Hallingdølen var innom med matforsyning til familien Bøkko: Sette tre handleposar på trappa og rygga fem meter unna. Familien sit i isolat på grunn av koronasmitte. Eirik Bøkko er over det verste, mens kona, Reidun, var sengeliggjande med feber og hoste.

– Kor kom smitta frå? Kven har me smitta?

– Mange meiner sikkert me har vore uforsiktige. Men me har handla i tråd med råd frå helsestyresmaktene.

Laurdag ettermiddag vart det bekrefta at i alt fem er smitta av koronavirus i Hol kommune. Dei aller første positive prøveresultata kom torsdag.

Reidun Bøkko i Hovet var ei av dei to første.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feber og tørrhoste

Laurdag var ho plaga med mild feber, men hard tørrhoste. Eirik Bøkko har hatt akkurat dei same symptoma. Som nyre-transplantert er han del av ei risikogruppe som har redusert immunforsvar. Etter at Reidun testa positivt, vart det tatt prøve også av Eirik, men førebels har han ikkje fått svar.

– Av oss to, var det eg som vart sjuk først. Viss eg testar negativt, har eg mest sannsynleg hatt korona og blitt ferdig med det, seier han.

Reidun og Eirik Bøkko fotografert under VM i Inzell i 2011. (Arkivfoto)

Ei umogleg oppgåve

Helsestyresmaktene har jobba intensivt for å kartleggje smittekjeldene til dei som har fått påvist korona. Denne veka vart det klart at epidemien er på veg inn i ein ny fase. Viruset har spreidd seg i eit slikt omfang at landets kommunelegar etter kvart ikkje vil klare å halde tritt.

– Eg trur det er uråd å følgje smittesporet i vårt tilfelle. Det er ei umogleg oppgåve å finne ut kven som smitta oss og kven me har smitta. Me kan ikkje anna enn å håpe at me ikkje har smitta så mange. Av den grunn har me det litt vanskeleg no, seier han.

Handtrykk i Vikingskipet

I februar var dei på vinterferie i Spania. Der budde dei i eigen leilegheit og var ikkje i kontakt med mange folk. Då dei landa på Gardermoen 28. februar, reiste dei rett vidare til skøyte-VM på Hamar for å heie på dottera Hege og sonen Håvard. I Vikingskipet var det fulle tribunar, 10.000 menneske som hoia og skreik. Og då Håvard sette punktum for ein lang skøytekarriere, var det mange som ville prate med mor og far.

– Det var ein spesiell situasjon. Mange kom bort til oss for å ta oss i handa. Eg kjenner ikkje namnet på halvparten. Eg trur me vart smitta i Vikingskipet, men det er håplaust å svare på kor mange me var i kontakt med, seier han.

– Eg trur me vart smitta i Vikingskipet, men det er håplaust å svare på kor mange me var i kontakt med, seier Eirik Bøkko.

Klassiske influensasymptom

Etter VM reiste Reidun heim til Hovet, mens Eirik skulle på ein stor konferanse i Trondheim. Det var der han merka at han var i ferd med å bli sjuk.

– Eg hadde klassiske influensasymptom. Feber, hoste og muskelsmerter i ryggen. Det var lite snørring, men vond tørrhoste, seier han. Onsdag 4. mars var han heime att. Dagen etter kontakta han legen og vart bedt om å kome på legekontoret for å bli undersøkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ettertid er det sjølvsagt lett å sjå at eg burde blitt testa. Men legekontoret følgde sikkert gjeldande råd frå Folkehelseinstituttet. Og på dette tidspunktet var dei meir tilbakehaldne med å teste for korona, seier han.

Uforsiktig, men i tråd med gjeldande råd

Eirik var heime frå jobb to dagar førre veke, torsdag og fredag. Då hadde også Reidun blitt sjuk. Også ho var heime frå jobb desse dagane. I helga tok dei det med ro heime, men alt måndag møtte begge på jobb att.

– Etter kvart vart det ein diskusjon om Reidun burde oppsøkt lege for å teste seg. Men sidan dette nettopp var blitt vurdert i mitt tilfelle, rekna me det som trygt. Me hadde jo heller ikkje vore i noko utsett område, verken Nord-Italia eller Austerrike. Men tysdag vart ho testa hjå fastlegen. Mange meiner kanskje at me har vore uforsiktige, men eg meiner me handla i tråd med dei råda me har fått, seier han.

– Kva tenkjer du om dei omfattande tiltaka som er sett i verk?

– Dette er heilt nødvendig. Epidemien er uråd å stoppe, men det er viktig å trekke smittespreiinga ut i tid, slik at ikkje kapasiteten i helsevesenet blir sprengd.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Å fylle kjøleskåpet er ei praktisk utfordring når du er i isolat. – Viss eg sender handleliste, kan du vere snill og svinge innom butikken før du kjem?, bad Eirik Bøkko før Hallingdølen kom for å fotografere.

Nesten tomt i kjøleskåpet

Etter viruset vart påvist, har heile familien blitt plassert i isolat. Intervjuet måtte difor gjerast på telefon. Og biletet som illustrerer saka, vart tatt på trygg avstand. Fotoseansen opna samtidig for å løyse eit praktisk problem for ein familie som ikkje får gå ut blant folk.

– Du, det er nesten tomt i kjøleskåpet. Viss eg sender handleliste, kan du vere snill og svinge innom butikken før du kjem? spør Bøkko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Me må tenke på dei som vil trenge respirator
Les også
Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»
Les også
– Koronaen kan ta knekken på meg økonomisk