Legg ikkje fram dokumentasjon, men seier Ringeriksbanen blir for dyr
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård seier at fellesprosjektet Ringeriksbane/E16 blir for dyrt.
Det er i det skriftleg svaret til Trond Helleland (H) statsråden slår dette fast. Svaret kom tysdag.
Helleland bad Nygård legge fram dokumentasjon som viser at fordelane ved fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 er mindre enn antatt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er dette samferdselsministeren har sagt før, fordelane er mindre enn antatt. Regjeringa ønsker i neste års budsjett å splitte fellesprosjektet og overføre jernbanen frå Nye Veier til Bane NOR.
Legg ikkje fram tal
Ministeren kjem ikkje med nokon dokumentasjon på at fordelane med fellesprosjektet er mindre enn antatt. Han brukar mykje av svaret til å referere bakgrunnen for at Ringeriksbanen/E16 vart organisert som ei fellesprosjekt i 2015. Dette skulle optimalisere løysingar og skape meir heilskapleg planlegging. Tanken var også at eitt stort inngrep i naturen var betre enn to. Ein hadde forventningar om at dette ville redusere investeringskostnadene og auke samfunnsnytta.
«Etter at Fellesprosjektet ble overført til Nye Veier AS (NVAS), har selskapet jobbet godt med å identifisere potensial for kostnadsreduksjoner både for vei og bane. Fremdeles er imidlertid kostnadsestimatet for Fellesprosjekt svært høyt», skriv Jon-Ivar Nygård.
– Er for dyrt
Det fører han fram til konklusjonen.
«Dagens økonomiske rammer gir ikke rom til en investering som vil beslaglegge en så stor andel av samferdselsbudsjettet i mange år fremover. Å møte transportbehovet i Ringeriksregionen med fellesprosjektet FRE16 er for dyrt», avsluttar Jon-Ivar Nygård.
I grunngjevinga omtalar han altså fellesprosjektet som eit tiltak for å møte transportbehovet i Ringeriksregionen. Han seier ingenting om at tiltaket er viktig for Bergensbanen.
Etter Nye Veier si optimalisering av prosjektet er kostnadene redusert med nærare 6 milliardar kroner. Samla utbygging er estimert til 36 milliardar.
– Oppsiktsvekkande
Trond Helleland (H) er ikkje fornøgd med svaret som kallar oppsiktsvekkande.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er kort, men han svarar ikkje på spørsmålet, seier Helleland.
Det er når det kjem til grunngjevinga for at prosjektet blir for dyrt, det blir ille, synest Høgre-politikaren.
– Her er svaret vanskeleg å ta seriøst. Statsråden har anten ikkje anerkjent behovet for å korte ned Bergensbanen eller betre vegsambandet aust vest. Eller han har misforstått heile prosjektet. Statsråden kan ikkje ha fått med seg at dette er eit like viktig prosjekt vestpå som austpå. I eit miljøperspektiv er Bergensbanen hovudpulsåra aust-vest. Når statsråden seier dette kun handlar om Ringeriksregionen, då blir eg oppgitt, seier Helleland.
Han kan ikkje skjøne at politikarar i Buskerud og Hordaland kan akseptere dette. Helleland gjer det ikkje.
– Eg vil følgje opp med nye spørsmål i spørjetimen i neste veke, seier Trond Helleland.