Ringeriksbanen.

Rapporten trekkjer fram at tog har tre store konkurransefordelar. Stasjonane ligg midt i sentrum, altså er det enklare og billegare å koma seg til toget enn til flyet. Det er mindre ventetid og styr på stasjonar enn flyplassar.

Og til slutt: Komfortabel reise kan bli nytta til aktivitetar med høgare verdi enn tida med fly. Tidsverdien spelar ei viktig rolle når folk vel transportmåte.

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane

Undersøkinga har berre sett på trafikken mellom Oslo og Bergen. Den auka trafikken mellom dei to endestasjonane er ikkje sett på.

Stort potensiale

Det er sjølvsagt uvisse knytt til resultata i undersøkinga, men Bent Sverre Hammer i It’s tomorrow understrekar at intervallet mellom 35 og 55 prosent marknadsdel inneber at aktørar kan påverke dette i positiv lei.

Les også
Er opprørt: – Det er så ulogisk å splitte veg og jernbane

Togselskapa kan gjera mykje med å gjera det attraktivt å reise med tog. Reiselivsbransjen kan tilrettelegge mykje. Og til sist kan politikarane gjennom ulike grep gjera toget meir attraktivt enn fly, og slik påverke transport med mindre utslepp enn fly.

«Det store togrøveriet»

«Det store togrøveriet» mellom Bergen og Oslo er ei politisk markering for Bergensbanen, bygd på frustrasjon over at K5 Bergen-Voss ikkje har fått planleggingsmiddel for neste år i regjeringas forslag til statsbudsjett.

Samtidig er det ein protest mot regjeringas forslag om å splitte Ringeriksbane-prosjektet, altså splitte veg og bane. Bergen-Voss og Ringeriksbanen er nøkkelen for å få reisetida mellom våre to største byar ned slik at ein kan konkurrere med fly.

Les også
Kallar Nygårds forslag totalt uakseptabelt: – Han må stoppast

Utover måndagen blir det appellar og markeringar på Voss stasjon, Ål stasjon, Hønefoss stasjon og til slutt framfor Stortinget. Aksjonsgruppa skal til slutt møte politikarar på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det store togrøveriet» er inspirert av Hallingdølen si framside då forslaget til stasbudsjett vart lagt fram. Bergen næringsråd, Vossaløysinga og Forum Nye Bergensbanen ber T-skjorter med fyrstesida til Hallingdølen, og ein stor banner med den same sida skaper merksemd på stasjonane og etter kvart framfor Stortinget i ettermiddag.

Representantar frå buekorpset var på plass då toget til Oslo skulle gå måndag morgon.
Hilde Magnussen er dagleg leiar I Forum Nye Bergensbanen, og tok med seg banneret på Bergensbanen.
Ein kortare togtur vil lokke langt fleire til å ta tog, viser ei fersk undersøking. Dette biletet er frå stasjonen i Bergen måndag morgon.
Les også
Vil behalde fellesprosjektet: – Å splitte opp veg og bane, betyr at jernbanen ikkje blir bygd