Ordførarane i Hallingdal: F.v. Tore Haraldset, Nesbyen (Bygdelista), regionrådsvarordførar Pål T. Rørby (Sp), Hemsedal, Heidi Granli, Gol (Ap), regionrådsordførar Solveig Vestenfor, Ål (Ap), Petter Rukke (Ap), Hol, Merete H.Gandrud (Ap) Flå.

«Me ber alle om å ta ansvar i den situasjonen me no er i»

Ordførarane i Hallingdal manar i dette innlegget oss alle til å gjera vårt i kampen mot koronaviruset:

Av ordførarkollegiet i Hallingdal: Petter Rukke, Hol, Solveig Vestenfor, Ål, Heidi Granli, Gol, Pål T. Rørby, Hemsedal, Tore Haraldset, Nesbyen, Merete H. Gandrud, Flå

«Me ber alle om å ta ansvar i den situasjonen me no er i. For å begrense smitta er det viktig å vera tidleg ute. Det er inngripende tiltak som er sett i verk, og for at desse skal fungere, må alle vera lojale og følgje opp. Ta difor lokale og nasjonale råd på høgste alvor. Smitteførebygging er vår fremste prioritet. Kvart einaste bidrag vil vera viktig for korleis situasjonen utviklar seg. No skal me ta vare på kvarandre ved å ta fysisk avstand frå kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som reiselivskommunar er Hallingdal i ei særstilling. Me veit at folketalet blir mangedobla i helger der mange er på hytta. No er me i ein unntakstilstand, og me ber våre kjære hyttehallingar om å bli heime eller reise heim om dei allereie er i Hallingdal! Helsevesenet vårt er ikkje dimensjonert for å ta vare på fleire enn våre 21.000 fastbuande. Me må sørgje for at me klarer å takle den ekstraordinære situasjonen. Om denne oppfordringa ikkje blir tatt alvorleg, gjer det situasjonen meir usikker for både fastbuande og tilreisande, dersom mange blir alvorleg sjuke av korona.

Og til hamstringa som breier om seg: Lev som normalt, og hugs at det finst nok matvarer om folk handlar som elles. Ver klok og vis solidaritet slik at alle får handla det dei treng.

Dagane framover vil krevja mykje av oss. Ta vare!»

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.