Johan Baklund er hytteeigar på Bøgaset i Nesbyen.

Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»

Johan Baklund kom opp på hytta på Bøgaset i Nesbyen torsdag. I dag pakka han bilen og køyrde heim til Oslo.

– Me er fleire som reiser no. Hyttenaboen min reiste ein time før meg. Og eg har prata med fleire som hadde tenkt seg oppover i helga, men som likevel ikkje kjem, seier Baklund.

– Tenkte det var lurt

Dei siste dagane har det vore eit enormt fokus på hyttetrafikken. Kommunar og nasjonale helsemyndigheiter har gått ut og innstendig bedt folk om å ikkje reise på hytta midt i koronakaoset. Dei som alt er på plass på fjellet, har fått beskjed om å reise heim så fort som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johan Baklund og familien hans har hatt hytte på Bøgaset i Nesbyen i generasjonar. Den første gongen han var på hytta, var han to månader gammal. Han beskriv plassen som sin andre heim.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Han og familien hadde bestemt seg for lenge sidan at dei skulle på hytta denne helga. Då korona-kaoset begynte å ta av på torsdag, la han og kona ein plan.

– Me fann ut at om me skulle ha heimekontor og heimeundervisning for ungane, så kunne me like gjerne reise på hytta. Me tenkte at då er me langt frå folk, og me kunne bruke fritida på å vere ute på ski og den slags, fortel Baklund.

Les også
To hyttenesningar har testa positivt for korona

Torsdag sette han seg derfor i bilen og køyrde oppover, i første omgang aleine. Planen var at han skulle reise til Oslo att sundag, for så å ta med seg heile familien til fjells på måndag.

– Me tenkte at på hytta ville me ikkje vere i vegen for nokon. Me trudde det var veldig lurt. Me hadde ikkje tenkt over at om noko skulle skje så ville me belaste eit helsevesen som ikkje er dimensjonert for at me er her, seier han.

Tømte hytta

Baklund følgde nøye med på nyheitsbiletet fredag.

– Gjennom dagen gjekk det sakte opp for meg at det kanskje ikkje var så bra at eg var på hytta. Til slutt skjønte eg at det var jo heilt feil. Eg bestemte meg då for å køyre ned att allereie laurdag morgon, fortel Baklund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart at risikoen for spreiing av smitte aukar når det blir mange menneske samla. Om me reiser til fjells så tek me jo med oss eit meir uoversiktleg smittemiljø. Det hadde me ikkje tenkt på, seier han.

Hytteeigar Johan Baklund skreiv eit innlegg på Facebook som engasjerte mange fredag.

Fredag kveld kjente han eit behov for å forklare korleis han som hytteeigar hadde tenkt då han reiste frå Oslo til Nesbyen torsdag. Han skreiv derfor eit innlegg på Facebook, som vart hyppig delt på mange ulike sider. Hallingdølen har fått lov til å gi att innlegget, det kan du lese heilt nederst i saka.

Baklund brukte nokre timar på morgonkvisten laurdag på å tømme hytta, skru av alt og stenge ned. Han veit ikkje kor lenge det er til neste gong han kan reise opp att. Då Hallingdølen var i kontakt med han laurdag formiddag, hadde han nettopp passert Flå.

– Det er ei lojal handling å reise heim. Dette er jo likt for alle. Dette er som ein krig, berre utan blendingsgardiner. Det er snakk om rasjonering, folk bør ikkje møte kvarandre, ikkje snakke saman som vanleg. Ingen av oss har opplevd noko liknande før.

Les også
Ser bort frå retningslinjer - hyttefolket strøymer til fjells

Fredag kveld rasa debatten rundt hyttetrafikken.

– Korleis opplevde du som hyttehalling dette?

– I starten av ein slik debatt blir det ampert. Folk er jo redde. Dei tilreisande som føler seg støtt, er også redde. Men allereie no meiner eg debatten har fått ei annan tone. Kommentarfelta blir meir og meir balansert. Det har gått frå eit «hut-dykk-ut»-opplegg til å vere noko me står saman om. Alle i Norge får det betre framover om alle held seg der dei høyrer heime. Det begynner å gå opp for folk no, trur Baklund.

1000 færre

Litt før klokka 12.00 laurdag var det registrert cirka 54.000 mobiltelefonar i Hallingdal. Det er omtrent 1000 færre enn dagen før, så fleire har gjort som Baklund og reist heim. Men enno er det meir folk i dalen enn kva det er kapasitet til å handtere om situasjonen eskalerer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire må reise heim, sa beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen til Hallingdølen laurdag formiddag.

— I Hol kommune er det fleire personar i helsetenesta som er sett i karantene. Det illustrerer kor sårbar me er med tanke på å sikre nødvendig hjelp til alle, seier han.

Her er innlegget Johan Baklund la ut på Facebook fredag:

La oss vise hverandre tillit og respekt!

Jeg kom opp på fjellet torsdag formiddag denne uken og har fulgt med på nyhetene siden jeg kom inn døren. Jeg skulle jo ikke reist skulle det vise seg! Men tanken var god; kjøpe det jeg trenger hjemme, kjøre rett til døra og oppholde meg lengst mulig fra folk på hjemmekontor og tilgang til skiløyper og tilnærmet påskesol!

Nå drar vi hjem igjen i morgen! Jeg er ikke syk, er ikke i karantene, men jeg har ikke tenkt meg om og prøver som alle andre å venne meg til at nå er alt plutselig helt annerledes.

Beklager at vi kom! Vi tenkte kanskje bare at her er vi tryggere og kan være ute, lengre fra folk. Mindre fare for oss selv og alle andre.

Det er mange små selvfølgelige vaner som skal endres de neste månedene, som å stikke innom butikken, ta en kaffe med noen, eller reise på hytta når vi selv vil. Ingen av oss er vant til å tenke slik vi nå må, men vi vil alle sammen det beste og de kortslutningene som denne helgen ble synlige i kø på RV7 er ikke vondt ment eller egoistisk på bekostning av alle som bor her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har, og det var dumt og lite gjennomtenkt når det kom til stykket!

Nå reiser jeg hjem igjen og så håper jeg vi alle sees her oppe som venner en gang i sommer eller utover høsten, eller hva det nå rekker å bli før vi sammen har fått kontroll på dette med god hjelp fra de som på best mulig faglig og helhetlig grunnlag tar beslutninger på vegne av oss alle.

Jeg har aldri vært med på noe liknende selv, så respect!!!

Les også
– Koronaen kan ta knekken på meg økonomisk
Les også
Går mot permitteringsras i Hallingdal: - Har aldri opplevd maken
Les også
Slik er det å vere i risikogruppa
Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator