Daglegvarebutikkane i Hallingdal har hatt stor trafikk siste dagane. I Spar-butikken i Nesbyen var det også merkbart mindre av enkelte varer.

Ser bort frå retningslinjer - hyttefolket strøymer til fjells

Kommunane i Hallingdal ber hyttegjester droppe helgeturen og reise heim. Men offisielle tal viser at folketalet auka frå markert onsdag til fredag. No ber kommunane fylkesmannen om hjelp.

Mange hytteeigarar har rett og slett vald å oversjå meldingane som har kome frå kommunane siste dagane. Hallingdølen prøvde å få fleire hytteeigarar i tale ved handlevogna i matkøen i butikkar i Nesbyen fredag. Ingen ville stille opp i eit intervju. Alle svara svært unnvikande på spørsmål om kvifor dei ikkje retta seg etter pålegga frå kommunane.

Teljingar fredag syner at mange reiser til Hallingdal i helga trass i at dei blir bedne om å la vere.

Folketalet aukar

No viser også ferske tal frå det interkommunale varslingssystemet at folketalet har auka jamt og trutt siste tre dagane. Systemet registrerer heile tida kor mange mobiltelefonar det er innanfor regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag føremiddag viste tala 53.120 mobiltelefonar. Det var ein liten auke frå torsdag då det vart målt 53.074. Onsdag vart talet 48.130 mobiltelefonar.

Tala viser at Hemsedal har hatt ein liten nedgang siste døgnet. Men i Hol har det auka dag for dag. Fredag føremiddag var talet 13.657. Det er tre gonger så høgt som normalt innbyggartal.

Til samanlikning vart det i veke 10 i 2019 målt i snitt 45.500 mobiltelefonar i Hallingdal.

Mobiltelefonar i Hallingdal fredag

Kommune for kommune klokka 11.30 fredag vart talet på mobiltelefonar målt:

Hol: 13.657

Ål: 9301

Gol: 10.071

Hemsedal: 8776

Nesbyen: 7407

Flå: 3906

– Vår klare oppmoding til hyttefolk, er at dei reiser heim. Viss ikkje trykket går ned, kan me få ein svært alvorleg situasjon. Me må skjerme våre tilsette i helsesektoren, seier beredskapsrådgjevar i Ål og Hol, Espen Bille-Larsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Stor trafikk

Tala svarar også godt med den merkbare trafikkauken på Rv7 torsdag ettermiddag og kveld. For trass åtvaringar frå styresmaktene og klare meldingar frå kommunane, reiser folk til fjells. Daglegvarebutikkar i heile Hallingdal har også hatt stor trafikk med tomme butikkhyller som resultat. I Nesbyen var hyllene med særleg mjøl, hermetikk, tørrgjær og toalettpapir begynt å gå tomme.

Toalettpapiret forsvinn frå hyllene i Coop-butikken i Nesbyen. Butikksjef Bård Ragnar Lian seier folk kan vere trygge på at det er nok varer i norske butikkar.

– Folk hamstrar. Dessverre, seier butikksjef på Coop Extra, Bård Ragnar Lian.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag var handelen stor med tilreisande, og Lian og dei andre tilsette arbeidde på høggir med å fylle hyllene. Folk har handla varer frå 7000-8000 kroner.

– Dette har me ingen kontroll på. Men problema kjem når folk hamstrar. Det er ingen problem med varer i Norge. Det har alle butikkjedene gått ut med i ei felles pressemelding, seier Lian.

Fleire butikkar merkar pågang for å kjøpe mjøl. Her er hyllene i ferd med å bli tømt.

Påsketrafikk

Ordførarane i Hallingdal frontar kampen mot korona med å be hytteeigarane reise heim. I eit lesarbrev i Hallingdølen er dei uvanleg klare. Fredag ettermiddag følger Ål-ordførar Solveig Vestenfor opp:

- Mi og dei andre ordførarane si største bekymring er at me har ein situasjon som liknar påsketrafikk. Hyttehallingane har på ingen måte teke alvoret innover seg. Det dei gjer no er til fare for helsa for oss alle, også deira eigen.

Og etter nye smittetilfelle fredag, er situasjonen rekna som så alvorleg at hallingdalskommunane har bede Fylkesmannen i Oslo og Viken om hjelp til å nå ut til hytteeigarane.

– Me har no fått melding om at fylkesmannen har kontakta Direktorat for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Direktoratet skal ta dette vidare med Helsedirektoratet, seier Bille-Larsen.

Heimekontor i fjellet

Kommunane fryktar storinnrykk i helga. Med stengde skular og barnehagar ser mange for seg rolege dagar med heimekontor i fjellet. Og Hallingdølen er kjend med at salet av PC-skjermar har auka hjå elektronikkforhandlarar.

Espen Bille-Larsen kallar det uansvarleg å reise på hytte og ikkje rette seg etter krava frå kommunane. Og dette gjeld iallfall dei som sit i karantene. Hallingdølen har fått fleire meldingar frå oppørte personar som har høyrt hytteeigarar på veg til fjells fortelje at dei er i karantene. Bille-Larsen er svært kritisk til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I verste fall utset dei andre menneske for smitte, seier Bille-Larsen, og meiner det bør vurderast sanksjonar mot dei som ikkje følger krava.