N/A: Tidsramma: - Eg trur ikkje siste ord er sagt i denne saka, seier Solveig Vestenfor (Ap), ordførar i Ål.

Gladmelding for dei 77 familiane: Den tilsette var ikkje koronasmitta

Svært mange sat heime i karantene måndag medan dei venta på eit kritisk koronasvar. Det gjekk heldigvis bra.

I Ål fekk 77 familiar sundag kveld beskjed om å halde seg heime frå jobb. Årsaka er den uavklarte smittesituasjonen for ein tilsett ved Sundre barnehage.

– Me trudde me ville få svar på denne kritiske prøva fredag. Det fekk me ikkje. Eg tenkte det var greitt å sjå an gjennom helga, men når svaret enno ikkje var kome sundag kveld, ønska eg ikkje å sleppe masse folk ut i arbeid, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje noko val

Eit stort tal menneske vart dermed sett i karantene medan dei venta på avklaring. Utpå dagen måndag kom endeleg prøvesvaret: Den tilsette var ikkje koronasmitta. Karantenen vart dermed oppheva.

Les også
Hallingdal sjukestugu er gått i gul beredskap

Det tok tid å få svar. Strømmen fortel at dei som jobbar med analyse av prøvar i Drammen gjer så godt dei kan, men at kapasiteten er avgrensa.

– Eg prøver å argumentere fram mine prøver. Men det er fleire yrkesgrupper som også er kritiske i drifta av samfunnet. Prøver frå helsepersonell er prioritet nummer éin, seier Strømmen.

– Opptre som smitta

Ordførar Solveig Vestenfor seier ho støtta avgjerda frå kommuneoverlegen om å vere føre var fullt ut.

– Me håpar i det lengste dei prøvene me no ventar svar på viser seg negative så me får frigjort meir kapasitet, sa ho til Hallingdølen måndag morgon.

Den massive karantene-situasjonen vart heldigvis stoppa. No gjeld det å fortsette tiltaka for å avgrense smitte.

– Me vil at folk skal ha minst mogleg kontakt med kvarandre. Alle bør operere som om dei er smitta. Det gjeld i alle heimar, seier Vestenfor.

Måndag ser smittesituasjonen i Hallingdal slik ut:

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal: 1 tilfelle av smitte

Nore og Uvdal: 0

Gol: 1

Flå: 0

Hol: 5

Ål: 0

Nes: 5

I alt har altså 12 personar fått påvist koronasmitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Legane si innstendige bøn: - Ikkje møt opp på legekontoret!
Les også
Golberg: - Idrett er uvesentleg i desse dagar
Les også
Lovar å hjelpe bankkundane