Solveig Vestenfor (Ap) er ordførar i Regionrådet for Hallingdal.

Det er ei underleg tid

Av ordførarkollegiet i Hallingdal

Familiar og einslege skal i tida framover leva i ein annleis tilstand, tett på nokon og langt unna andre. Sjansen for at dagane framover vil gjera barn, ungdom og vaksne utolmodige, rastlause, einsame, irritable, bekymra, frustrerte og fortvila, er stor. Difor: Ver raus og vis forståing. Denne underlege tida krev at me er kloke. Klokare enn elles.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lett å skjøne kvifor mange tenkte at hytta var staden å vera i denne unntakstilstanden. Færre folk, frisk luft, meiningsfull fritid. Men Hallingdal er ikkje staden å vera for andre enn fastbuande i denne underlege tida. Difor sender me vår varmaste takk til alle dykk som vart heime og som har reist heim. Men endå fleire hyttehallingar må reise. Fordi det handlar om beredskap, tryggleik, liv og død - for deg og meg.

Og til alle sambygdingar: Dette handlar ikkje om dei og oss. Om byfolk og bygdisar. Tida er inne for å stå saman, ikkje bygge murar. Dette handlar om det store OSS.

No blir historia skriven - om oss. I vår tid. Me kan ikkje stoppe tsunamien, men me kan framleis hjelpe folk bort frå stranda - kvar og ein av oss kan redde liv! Vask hendene. Hald deg heime. Del på godene. Del på byrdene. Eit varmt lukke til i tida som kjem.