Dette biletet er tatt på Ål måndag. Lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto testar potensielle koronasmitta.

Alarmen har gått i Hol: - Eit stort tal er koronasmitta

Måndag ettermiddag gjekk det ut melding til alle innbyggarane i Hol: Det er påvist eit stort tal smitta i kommunen.

Hol har alt hatt fleire smittetilfelle. I førre veke vart det først registert to, før det kom tre nye på laurdag. Då melde kommuneoverlege Geir Strømmen at han frykta ei «klynge-spreiing».

I dag melder kommunen om «eit stort tal smitta». Det har kome tre positive prøvesvar i dag, men langt fleire prøver er sendt inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me forheld oss til at mange har symptom. Ut frå historikken så reknar me med det kjem fleire positive svar. Det er ikkje ein gong sikkert me får svar på alle, testkapasiteten er avgrensa. Me handterer dette uansett som ei klynge, seier Strømmen.

Ein stor del prøver er knytt til Høgehaug bo- og behandlingssenter. Heile senteret er no sett i karantene.

Det er sendt ut ei oppmoding om at folk må bidra til å hindre spreiing så godt dei kan. Det blir no innført karantene for

* Alle med påvist koronasmitte

* Alle som mistenker at dei er smitta

* Alle som har hatt nær kontakt med personar som er smitta eller mistenkt smitta

* Alle som har vore i utlandet

Alle blir også minna om å følge dei generelle råda som er gitt, som gjeld god handhygiene, unngå fysisk nærleik og halde god avstand til kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Gladmelding for dei 77 familiane: Den tilsette var ikkje koronasmitta
Les også
Hallingdal sjukestugu er gått i gul beredskap
Les også
Varsla politiet om festglad ungdom i Ål