Sundre barnehage

Mistanke om koronasmitte i barnehage

Alle barn og tilsette ved Sundre barnehage er sett i karantene.

Årsaka er mistanke om koronasmitte for ein av dei tilsette i barnehagen.

– Karantene gjeld inntil mistanken er avklart, seier ordførar Solveig Vestenfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Karantenereglane gjeld for dei som jobbar i barnehagen til vanleg. Dei gjeld ikkje pårørande, foreldre og søsken. Me oppmodar likevel at dei tek atterhald, og er på vakt, seier ho.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Prøven av den tilsette blir tatt i dag. Det er usikkert når svaret kjem.

– Alle tilsette er no varsla, det er også gått ut melding til alle foreldre, fortel ordføraren.

Det er så langt ikkje påvist positive prøver for korona i Ål. Så langt er det registrert fem tilfelle i Hallingdal, eitt i Nesbyen, eitt i Gol, eitt i Hemsedal og to i Hol.

Les også
«Det var éin ting me ikkje skulle gjere: Å hamstre. Kva gjorde me? Me hamstra».
Les også
Til ungdommen: - Dropp festar og sosiale treff
Les også
Alle hotell, skianlegg og serveringsstader stengt også i Hol