Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl fotografert i spørjetimen i Stortinget.

– Det er ikkje realistisk å sjå for seg at Ringeriksbanen og E16 blir bygd ut samtidig

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) blir stadig meir tydeleg på at Ringeriksporteføljen blir for dyr.

– Det er ikkje realistisk å sjå for seg at Ringeriksbanen og E16 blir bygd ut samtidig slik situasjonen er no, og slik me også trur den vil vere på sikt, sa statsråden i Stortingets spørjetime onsdag.

– Kostnadene for store

Det var Morten Wold (Frp) som ville ha svar på om statsråden hadde fått anbefaling frå Nye Veier om å bygge veg og bane kvar for seg i staden for fellesprosjekt. Spørsmålet var bygd på Hallingdølen sin artikkel om at Nye Veier har frårådd nettopp dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nye Veier er tydeleg på at oppsplitting ikkje er ei anbefaling dei ønsker innanfor rammene for fellesprosjektet, sa Nygård.

Les også
Legg ikkje fram dokumentasjon, men seier Ringeriksbanen blir for dyr

Resten av tida brukte statsråden til å forklare kvifor regjeringa likevel foreslår å avvikle Ringeriksbanen som fellesprosjekt.

– Krig, energikrise og store økonomiske utfordringar gjer at me har måtta utsette eller stanse fleire store samferdselsprosjekt, sa Nygård som la til at han forstår at mange er skuffa over det som skjer med Ringeriksbanen.

– Samtidig er det ikkje realistisk å sjå for seg at bane og veg kan byggast samtidig slik situasjonen er no, og slik me også trur den vil vere på sikt. Kostnadene er svært store og vil gjera det tilnærma umogeleg å finne midlar til andre samferdselsprosjekt, sa statsråden.

Det blir ikkje noko lyft for Bergensbanen, dersom samferdselsminister Jon-Ivar Nygård får gjennom forslaget sitt med å stanse fellesprosjektet Ringeriksporteføljen.

– Må tenkje nytt

Han viste til at Nye Veier har optimalisert fellesprosjektet og kutta opp mot seks milliardar. Det er også brukt nærare to milliardar til planlegging. Reguleringsplanen er godkjent og alt er klart for bygging. Likevel blir prosjektet for dyrt, ifølgje statsråden.

– Når den økonomiske situasjonen tvingar oss til å tenkje nytt, har me vore oppteken av å vurdere alternativ innanfor planarbeid som er gjort. Blant anna å bygge veg og bane kvar for seg, sa Nygård og synte til at vegen er meir samfunnsmessig lønsam enn jernbanen.

Les også
Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet

Han la ti at regjeringa vil framskunde arbeidet med ny Nasjonal Transportplan med eitt år, fordi det ikkje er realistisk å auke samferdselsbudsjettet med fleire milliardar årleg i tida framover.

– Forslaget om å stanse vidare planlegging av Ringeriksbanen/E16 som fellesprosjekt, er ikkje ei avgjerd teken på tvers av daglege anbefalingar. Tvert imot: når fellesprosjektet ikkje let seg gjennomføre, må me leite etter andre løysingar som er realistiske innanfor dei økonomiske utsiktene me ser framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No tek me eit steg tilbake slik at fagmiljøa får moglegheit til å greie ut bane og vegløysing kvar for seg, sa Nygård.

Stortingsrepresentant Morten Wold (Frp).

Heller til Østfold?

Morten Wold var ikkje fornøgd med måten Nygård har informert Stortinget i denne saka. Han presiserte at det er forskjell på å lyge og ikkje fortelje heile sanninga.

– Eg føler statsråden og departementet ikkje gir Stortinget riktig informasjon. Eg vil derfor spørje statsråden: Viss ein splittar opp prosjektet no, trur statsråden verkeleg at det nokon gong vil bli billegare om bane og veg skal byggast kvar for seg? Eller ligg hunden begravd akkurat der kor skrinlegginga kjem, fordi statsråden heller ønsker Inter City til Østfold framfor å bygge Ringeriksbanen?

Slik svara Nygård:

– Utfordringa me står i er ikkje noko anna enn at me ikkje ser grunnlag for å finansiere det store prosjektet. Det er eit enormt prosjekt, til nærare 37 milliardar. Det er ikkje handlingsrom i den nærmaste framtid for å auke samferdselsbudsjettet på ein slik måte at me får handlingsrom for prosjektet.

– I tillegg til at det sjølvsagt vil vere viktig korleis det vil påverke andre samferdselsprosjekt, sa Nygård.

Wold konstaterte at dette betyr skrinlegging av Ringeriksbanen, og at det einaste håpet no er at SV i budsjettforhandlingane kan stoppe det «meiningslause tilbaketoget og reverseringsprosjektet som denne statsråden sår for», slik Wold ordla seg.

Les også
Først vart han konstituert - no tek han over som leiar
Les også
Bil køyrde av vegen og inn i rundballar - sat fast over ein time
Les også
Ferrari-førar var for hard på gasspedalen - dømt til samfunnsstraff