Bredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen (th) her saman med kommuneovetrlege i Ål og Hol, Geir Strømmen på eit informajsonsmlte tidlegare i veka.

Tusen færre i Hallingdal i dag samanlikna med fredag

Fersk måling syner at det er 54.000 personar i Hallingdal akkurat no.

— Det er ein nedgang på ca. tusen personar samanlikna med tal frå fredag kveld, opplyser beredskapsrådgjevar i Hol og Ål, Espen Bille-Larsen.

Alvorleg bekymra

Kommunane i Hallingdal er alvorleg bekymra for dei mange tilreisande i regionen midt i kampen mot koronaviruset. Torsdag og fredag gjekk kommunane, med støtte frå nasjonale helsemyndigheiter, ut og bad folk ikkje reise på hytta. Dette fordi kommunane ikkje har helsemessig beredskapskapasitet til å handtere så mykje folk. Hyttefolk som er i Hallingdal blir innstendig bedne om å reise heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ser bort frå retningslinjer - hyttefolket strøymer til fjells

Har stoppa opp

Litt før klokka 12 laurdag var det registrert 54.000 personar i Hallingdal, ned ca. tusen frå i går. Det faste innbyggjartalet er ca. 20.000.

— Det ser ut til at tilstrøyminga til Hallingdal har stoppa opp, og at nokon har begynt å reise heim. Men nedgangen er marginal, seier Espen Bille-Larsen.

Helsepersonell i karantene

Han er tydeleg på at 54.000 personar i Hallingdal er for mykje, slik situasjonen er no.

— Det er for mange. Fleire må reise heim, er den klare meldinga frå Bille-Larsen.

Kommunane har store utfordringar med den helsemessige beredskapen. No handlar det om å ta vare på folk, og ikkje minst skjerme helsepersonell.

Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator

— I Hol kommune er det fleire personar i helsetenesta som er sett i karantene. Det illustrerer kor sårbar me er med tanke på å sikre nødvendig hjelp til alle, seier Espen Bille-Larsen.

Det er i denne samanhengen det er viktig at hyttefolk og andre som besøkjer Hallingdal dreg heim til sine heimkommunar, som er har ein beredskap dimensjonert opp mot folketalet.

Her er tala

Folketalsteljinga laurdag syner denne fordelinga mellom kommunane: (for korrekt tal skal det leggast til seks prosent)

Artikkelen held fram under annonsen.

Hol: 13.271

Ål: 8970

Hemsedal: 7641

Gol: 9388

Nesbyen: 7587

Flå: 4157

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Færre på vegen fredag

Tendensen med at antal personar i Hallingdal går ned, blir understøtta av trafikkteljing i Flå fredag kveld. Samanlikna med fredagen før var trafikken meir enn halvert. Han var nærare ein tredel av ein normal fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikktal tidlegare i veka synte ingen nedgang. Teljing via mobiltelefon synte at folketalet voks frå ca. 45.000 tysdag til 55.000 fredag.

Les også
Korona – i hytte og pine!