For å avlaste trykket på legevakt, og gi folk god informajson, startar kommunane eigen koronatelefon. Nummeret er 32 08 50 50.

Frå i dag kan folk ringe eigen koronatelefon i Hallingdal

Hallingdal opprettar eigen telefonlinje der folk kan få svar på spørsmål rundt mogeleg smitte, karantene og testing.

Telefonnummeret er 32 08 50 50.

Koronatelefonen er eit tiltak retta mot og forbeholdt innbyggjarane i kommunane i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avlaste legevakta

– Me opprettar telefonen for å avlaste legevakta og for å gi god informasjon, fortel Ål-ordførar Solveig Vestenfor til Hallingdølen. Legevakt og legekontor har utfordringar både på grunn av påtrykk frå folk og fordi kontora lett er utsett for koronasmitte.

Les også
Alarmen har gått i Hol: - Eit stort tal er koronasmitta

– Folk har mange spørsmål, samtidig som me ikkje vil at folk troppar opp på legekontoret. Med koronatelefonen vil folk få svar via telefonen.

Koronatelefonen gjeld heile Hallingdal, og er ei utviding av den interkommunale legevakta.

Lokalt og nasjonal nummer

Telefonen er bemanna med helsepersonell, og open måndag til fredag mellom kl. 09:00 og 15:00, og er i drift frå tysdag kl. 09:00.

Les også
Hallingdal sjukestugu er gått i gul beredskap

Dette kjem i tillegg til den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015 som er open frå klokka 08:00-18:00 på kvardagar og 10:00-16.00 i helgar.

Retningslinjer for testing

I ei pressemelding frå kommunane i Hallingdal blir det og poengtert at retningslinjene for testing blir endra kontinuerleg, men det er ikkje kapasitet til å teste alle som ønsker det.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

– Kun dei med symptom på luftvegsinfeksjonar som må leggast inn i sjukehus og ved symptom hjå særleg sårbare pasientar, pasientar på institusjon og helsepersonell skal testast, blir det poengtert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ber dei med milde luftvegssymptom om å halde seg heime og unngå kontakt med andre. Ring legevakt på 116117 dersom du har alvorlege symptom og treng helsehjelp, var meldinga som vart sendt ut måndag

Sjuk av andre årsaker

Kommunane vil samtidig oppmode innbyggjarar som har smerter eller føler seg alvorleg sjuke, men ikkje har korona-symptom til å ta kontakt med helsepersonell og legevakt. Folk blir sjuke av andre ting enn covid-19, og det er viktig at desse kjem fram i telefonkøen.

Les også
Gladmelding for dei 77 familiane: Den tilsette var ikkje koronasmitta

– For spørsmål ved milde korona-symptom skal ein bruke den nyetablerte telefonen 32 08 50 50 eller ringe via legekontornummeret.

Chattekanal

Kommunane jobbar også med å få på plass ein chat-funksjon frå tysdag på heimesidene til kvar enkelt kommune. Dette gjer at ein også skriftleg kan kome i kontakt med helsepersonell.

Les også
Erna Solberg er klar: - Folk i karantene skal ikkje gå i butikken
Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator
Les også
– Kor kom smitta frå? Kven har me smitta?