N/A: Høgevarde med Gråfjell, Flå. Høgevarde og Gråfjell, hytteområde i Gulsvik, Flå.

Helseministeren: Forbyr folk å vere på hytta

Regjeringa har vedtatt ei ny forskrift som gjer at dei no kan forby folk å opphalde seg på hytta.

Det seier helseminister Bent Høie til NRK.

– Me tar ein sjekk med nokre utvalde hyttekommunar i kveld, og vil høyre med dei om dei opplever at folk har reist heim. Har dei ikkje det, kjem denne forskrifta til å tre i kraft. Då blir det forbode å opphalde seg på fritidseigedomar som ikkje ligg i den kommunen du bur i, seier Høie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye forskrifta vil bli vedtatt i statsråd i dag.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

I går kom statsminister Erna Solberg med nok ei oppmoding om at folk må reise heim frå hyttene sine. Ho truga med at det kan bli aktuelt å bruke Sivilforsvaret for å få folk ned frå fjellheimen.

– Det vil vere snakk om å bruke Sivilforsvaret til å søke opp hyttefolk og minne dei på oppmodinga frå helsemyndigheitene om å reise heim, sa Solberg.

Laurdag formiddag synte ferske tal at rundt 54.000 menneske var i Hallingdal. På kvelden var talet nede i 50.000, altså 4000 færre. Ved 10-tida sundag var talet 47.500.

Ein del har altså tatt dei sterke oppmodingane frå både nasjonalt og lokalt hald på alvor, og reist heim.

— Det er for mange. Fleire må reise heim, sa beredskapsrådgjevar i Ål og Hol, Espen Bille-Larsen, til Hallingdølen laurdag.

Ein av dei som hadde tatt oppmodinga på alvor var Johan Baklund, som Hallingdølen prata med laurdag formiddag. Då sat han i bilen på veg heim frå hytta, etter at det hadde gått opp for han at det ville vere heilt feil å belaste hyttekommunen sin no. Heile intervjuet med han kan du lese her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Erna Solberg: - Hytteeigarar, dra heim!
Les også
Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»
Les også
Seks nye koronatilfelle laurdag - no er 12 i Hallingdal bekrefta smitta
Les også
I heimekarantene? Dette kan du gjere