Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) sporar av fullstendig når han stemplar Ringeriksbanen som eit Ringerike-tiltak.

At Nygård er kjemisk fri for visjonar, er tydeleg. Men kan Ap og Sp leva med å vera det?

Det er beklageleg å måtte skrive endå ein leiar om Ringeriksbanen, men det er dessverre nødvendig.

Dei siste vekene har me sett ein samferdselsminister ein må hale orda ut frå, og som endrar ordlegginga si i takt med manglande svar og dokumentasjon.

Då han i statsbudsjettet serverte nyheita om å stoppe fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 og overføre banedelen til Bane NOR, vart det nærmast framstilt som ei justering. Fordelane med fellesprosjekt var «mindre enn antatt» og ministeren ville samle jernbanekompetansen i Bane NOR.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men statsråden vart avslørt. Realiteten i forslaget er at vegen blir bygd, men banen skuva ut i mørket. Sannsynlegvis skrinlagt. Når Nygård har blitt utfordra til å dokumentere påstanden om at fordelane er mindre enn antatt, har han ingenting å kome med. Det siste er at prosjektet er så dyrt at Nygård ikkje kan «møte transportbehovet i Ringeriksregionen med fellesprosjektet FRE16».

Nygård prøver på denne måten å stemple prosjektet som eit Ringerike-tiltak. Dette er ei fullstendig avsporing. Faktum er at 87 prosent av nytteverdien for jernbanedelen er knytt til Bergensbanen, ikkje Ringerike. Anten har statsråden ikkje forstått kva Ringeriksporteføljen er, eller så er det bevisst feilinformasjon for å stoppe prosjektet.

Ringeriksbanen er eit nasjonalt prosjekt. Det er eit nødvendig grep for å få ned reisetida mellom våre to største byar og lyfte Bergensbanen inn i ei ny tid. Eit klimatiltak som kan flytte 800.000 reisande frå fly til tog.

Dette stemplar Nygård som eit «Ringerike-tiltak». Nygård grunngir vrakinga med den økonomiske situasjonen me er i med energikrise og krig i Ukraina.

At Nygård er kjemisk fri for visjonar, er tydeleg. Men kan Arbeiderpartiet og Senterpartiet leva med å vera det?

Ringeriksbanen og K5 Bergen-Voss vil koste til saman 60 milliardar. Ei utbygging over 10 år betyr 6 milliardar i året. Det er ein overkommeleg pris for ei klok og framtidsretta klimainvestering, med to ras- og trafikksikre vegar på kjøpet. For lokalsamfunna mellom Oslo og Bergen vil ein Bergensbanen 2.0 opne store moglegheiter for både busetting og arbeidsliv.

Alle forstår at prosjektet ikkje kan starte i 2023, slik den økonomiske situasjonen er. Men å nytte den akutte situasjonen me er i til å vrake planen om ei moderne jernbane- og klimasatsing, er panikkarta, korttenkt, oppsiktsvekkande og sjokkerande. Eit prosjekt det er brukt nærare to milliardar på å planlegge og som siste året er kutta med seks milliardar i optimalisering.

Regjeringa er kjent for reversering. Lensmannskontor, rettssenter, kommunar og fylke. At dei også reverserer heilt nødvendige klimasatsingar, er ikkje til å tru. Men det er nettopp det som er i ferd med å skje, dersom ikkje andre i Arbeiderpartiet og Senterpartiet - og SV i forhandlingane - greier å stoppe galskapen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar
Les også
Bane NOR-direktør bekymra for Ringeriksbanen: – Oppsplitting kan bety utsetting og nye kampar
Les også
Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet
Les også
Legg ikkje fram dokumentasjon, men seier Ringeriksbanen blir for dyr
Les også
– Det er ikkje realistisk å sjå for seg at Ringeriksbanen og E16 blir bygd ut samtidig
Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane