Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor.

Mistanke om koronasmitte ved Ål legekontor

Det er sendt inn fleire prøver for å avklare ein mogleg smittesituasjon ved Ål legevakt og legekontor.

Samtidig ventar ein framleis på prøvesvar for den tilsette ved Sundre barnehage.

– Prøvane er sendt, me ventar på avklaring. Fram til svaret kjem, opererer me som at me har ein situasjon med smitte, seier ordførar Solveig Vestenfor til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom ein no har ein smittesituasjon ved legetenesta, kva blir konsekvensen?

– Då må ein jobbe frå karantene. Mange kan gjere det, og jobbe via telefon, seier Vestenfor. Ho fortel at kommunen dessutan har ressursar som jobbar på andre felt. Desse kan bli flytta på. Dei har også tilleggspersonale.

– Me har god kontroll, seier ho.

Les også
Seks nye koronatilfelle laurdag - no er 12 i Hallingdal bekrefta smitta

– Er det eit «worst case-scenario» å få smitte i helsetenesta?

– Me treng alt helsepersonell me har, og me treng at folk held seg friske. Men om større avdelingar hamnar i karantene, uansett om det er legevakt eller barnehage, så får det store konsekvensar. Snart står me i ein situasjon der me er råka innan mange næringar, seier ho.

Fleire tiltak

I og med at situasjonen i helsetenesta i Ål er uavklart, innfører kommunen no fleire tiltak.

Alle helseinstitusjonar blir stengt frå og med i dag. Pårørande kan ta kontakt med avdelinga om dei har heilt spesielle grunnar til å kome på besøk.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle dei som har planlagde timar eller avtalar ved legetenesta på Ål dei neste dagane, skal ikkje møte opp til time.

Les også
Det er ei underleg tid

Dei som blir sjuke, må ringe legekontoret der dei har fastlege, melder kommunen. Spørsmål rundt koronaviruset skal gå til eiget legekontor, eller til koronatelefonen som blir operativ frå og med i morgon.

Vestenfor har ei viktig melding til alle innbyggarar:

– Folk blir framleis sjuke av andre ting enn korona. Ein må ikkje vere redd for å ta kontakt med legekontoret. Det er folk nøydd til å gjere om dei føler seg dårleg.

Rosar dei tilsette

Situasjonen i Ål er førebles uavklart. Ordføraren er full av lovord om dei tilsette.

– Dei ser kva som bør gjerast, og ligg eit steg i forkant. Det er tatt atterhald om alt. Eg er heilt trygg på at ting blir godt varetatt, seier ho.

Ordføraren poengterer at det er viktig at folk held seg heime, og at dei held avstand til andre menneske.

– Og så må folk halde roa. Ikkje vere redde. Me må alle ta eit ansvar. Jo flinkare me er til å halde avstand no, jo lettare kjem me oss gjennom dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Helseministeren: Forbyr folk å vere på hytta
Les også
I heimekarantene? Dette kan du gjere
Les også
– Det er heilt absurd