Statsminister Erna Solberg, her frå eit besøk på Defa i Nesbyen.

Erna Solberg: - Hytteeigarar, dra heim!

Statsminister Erna Solberg ber alle folk som har dratt på hytta å reise heim. Sivilforsvaret kan bli brukt for å få dette til.

Statsministeren kom med fleire drastiske tiltak i kampen mot koronaviruset på ein pressekonferanse laurdag kveld. Blant anna at alle flyplassar og hamnar bli stengt frå måndag klokka 08.00.

- Ber alle reise heim

Eit anna punkt handla om alle folk som har reist på hytta for å vera der under den spesielle situasjonen landet er i. Meldinga hennar var klar:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ber alle reise heim med ein gong, sa Erna Solberg og la til at regjeringa vurderer å bruke Sivilforsvaret til å hjelpe til med å få gjennomført dette.

Les også
Tre nye tilfelle av koronasmitte i Hol - fryktar klyngespreiing

Statsministeren fekk spørsmål korleis Sivilforsvaret skulle brukast.

– Det vil vere snakk om å bruke Sivilforsvaret til å søke opp hyttefolk og minne dei på oppmodinga frå helsemyndigheiten om å reise heim, svara Erna Solberg.

Får ikkje gjort jobben sin

Ho grunngav oppmodinga på denne måten:

– Dette er små kommunar som ikkje har kapasitet til å hjelpe meir enn sine eigne innbyggjarar. Dei som reiser på hyttene no gjer det vanskelegare for kommunane å vareta sine viktigaste oppgåver, seier Solberg.

Les også
Tusen færre i Hallingdal i dag samanlikna med fredag

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Ordførarane fortvila

Dei siste to dagane har dette vore eit heitt tema. Mange folk har reist på hytta i Hallingdal, noko som skaper stor bekymring lokalt. Ordførarane har så sterkt som råd oppmoda hyttefolk til å reise heim.

Valde å reise heim

Laurdag har ein god del følgd oppmodinga. Hallingdølen fortalde om Johan Baklund som har hytte på Bøgaset i Nesbyen. Han forklarte korleis det hadde gått opp forhan at det var feil å vera på hytta. I dag reiste han heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regionsrådsordførar Solveig Vestenfor er glad for at fleire høyrer på oppmodinga og reiser heim. Ferske tal syner at talet på folk i Hallingdal har gått ned ca. 4000 i løpet av dagen. Midt på dagen var det registrert 54.000 personar i dalen. Tal i kveld syner rundt 50.000.

Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator
Les også
Slik er det å vere i risikogruppa
Les også
Slik blir me påverka av koronaviruset
Les også
Det er ei underleg tid