- Folk i karantene skal ikkje gå i butikken, seier Erna Solberg.

Erna Solberg er klar: - Folk i karantene skal ikkje gå i butikken

På ein pressekonfernase fredag sa Folkehelseinstituttet at folk i karantene kunne gå i butikken viss dei held nødvendig avstand til andre. - Det skal dei ikkje, seier statsministeren.

Det var på ein pressekonferanse sundag kveld Erna Solberg kommenterte temaet folk i karantene og handling i butikk.

– Folk i karantene skal ikkje gå i butikken, sa Erna Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strømmen reagerte også

Også kommuneoverlege Geir Strømmen gjekk sundag ut og sa seg ueining med tidlegare uttale frå Folkehelseinstituttet om at folk i karantene kunne gå i butikken.

– I Hallingdal kan me ikkje ha det slik. Eg meiner det er heilt feil melding å sende ut, sa Strømmen til Hallingdølen.

Folkehelseinstituttet (FHI) meinte fredag at det er greitt å gå i butikken, så lenge ein held seg på god avstand frå andre menneske. Direktør i FHI, Camilla Stoltenberg sa følgande på ein pressekonferanse fredag:

– Det er ikkje gitt eit spesifikt råd om å ikkje gå i butikken. Eg vil anta at sidan det er så mange som er i heimekarantene, så er det butikkar som legg opp til system som gjer det mogleg å gå i butikken utan å ha kontakt med andre.

Dette går Strømmen sterkt irette.

– Det er avgjerande at dei som sit i karantene ikkje er i butikken, seier han.

– Det finst andre måtar å få handla på. Ein kan få hjelp av naboar, frivilligsentralen, Røde Kors. Det er mange som kan hjelpe.

Mange i karantene

Etter at regjeringa torsdag skjerpa tiltaka for å kjempe mot koronaviruset, har fleire tusen nye nordmenn vorte sette i heimekarantene, mellom dei alle som har vore i utlandet etter 27. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fakta om heimekarantene - dette kan du gjere:

* Alle som har opphalde seg utanfor Norden etter 27. februar, eller som har vore i nærkontakt med nokon som har påvist smitte, må vere i heimekarantene i 14 dagar.

* Familiar eller sambuande til folk i heimekarantene, er ikkje i karantene.

* Ein blir ikkje testa for covid-19-viruset sjølv om ein er i karantene, heller ikkje ved lette symptom på sjukdom.

* Brot på karanteneavgjerdene kan vere straffbart.

* Ved heimekarantene skal ein sørge for å ha minst mogleg kontakt med andre menneske:

– ikkje gå på jobb eller skule

– unngå offentleg transport

– unngå stader med andre menneske

– halde mest mogleg avstand til andre, minst éin meter

* Helsestyresmaktene ber folk i karantene halde seg heime og ikkje reise til hytta eller andre stader.

* Sjølv om ein er i karantene, kan ein gå i butikken, køyre bil eller gå tur.

(©NPK)

Men det har oppstått forvirring om kva reglane eigentleg inneber.

– Kvardagsreglane er at ein skal halde seg mest mogleg for seg sjølv. Ein skal ikkje gå på jobb eller skule. Ein skal unngå reiser og ikkje ta offentleg transport, ein skal unngå andre stader der ein lett kjem nær andre, og ein skal halde minst éin meters avstand, sa Stoltenberg.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Folkehelseinstituttet skil mellom karantene og isolat.

Isolat gjeld folk som er heime på grunn av mistenkt eller stadfesta smitte av covid-19-viruset. Isolat inneber mellom anna at ein ikkje kan gå ut.

Karantene gjeld for dei som ikkje har symptom på covid-19, men som har hatt nær kontakt med eit stadfesta tilfelle eller har vore i land utanfor Norden siste 14 dagar.

Les også
Råd fra legene: «Barn og ungdom kan ha en til to faste lekevenner»

– Hald avstand!

Stoltenberg slo fast at det er lov å køyre bil:

– Men ein må sørge for at det ikkje sit andre i bilen, eller at det er så store bilar at det er lang avstand til andre. Fordi når ein er inne over tid, bør ein ha endå meir avstand enn ein meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator

Reglane opnar òg for at ein kan gå ein tur med ein venn – så lenge ein held avstand til kvarandre og andre.

– Når ein går tur er det òg viktig at ein held den avstanden, men då vil det sannsynlegvis vere lettare å ha meir avstand, presiserte Stoltenberg.

Hensikta bak

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier det er viktig at folk forstår poenget bak dugnaden mot viruset.

– Det er å redusere risikoen for å overføre smitte frå eitt menneske til eit anna. Då er det viktig å unngå kontakt med kvarandre, seier han.

– Kvar gong ein tar på andre, utset ein seg for risiko for å bli smitta. Det er viktig at alle skjønner poenget.

Les også
– Det er heilt absurd

Ungdom som gjerne vil treffast og feste, får klar beskjed av helsedirektøren:

– Det er ikkje tilrådeleg, seier han.

Brot kan vere straffbart

Og karantenereglane er til for å følgjast:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når vi har fatta eit karantenevedtak, så kan det vere straffbart å gå på jobb. Vi ber innstendig om at karantenereglane blir følgde. Det er vedtak etter smittevernloven, seier helsedirektøren.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Det har komme meldingar om turistar og andre som gir blanke i karantenen. I dei tilfella viser Helsedirektoratet til lokale styresmakter.

– Gitt at ein får slik informasjon, så er det opp til lokale styresmakter å undersøkje om det er riktig å eventuelt treffe eit vedtak om at dei skal i karantene, seier Guldvog.

(NPK)

Ein person som er sett i heimekarantene har heimekontor på terrassen i Oslo på grunn av koronavirusutbrotet i Norge.
Les også
Slik blir me påverka av koronaviruset
Les også
Erna Solberg: - Hytteeigarar, dra heim!
Les også
Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»