«Drive thru»-koronatest ved Aker legevakt: Aker legevakt har satt opp en prøvetakingsstasjon der personer som mistenker at de er smittet av koronaviruset, kan komme med bil. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Seks nye koronatilfelle laurdag - no er 12 i Hallingdal bekrefta smitta

I løpet av laurdag har seks nye fått påvist koronaviruset. Totalt er det no 12 personar i Hallingdal som er smitta.

Dei nye tilfella laurdag fordeler seg på Hol og Nesbyen: Tre nye i kvar av kommunane.

Fem «hyttenesningar»

Fredag vart det gjort kjent at Nesbyen hadde fått sine to første tilfelle av koronasmitte. Begge var såkalla «hyttenesningar». I dag fekk kommuneoverlege Nils Høva beskjed om tre nye positive prøver, også dette folk som er på hytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prøvene deira er tatt i andre kommunar. Så har dei meir eller mindre frivillig blitt sendt på hytta, etter råd frå deira lokale helseteneste, seier Høva.

Sett i lys av dei sterke oppmodingane som har gått ut til hyttefolk dei siste dagane om å halde seg heime, frå både lokalt og nasjonalt hald, er det spesielt. Men Høva fortel at desse råda vart gitt for ei veke sidan. Då såg situasjonen heilt annleis ut enn den gjer no.

– Me er ikkje glad for dette, og me ønsker ikkje fleire slike tilfelle. Men dette ville ikkje skjedd i dag, seier Høva.

Han berømmer dei som no sit på hytta og er smitta for å ha gjort alt rett. Dei har halde seg heilt isolert frå andre menneske. No har Høva ein beskjed til andre hyttenesningar: Om nokon sit i fjellet og er sjuke, må helsetenesta i Nesbyen få beskjed med ein gong.

– Om me for eksempel blir nøydd til å sende ein ambulanse opp til dei, og me ikkje veit at dei har koronasmitte, så kan me bli nøydd til å bruke tre timar på å vaske ned ambulansen etterpå. Då er bilen vår ute av drift i mange timar. Folk må seie ifrå om dei er sjuke. Om dei ringer, er me ikkje uhyggelege, seier kommuneoverlegen.

«Klynge-spreiing»

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, bekreftar tre nye tilfelle av koronasmitte i Hol laurdag. Kommunen er no oppe i fem.

– Slik smittehistorikken er no, er me redde for «klyngespreiing». Ei lokal klynge i Hol, som fort kan bli til heile Hallingdal.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er dette helsemyndigheitene har snakka om og kalla «neste fase». Når viruset begynner å spreie seg i eigne klynger lokalt.

– Me mobiliserer og planlegg for mottak av eit større tal sjuke pasientar, seier Strømmen.

– Viktig å isolere folk

Når det gjeld dei fem tilfella i Hol, kjenner ein førebels ikkje til nokon klar samanheng mellom desse. Det blir no brukt store ressursar på å få smittevegane kartlagt og folk over i karantene.

– Det er framleis veldig viktig å isolere folk, seier Strømmen. Eit stort apparat er i sving i Hol og Ål. Smitteverngruppa, som i utgangspunktet talde fire personar, er betydeleg utvida.

Enno ventar kommunane svar på fleire prøver. Blant anna er det tatt prøve av ein tilsett i barnehagen på Sundre, slik Hallingdølen skreiv fredag.

12 smitta i Hallingdal

Laurdag ettermiddag ser smittesituasjonen i Hallingdal slik ut:

Flå: 0

Nesbyen: 5

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol: 1

Hemsedal: 1

Hol: 5

Ål: 0

I Nore og Uvdal er det heller ingen kjente tilfelle så langt.

Les også
Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»
Les også
– Koronaen kan ta knekken på meg økonomisk
Les også
Tusen færre i Hallingdal i dag samanlikna med fredag