Erna Solberg til Hallingdølen: – Nygård har gitt mangelfulle opplysningar i Stortinget
Høgre vil behalde Ringeriksbanen i Nye Veier, og Erna Solberg er kritisk til samferdselsministeren si handtering av saka.
I Høgres alternative budsjett, som blir presentert over helga, ligg det 200 millionar kroner til vidare planlegging av K5 Bergen-Voss. Samtidig vil partiet behalde Ringeriksbanen i Nye Veier, og går imot regjeringas forslag om å bryte opp fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16.
– Me held fast ved strategien vår, og dermed full fart for å få planlagt å bygge Ringeriksbanen, seier Erna Solberg til Hallingdølen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan ikkje stoppe planlegginga
Heile budsjettforslaget kjem over helga, men Erna Solberg kommenterer gjerne det som ligg i samferdselssatsinga for Bergensbanen. K5 Bergen-Voss, som regjeringa ikkje har foreslått vidare planleggingsmidlar til, er med i Høgre-forslaget. Det handlar ifølge Erna Solberg om å sikre ein trafikksikker og god veg, der ein også får utbetra jernbanen.
– Sjølv om det er ein oppheita aktivitet i norsk økonomi, betyr ikkje det at me må stoppe planlegging. Når det blir mindre trykk i økonomien er det rom for å starte bygging, og då stoppar det opp viss det ikkje er planlagt, poengterer Solberg.
Ikkje pengar no
Det siste året i Solberg-regjeringas tid vart Ringeriksbanen overført til Nye Veier. Støre-regjeringa vil no splitte opp prosjektet fordi det ifølgje samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er for dyrt slik den økonomiske situasjonen er no.
Erna Solberg er imot dette, men foreslår heller ikkje nye løyvingar til Ringeriksbanen.
– Nye Veier må prioritere innanfor sine rammer. Dei har no optimalisert mykje, og me treng ikkje legge inn nye pengar akkurat no, seier Solberg.
– Når kan Ringeriksbanen byggast?
– Det er Nye Veier som bestemmer når det kan startast opp. Det har høg prioritet i Nye Veier, og eg oppfattar ikkje at det er nokon forandring i forhold til det som var estimata i Nasjonal transportplan, seier Solberg.
Fakta om Ringeriksbanen og E16
* 40 km ny jernbane frå Sandvika i Bærum til Hønefoss, inkludert 23 km tunnel gjennom Sollihøgda
* 25 km motorveg frå Skaret til Hønefoss
* Jernbanestasjon på Sundvollen
* Ombygging av Hønefoss stasjon
* Parallelt løp for jernbane og veg frå Vik i Hole til Hønefoss (tre kilometer)
* Vegbru og jernbanebru over Kroksund
* Vegkryss ved Elstangen (Hole), Styggdalen og Ve (Hønefoss)
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bu- og arbeidsmarknad
Den tidlegare statsministeren er klar på at både K5 og Ringeriksbanen handlar om Bergensbanen, men at prosjekta også har ulike funksjonar.
– Ringeriksbanen er kjempeviktig for Bergensbanen, men også kjempeviktig for den langsiktige utviklinga av området rundt Oslo. Det blir betre og kortare tid på banen, men utløyser også mange nye bu- og arbeidsmarknadsområde i Hønefoss-området som ligg tett til Oslo, understrekar Solberg.
– Er det realistisk å bygge både K5 og Ringeriksbanen?
– Ja, det er realistisk å bygge begge deler. Begge handlar om Bergensbanen, men dei har også to forskjellige føremål; trafikksikker veg Bergen-Voss og eit storregion-utviklingsprosjekt austpå. Ein må sjå dei i litt ulike perspektiv. Eg ser på Ringeriksbanen som ein fjerde arm på intercityen, seier Solberg
Dette skal ein oppnå med prosjektet
Ringeriksbanen
* Redusere reisetida mellom Bergen og Oslo med ca. ein time
* Redusere reisetida mellom Sandvika og Hønefoss til 20 minutt. Redusere reisetida mellom Oslo og Hønefoss til 35 minutt.
* Auka togtilbod – i første omgang:
– Avgangar annankvar time mellom Bergen og Oslo
– To avgangar i timen mellom Hønefoss og Oslo
Ny E16 fra Skaret til Hønefoss
* Færre stengingar og mindre kø
* Redusert køyretid
* Færre ulykker
– Mangelfulle opplysningar
Hallingdølen har tidlegare avslørt at faginstansen Nye Veier har frårådd oppsplittinga av Ringeriksbanen og at deling av veg og bane betyr at det samla sett blir dyrare. Dette har ikkje samferdselsminister Jon-Ivar Nygård sagt noko om i Stortinget. Han har også blitt pressa på uttalen om at prosjektet er mindre lønsamt enn antatt, noko han ikkje har kunna dokumentere. Forklaringa han står att med er at prosjektet er for dyrt slik den økonomiske situasjonen er.
Erna Solberg er ikkje fornøgd med Nygårds svar på spørsmål i Stortinget.
– Han har gjeve mykje mangelfulle opplysningar til Stortinget, seier Solberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ser litt på spørsmåla knytt til korleis regjeringa svarar i Stortinget, kor dei har ei opplysningsplikt. Me skal bruke litt lenger tid på å sjå om spørsmåla er stilt godt nok til at det er brot med normal kutyme. Ein statsråd skal jo opplyse og svare på spørsmål. Me opplever at denne regjeringa, ikkje berre Nygård, underslår opplysningar som Stortinget eigentleg bør ha. Det svekker truverdet i svara deira. Dette er ei sak me skal sjå nærare på.
– Svekker tilliten
Statsminister Jonas Gahr Støre var i 2017 klar på at byggestarten på Ringeriksbanen skulle vera 2021. Erna Solberg trur noko av grunnen til at det går så dårleg på meiningsmålingane for Ap og Sp, er dei mange sakene dei lovde før valet, og som dei ifølgje Erna Solberg no går tilbake på utan særleg god grunngjeving.
– Slikt svekker tilliten til politikarane. Eg brukar å seie at det er lurt å love litt mindre, så er det større sjanse for å greie oppfylle lovnadene, seier ho.
– Masud Gharahkhani garanterte før valet byggestart for Ringeriksbanen i 2022. Vil du garantere for Ringeriksbanen viss de vinn makta om tre år?
– Eg kan garantere at me vil følgje opp arbeidet med at Ringeriksbanen kan iverksettast, svarar Erna Solberg.