Dei nektar å la regjeringa nedprioriterer Bergensbanen. Politikarar og næringsaktørar frå Ringerike, Hallingdal og Vestlandet markerte sitt standpunkt framfor Stortinget for to veker sidan. No følgjer dei opp med ein digital undreskriftskampanje.

1700 har signert kampanje i løpet av tre dagar: – Saka betyr mykje for mange

Det blir kjempa på alle frontar for å redde Ringeriksbanen. Ein digital kampanje har samla 1700 underskrifter i løpet av tre døgn.

«150 år med planegging som har kostet staten milliarder av kroner. Nå kan prosjektet bli skrotet», heiter det i kampanjen «Bergen - Oslo på 4 timer».

Det er Ringeriksregionen, Regionrådet for Hallingdal, Indre Østfold regionråd, Ringerike næringsforening, Viken fylkeskommune, Universitetet i Sørøst-Norge, K5-alliansen og kommunane på Ringerike og Hallingdal som står bak aksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen er regjeringas forslag om å stanse og splitte fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16. Konsekvensen er at banedelen blir skuva ut i det blå; i verste fall skrinlagt.

Skjermbilete av den digitale kampanjen for å redde Ringeriksbanen.

– Betyr mykje for mange

Det er Terje Dahlen i Ringerike næringsforening som held i tråden. Etter at den digitale kampanjen var lansert, har 1700 personar signert oppropet.

– Det er me fornøgd med, seier Dahlen. Kampanjen blir distribuert på sosiale medium og ulike digitale kanalar.

Les også
Støre var også krystallklar: «Arbeiderpartiet vil starte byggingen senest 2021»
Les også
Hallingdølen avdekker: Forventningane til Ringeriksbanen ER innfridd

– Me gjer dette for å halde trykket på saka. Kampanjen viser at saka betyr mykje for mange, seier han.

Oppsplitting av Ringeriksbanen er eitt av tema i budsjettforhandlingane som no pågår mellom regjeringspartia og SV.

Frå fly til tog

Eitt av måla med aksjonen er å få fram at Ringeriksbanen ikkje berre handlar om ringeriksregionen, men heile Bergensbanen Oslo-Bergen. Med K5 Bergen-Voss, Ringeriksbanen og ein del mindre tiltak på banen, kjem reisetida Oslo-Bergen ned mot fire timar. Då kan tog konkurrere med fly.

Les også
– For dyrt, seier Nygård: – Nei, det er billegare enn før, seier Helleland
Les også
Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet
Les også
Erna Solberg til Hallingdølen: – Nygård har gitt mangelfulle opplysningar i Stortinget

Ein fersk rapport laga av It’s tomorrow og Multiconsult viser at opp mot 900.000 flypassasjerar vil velje tog i staden med ei slik reisetid.

Ståande att på perrongen

– Me treng all den hjelp me kan få for at politikarane skal ta ei god avgjerd, seier Terje Dahlen. Han er klar på konsekvensen av regjeringas forslag om å splitte opp Ringeriksbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr på godt norsk at Ringeriksbanen blir ståande igjen på den ubygde perrongen, seier han.

«Det er uforståelig at prosjektet nå for alle praktiske formål foreslås skrotet. Nye Veier har allerede fått bevilgningen de trenger for å fortsette planleggingen i 2023. Hvorfor stoppe nå», heiter det i kampanjen.

Les også
Vil vurdere regionalt brannsamarbeid: – Når det har vore så mykje utskifting, er det vanskeleg å ha stabile forhold
Les også
Stor politiaksjon etter melding om skyting
Les også
Her kan det kome ti nye bustadtomter: – Eit roleg nabolag med solrike tomter