I tida framover vil det bli hyppigare kontroll på bandtvang for å beskytte dyr og fuglar.

Kan du reglane for bandtvang? Her får du full oversikt: – Det er no etter vinteren det røyner på kreftene for dei ville dyra

Utmarksoppsynet tek i bruk nye skilt for å minne folk på at det er bandtvang.

Tradisjonelt har utmarksoppsynet sett opp mellombels skilt for å informere om bandtvangen. Desse blir no erstatta med meir haldbare og permanente skilt.

Reglar for bandtvang i Hallingdal

Flå kommune:

Generell bandtvang fram til 30. september. I tillegg har kommunen bandtvang heile året følgjande stader:

– I tettstader og bustadområde

– Område regulert til offentlege formål og kyrkjegardar og tilrettelagt friluftsområde

I påskeferie, juleferie og vinterferie er det bandtvang i preparerte skiløyper.

Nesbyen Kommune:

Generell bandtvang fram til 30. september. Utover dette er det bandtvang heile året følgjande stader:

– I tettstader, bustadområde og område regulert til offentlege formål

– Kyrkjegardar og I tilrettelagt friluftsområde

I påskeferie, juleferie og vinterferie er det bandtvang i preparerte skiløyper.

Gol kommune:

Generell bandtvang fram til 30. september. I tillegg har kommunen bandtvang heile året følgjande stader:

– I tettstader, bustadområde og område regulert til offentlege formål

– Kyrkjegardar og tilrettelagt friluftsområde

I påskeferie, juleferie og vinterferie er det bandtvang i preparerte skiløyper.

Hemsedal kommune:

Generell bandtvang fram til 31. oktober. Utover dette er det bandtvang hele året følgande stader:

– I tettstader, bustadområde og område regulert til offentlege formål

– Kyrkjegardar og tilrettelagde friluftsområde

I skisesongen er det bandtvang i dalløypene og i skianlegga Totteskogen og Gravset. I preparerte skiløyper er det bandtvang i juleferien, vinterferien og påskeferien.

Ål kommune:

Generell bandtvang fram til 31. oktober. Utover dette er det bandtvang heile året følgjande stader:

– I tettstader, bustadområde og område regulert til offentlege formål.

- Tilrettelagt friluftsområde

Det er også bandtvang i preparerte skiløyper gjennom hele skisesongen og heile året i fylkesanlegget for skiskyting på Liatoppen.

Hol kommune:

Generell bandtvang fram til 31. oktober. Utover dette er det bandtvang heile året følgjande stader:

– I tettstader, bustadområde og område regulert til offentlege formål

– Kyrkjegardar og tilrettelagt friluftsområde

I påskeferie, juleferie og vinterferie er det bandtvang i preparerte skiløyper.

Kjelde: www.nkk.no/kart

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye skilta vil bli lettare å skjøne for turistar, med informasjon på fleire språk.

Dei nye skilta for bandtvang.

Varsla kontrollar

Ola Vaagan Slåtten i utmarksoppsynet på Ål seier dei kjem til å gjennomføre oppsyn dei neste månadane.

– I hekkesesongen er det ikkje godt nok å føre hunden i lang line. Hunden må vere i kort band, elles har ein ikkje kontroll på om dei trakkar i eit fuglereir.

Svært viktig

Slåtten understrekar kor viktig bandtvang er for å verne fuglar og dyr.

– Me veit det skjer at hund jagar sau, og då kan utfallet bli ille. Bandtvang er viktig i beitesesongen, men også no om våren. Det er no etter vinteren det røyner på kreftene for dei ville dyra. Rådyr er veldig utsette om ein hund går til angrep. Er snøforholda vanskelege, kan sjølv ein rev ta rådyr.