Ni av dei ordførarane langs Bergensbanen som krev møte med Jonas Gahr Støre for å forklare konsekvensen av Ringeriksbane-forslaget i statsbudsjettet. Frå venstre Syver Leivestad (H), Hole, Siw Wikan, Bærum, Kirsten Orebråten (Ap), Ringerike, Jens Olav Holven, Ulvik, Hans-Erik Ringkjøb, Voss, Tore Haraldset (Bl) Nesbyen, Solveig Vestenfor (Ap), Ål, Merete Gandrud (Ap), Flå og Morten Lafton (Ap), Jevnaker. I tillegg støttar ordføraren i ..... kravet om møte.

Fryktar regjeringa ikkje forstår konsekvensane av oppsplitting - ber om hastemøte med Støre

14 ordførarar langs Bergensbanen krev hastemøte med statsministeren. Dei fryktar regjeringa ikkje forstår konsekvensane av sitt eige forslag i statsbudsjettet.

Det handlar om Bergensbanen og forslaget om å vrake fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16. Regjeringa vil splitte prosjektet og overføre jernbanedelen frå Nye Veier til Bane NOR.

Det kan høyrast tilforlateleg ut, men har dramatiske konsekvensar, meiner ordførarane. I praksis blir prosjektet skrinlagt, fryktar dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ut frå at heilt avgjerande problemstillingar i forhold til Bergensbanen si forkorting er uavklart eller ikkje godt nok opplyst, ber Forum Nye Bergensbanen om eit snarleg møte med statsminister Jonas Gahr Støre, skriv Voss-ordførar og leiar i forumet på vegner av dei 14 ordførarane.

Dei 14 kjem frå Bergen, Vaksdal, Voss, Ulvik, Aurland, Hol, Ål, Gol, Nesbyen, Flå, Ringerike, Hole, Jevnaker og Bærum. I tillegg er Viken og Vestland fylkeskommunar med.

Temaet om Ringeriksbanen er gjenstand for forhandlingane mellom regjeringa og SV som no er heilt i innspurten.

Les også
Avsløring: Nygård spurte og fekk svar - store ekstra kostnader ved å splitte veg og jernbane
Les også
Hallingdølen avdekker: Forventningane til Ringeriksbanen ER innfridd

– Når ikkje fram

Ringeriksbanen/E16 er ferdig utgreidd og klar for bygging. Å splitte opp prosjektet skaper uvisse. Ein ting er at det vil ta lang tid å få prosjektet opp att. Endå verre er det at det kan krevje nye reguleringsplanar viss ein skal fråvike planen for fellesprosjektet. Konsekvensen er at Ringeriksbanen blir skrinlagt, fryktar ordførarane.

– Slik Forum Nye Bergensbanen oppfattar det legg regjeringa til grunn at å splitte prosjektet har små konsekvensar. Vår vurdering er motsett. Det vil ha store konsekvensar og i realiteten føra til ei skrinlegging av Ringeriksbanen, skriv ordførarane i brevet.

Fakta om Ringeriksbanen og E16

* 40 km ny jernbane frå Sandvika i Bærum til Hønefoss, inkludert 23 km tunnel gjennom Sollihøgda

* 25 km motorveg frå Skaret til Hønefoss

* Jernbanestasjon på Sundvollen

* Ombygging av Hønefoss stasjon

* Parallelt løp for jernbane og veg frå Vik i Hole til Hønefoss (tre kilometer)

* Vegbru og jernbanebru over Kroksund

* Vegkryss ved Elstangen (Hole), Styggdalen og Ve (Hønefoss)

Jonas Gahr Støre uttalte seg om Ringeriksbanen i Hallingdølen denne veka. Det dei høyrde gjorde ordførar langs banen uroa.

Støre-intervju

Bekymringa kjem etter mange uklare uttaler frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og seinast intervjuet med Jonas Gahr Støre i Hallingdølen. Der seier Støre at planlegginga ikkje er bortkasta ved ei oppsplitting. På spørsmål om ei oppsplitting vil føre til nye reguleringsplanar, svarar Støre at det har han «ingen kommentar til».

– Me har eit positivt syn på Ringeriksbanen, og så har me sett han på vent som veldig mange andre prosjekt rundt i landet, uttalte Støre til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ordførarane konfronterte Støre om Ringeriksbanen: – Eg er ganske usikker; håpar han tek det med seg

– Store tekniske utfordringar

Ordførarane meiner ei oppsplitting av fellesprosjektet får langt meir dramatiske konsekvensar. Dei får til dels god støtte frå prosjektdirektør i Bane NOR, Hans-Egil Larsen. Han fryktar Ringeriksbanen blir skuva ut i det uvisse ved ei oppsplitting.

– Ei oppsplitting vil kunne føre til store tekniske utfordringar med fare for nye rundar med reguleringsplanar, seier Larsen. Han har tidlegare konkretisert utfordringa i eit intervju i Hallingdølen. Blant anna er det utfordrande grunnforhold som gjer at dersom ein fyrst bygger veg, kan det bli uråd å kome til i same området med bane seinare. Dermed risikerer ein utfordringar med mogeleg nye trasear og nye reguleringsplanar.

Hole-ordførar Syver Leivestad (H) åtvarar mot oppsplitting av Ringeriksbanen. Blir det to trasear gjennom Hole blir det folkeopprør, seier han.

– Katastrofalt

Ein annan som ropar varsku er ordførar i Hole kommune, Syver Leivestad (H). Han minner om at den statlege reguleringsplanen for fellesprosjektet resulterte i ein trase gjennom kommunen, ein kommune rik på både kulturminne og jordbruksareal. Det har alle partar akseptert. Blir det nye rundar med nye reguleringsplanar, blir det stopp i Hole.

– Med ei oppsplitting er nye trasear i spel. Det er katastrofalt for Hole kommune. Den statlege planen er eit gedigent kompromiss. Hole vil ikkje akseptere to trasear. Då blir det folkeopprør. Resultatet blir truleg at ein vel veg og skyt ei kvit pil etter Ringeriksbanen, seier Leivestad.

I så fall er løpet køyrd for visjonen om togtur Oslo-Bergen på ned mot fire timar. Eit klimatiltak som ifølge undersøkingar kan flytte 900.000 passasjerar over frå fly til tog.

I Ringerike kommune er ein også fortvila. Både fordi kommunen har investert 3 milliardar kroner for å tilrettelegge for veksten som kjem med banen. I tillegg bandlegg den vedtekne reguleringsplanen store område i lang tid framover. Men ny uvisse stoppar vidare byutvikling og investeringar.

Dette skal ein oppnå med prosjektet

Ringeriksbanen

* Redusere reisetida mellom Bergen og Oslo med ca. ein time

* Redusere reisetida mellom Sandvika og Hønefoss til 20 minutt. Redusere reisetida mellom Oslo og Hønefoss til 35 minutt.

* Auka togtilbod – i første omgang:

– Avgangar annankvar time mellom Bergen og Oslo

– To avgangar i timen mellom Hønefoss og Oslo

Ny E16 fra Skaret til Hønefoss

* Færre stengingar og mindre kø

* Redusert køyretid

* Færre ulykker

Ringeriksbanen er klar for bygging. No fryktar ordførarar langs Bergensbanen at prosjektet blir med draumen, viss regjeringa får gjennom oppsplitting av fellesprosjektet veg/bane.

– Alvoret må søkke inn

Det er dette dei 14 ordførarane vil forklare i klartekst til Jonas Gahr Støre. Ei oppsplitting av Ringeriksbanen kan ikkje foreinast med Støres uttale i Hallingdølen om at Ap «har eit positivt syn på Ringeriksbanen». Ei oppsplitting er «eit teknisk spørsmål i forhold til organisering av sektoren», uttalte Støre til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, det har mykje meir alvorlege konsekvensar, meiner ordførarane.

– Det alvoret må søkke inn. Dei må vera klar over kva dei no står i fare for å gjera, rett og slett, seier Hans-Erik Ringkjøb.

Les også
Erna Solberg til Hallingdølen: – Nygård har gitt mangelfulle opplysningar i Stortinget
Les også
– For dyrt, seier Nygård: – Nei, det er billegare enn før, seier Helleland
- Alvoret må søkke inn. Dei må vera klar over kva dei no står i fare for å gjera, seier Hans-Erik Ringkjøb som også er styreleiar i Forum Nye Bergensbanen.

– Meiner du dei gjer noko dei ikkje veit konsekvensen av?

– Ja, i forhold til det dei seier om at planane om Ringeriksbanen står fast, og at banen ikkje er ute av diskusjonen eller prioriteringane. Då har dei ikkje tatt inn over seg kva som skjer viss dei no held fast ved at dette skal splittast og tilbake til Bane NOR. Då rokkar ein ved heile plangrunnlaget som ligg der. Det treng me å fortelje dei ein gong til.

– Det er ikkje de som overspelar då?

– Nei, det meiner eg absolutt ikkje. Me veit kor lang tid det tok å få på plass ein reguleringsplan for prosjektet. Det er eit gedigent kompromiss. Å skulle begynne på det på nytt igjen, då veit me at det er så langt fram, at det er ikkje å overspela. Det er realiteten, seier Ringkjøb.

Bekymringa er også knytt til at regjeringa ikkje har lagt inn planleggingsmidlar til K5 Bergen-Voss.

Les også
La fram ny rapport under «Det store togrøveriet»: Trafikken kan tredoble seg med reisetid på fire timar
Les også
Nye Veier-kutt skal ikkje ramme Ringeriksbanen: – Derfor har me sett av 250 millionar til prosjektet
Les også
Støre var også krystallklar: «Arbeiderpartiet vil starte byggingen senest 2021»