Korona: Hallingdal sjukehus har no gul beredskap.

Hallingdal sjukestugu er gått i gul beredskap

Drifta av Hallingdal sjukestugu går tilnærma som normalt. Enn så lenge. Men alle institusjonane i Vestre Viken HF er gått i gul beredskap. Det gjeld også sjukestugu.

Korona-pandemien har ikkje nådd Hallingdal sjukestugu. Så langt har ein ikkje måtta ta hand om koronasmitta pasientar. Det aller meste av drifta går som normalt. Det gjeld alle sengepostane og dialysen. Men deler av den polikliniske aktiviteten er tatt ned.

- Me har avlyst ein del polikliniske avtaler, men ikkje alle. I dei tilfella avtalene er avlyst, får pasientane beskjed via sms. Dei som ikkje høyrer noko, møter opp til oppsett timeavtale, seier Ingeborg Rinnaas som er avdelingsleiar ved Hallingdal sjukestugu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Legane si innstendige bøn: - Ikkje møt opp på legekontoret!

Rinnaas vil ikkje spekulere i om også sjukestugu vil måtta ta hand om koronapasientar.

- Slike ting kan eg ikkje uttale meg om. Dette må leiinga i Vestre Viken svare på. Det er dessutan uråd å spå om framtida. Ting skjer fort. Men enn så lenge har det ikkje vore aktuelt, understrekar Rinnaas som legg til at Hallingdal sjukestugu, til liks med dei andre institusjonane i Vestre Viken, no er sett i gul beredskap.

Utfordrar helseføretaket

- Korona-pandemien utfordrar helseføretaket på ei rekke område. Det seier direktør for administrasjon og samfunnskontakt i Vestre Viken HF, Finn Egil Holm.

Vestre Viken HF gjekk før helga i gul beredskap. Det betyr at føretaket førebur seg på tilstrøyming av koronapasientar.

Prioriterer øyeblikkeleg hjelp

Frå og med i dag, måndag, vil deler av den planlagde aktiviteten ved sjukehusa bli redusert. Sjukehusa vil prioritere øyeblikkeleg hjelp og dei sjukaste pasientane. Dette inneber at ein må utsette avtaler som kan vente.

Les også
77 familiar sett i karantene: - Synest ikkje me har noko val

- Alle pasientar kan vere trygge på at operasjonar ikkje blir utsett utan at det er gjort ei grundig medisinfagleg individuell vurdering, understrekar Holm. Dei som blir ramma av dette, vil bli kontakta av sjukehuset. - Gjeld det deg, blir du kontakta, Ikkje ring oss, oppmodar Holm.

Ekstraordinære tiltak

Holm legg til at det vil bli behov for fleire ekstraordinære tiltak framover. Dette blir no tatt opp med dei tillitsvalde.

- Tiltaka vil gå på arbeidstidsrammer og omlegging av arbeidsplanar, herunder bruk av12 timars vakter og meir helgearbeid. Omdisponering av tilsette, rekruttering av ekstrapersonell, utsetting av ferie, avspasering og permisjonar kan også bli aktuelt, opplyser Holm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Besøksrestriksjonar

Vestre Viken har også innført besøksrestriksjonar ved alle institusjonane. Det gjeld også Hallingdal sjukestugu. Det inneber at alle inngangane er stengde. Gjester må gjere avtale med helsepersonellet før dei slepp inn.

Les også
Kontramelding: Kommunane utset oppretting av koronatelefon

- Generelt tillèt me besøk av foreldre til barn som er innlagt på sjukehusa. Det same gjeld barnefar på barseleiningar. Pasientar som treng følgjeperson kan også ha med seg det. Alt anna besøk er i utgangspunktet ikkje tillate, opplyser Holm.

Oppdaterte tal

Dei siste tala frå Vestre Viken HF syner at 13 pasientar er innlagt med koronasmitte. Tre er innlagt ved Drammen sjukehus medan ti er innlagt ved Bærum sjukehus.

Fire tilsette ved Vestre Viken HF har fått påvist koronasmitte, medan 453 av helseføretakets tilsette er sett i karantene. Ifylgje Holm vil tala bli oppdatert dagleg klokka 14.00. Tala vil bli lagt ut på helseføretakets nettside.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator
Les også
– Kor kom smitta frå? Kven har me smitta?
Les også
Erna Solberg er klar: - Folk i karantene skal ikkje gå i butikken