Ekteparet Vigdis og Olav Nilsen tok med seg hunden Mille og flytta til Nesbyen. Planen var å nyte det gode liv etter dei vart pensjonistar. No bur dei på hotell på fjerde månaden og begynner å kjenne på at dei saknar ein skikkeleg stad å bu.

Dei skulle nyte pensjonistlivet og flytta til Hallingdal - så kom «Hans»: No har dei budd på hotell i tre månader

Vigdis og Olav Nilsen flytta til Nesbyen for å leve det gode liv. Over tre månader etter «Hans», bur dei framleis på eit lite hotellrom

Dei har budd mesteparten av livet i Hurum der dei i mange år har køyrd drosje. Men når dei begge vart pensjonistar ville dei flytte på seg. Dei vurderte litt fram og attende, og kom fram til at dei hadde budd lenge nok på ei avsides plass, langt unna folk. No ville dei finne ein stad som var sentral, men samstundes roleg og fint.

Sentralt og roleg

Paret har slekt i både Sigdal, Ål og ved Krøderen. På denne måten vart Nesbyen ein sentral plass midt i mellom. I februar 2022 vann ekteparet bodrunden på huset i Stasjonsvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tore bur i verkstaden: – Hadde eg fått ein ti'ar kvar gong eg vart spurt om korleis det går med huset mitt, så kunne eg dekka den flaumvollen for kommunen

Når paret overtok huset i påska same år, gjekk dei straks i gang med oppussing. Dei bygde nytt bad og pussa opp alle rom. Huset var akkurat passe stort og låg perfekt plassert bakarst på tomta, med ein stor og romsleg hage framfor huset. Dei fekk gjerda inn tomta, slik at hunden Mille kunne få springe fritt. Det var kort veg til både butikk, senter og lege, og dei hadde gangavstand til alt dei trengde i sentrum. Alt var på plass for eit heilt perfekt pensjonisttilvære.

Sivilforsvaret bankar på døra

Eit snautt år etter at dei hadde flytta inn, skjedde det. Då kom «Hans», og det gjekk fort frå vatnet starta å kome inn i krokar og krikar i bygda, til dei hadde sivilforsvaret på døra fyrste gongen. Då fekk ekteparet beskjed om å vere førebudd på at dei kanskje måtte evakuere i løpet av kort tid.

Neste gong det banka på døra, fekk paret beskjed om å gjere seg klare. Då skjønte dei at det var alvor.

Olav Nilsen gjekk ut og hekta campingvogna på bilen. Vigdis Nilsen henta mat, klede og det aller viktigaste og fekk det ut i vogna.

Døra er stengt og låst. Inne er det ikkje verken golv eller vegger. Ikkje stort å kome attende til.
Det vesle koselege raude huset var akkurat passe stort for ekteparet Nilsen. Her skulle dei nyte tida som pensjonistar, med kort veg til butikken og i eit triveleg nabolag. I dag er det mørkt i alle vindauga, og ingen veit om det blir mogleg å kome attende til draumeplassen.

Så banka det på døra for tredje gong, då var beskjeden klar: Dei måtte reise med det same.

Dei henta hunden Mille og starta bilen, svinga ut på vegen og køyrde opp til idrettshallen, der det var laga til evakueringssenter.

I ei campingvogn på ein parkeringsplass

I to netter sov dei i vogna på parkeringsplassen utanfor idrettshallen. Den tredje dagen sette dei seg i bilen og køyrde til Ringerike. Det hadde seg nemleg slik at berre ei dryg veke før «Hans», hadde ekteparet vore i ei motorsykkelulykke. Han hadde kome frå ulykka med nokre små skrammer, men kona Vigdis hadde vore ut og inn frå sjukestugu i Ål og Ringerike sjukehus. Denne dagen måtte ho attende til sjukehuset, og Olav og hunden Mille køyrde attende aleine til parkeringsplassen ved idrettshallen.

Det er ikkje berre berre å vere utsett for flaum. Olav Nilsen si dagbok er fylt av gjeremål for å få rydda opp i huset etter «Hans». Heile august er fylt opp med avtaler, gjeremål og timar i arbeid.

I to netter til sov han og hunden i campingvogna. Men då fekk han eit tilbod om å leige eit lite hus i sentrum som vanlegvis vart leid ut til turistar. Der budde han nokre dagar, fram til han fekk eit tilbod på Nesbyen hotell. Nilsen skunda seg å flytte inn og gjere alt klart til kona kom heim frå sjukehuset

Artikkelen held fram under annonsen.

Kona Vigdis Nilsen var mykje på sjukehuset i starten av Hans, noko som gjorde at Olav Nilsen vart mykje aleine. Då var han glad for at han hadde Mille, hunden deira. - Eg hadde ikkje klart meg utan henne, fortel han.
Vigdis og Olav Nilsen bur på det vesle hotellrommet saman med hunden Mille. I tre månadar har dei budd her i vente på svar frå kommunen om dei kan få flytte attende eller ikkje.

Frå campingvogn til hotellrom

I etterkant har dei kjøpt eit lite kjøleskåp og ein mikrobølgeomn. Dei har henta campingbordet frå campingvogna og ei hylle til å sette litt mat og slikt i. Dei har fått laga seg til så dei har det aller mest nødvendige, men etter tre månader på hotell så saknar dei begge eit kjøkken, vaskemaskin og litt meir plass til seg sjølv og hunden.

– Det går i brødskiver og mikromat, fortel Vigdis Nilsen.

Den vesle kjøkenkroken har dei laga sjølv av ei hylle, eit campingbord og eit nytt kjøleskåp. Dei fortel at det blir mykje mikromiddag, for dei har verken kjøkkenvask eller komfyr.

Dei har eit rom til stove og kjøkenkrok, og eit soverom med to separate senger på kvar si side av baderomsdøra. Hunden Mille bur på golvet under vindauget på soverommet. Det er ikkje mange kvadratmeterane å bevege seg på, men paret klagar ikkje.

Les også
Spent før møte om mogleg byggeforbod: – Det har vore ei belastning
Les også
NVE om flaumsituasjonen i Nesbyen: – Me klarar ikkje å sikre alle bustadene

Men det vesle huset med den fine hagen, i det trivelege nabolaget og det gode liv, det er ikkje sikkert at dei får attende. Men kva skal dei gjere no, og skal dei halde fram med å bu på hotellrommet?

– Me kan jo ikkje bli buande slik så mykje lenger. Det er litt trongt her, sjølv om me ikkje treng så stor plass.

Det vesle soverommet har to senger på kvar side av baderomsdøra. I andre enden av rommet står det eit klesskap. Der har dei omtrent alt dei eig av både klede og ting dei treng.

I og med at paret ikkje kjente nokon i Nesbyen frå før, har verken Vigdis eller Olav noko apparat rundt seg i bygda. Dette gjer at det har vore vanskeleg å treffe dei rette som kanskje kjenner til eit ledig hus eller leilegheit. Derfor har dei tenkt at dei skal prøve å halde fram i det vesle rommet ei stund til, i håp om at dei kanskje kan få eit svar på kva som skjer med huset, så raskt som mogleg.

– Dei fleste som bur i Nesbyen har gjerne ein familie her, men me er berre oss, seier Vigdis Nilsen.

Vigdis Nilsen har framleis eit håp om å få flytte attende til det vesle huset i Stasjonsvegen. Ho fortel om det fine nye badet og nye kvitevarer, og om at alt dei hadde laga til, er heilt øydelagt.

Om det er dårleg vêr ein dag, eller dei ikkje veit kva dei skal ta seg til, så fristar det ikkje alltid å sette seg i den vesle tosetaren på hotellet. Då set dei seg heller i bilen og køyrer av garde. Gjennom dei tre siste månadene har dei rekt å bli godt kjent på alle stikkvegar og hyttefelt rundt om i både bygda og i nabogrendene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Paret har humør og mot som få, etter så mykje motgang. Dei gir ikkje inntrykk av at dei på nokon måte har gitt opp Nesbyen heilt enno. Men kort tid etter at Hallingdølens journalist møtte ekteparet, kom det oppdatering frå kommunen.

Dronebilete av Nesbyen sentrum. Huset til Nilsen med raud ring rundt.

Ingen gladmelding for ekteparet Nilsen

Onsdag kveld kom det fram i Hallingdølen at kommunen ville presentere eit nytt forslag om flaumvoll. Der fleire hus kan friskmeldast frå bygge- og deleforbodet som kommunen kom med for ei tid sidan.

Les også
Gladmelding til flaumramma: No blir fleire hus friskmelde
Les også
Meiner kommunen går for fort fram: – Det er ingen vits i å laga ein flaumvoll viss Nesbyen døyr

Men heller ikkje her kjem det gode nyheiter til ekteparet, huset deira er framleis utanfor det planlagde flaumvernet i sentrum og byggeforbodet blir som det har vore.

Kva tenkjer de no?

– Dette kjem til å ta lang tid, er eg redd. Me kan ikkje sitte her i eit år til å vente. Me må nok finne oss ein annan plass å bu no, men det er ikkje lett, meiner Olav Nilsen.

Verken Olav eller Vigdis Nilsen har lyst til å reise frå Nesbyen, men det er ikkje lett å finne seg ein plass å bu. Det var jo her dei skulle bli gamle saman.

Olav og Vigdis Nilsen ynskjer mest av alt å bli verande i Nesbyen, men dei er usikre på om dei klarer å finne noko meir varig stad å bu. Dei innser at det kan ta si tid før det skjer noko, om det blir å bygge opp att huset eller ikkje.

– Me ville jo oppover denne vegen, og me likar oss godt i Hallingdal. Det er ikkje lett å finne noko nytt hus her på Nesbyen. Men om me ikkje blir i bygda, så trekker me nok i retning nedover att. Ikkje heilt attende til Hurum, då satsar me i så fall på Flå eller noko i den retninga, seier Olav Nilsen.

Paret fortel at dei er slitne og lei av å leve som dei gjer, men dei ynskjer likevel å poengtere at dei har følt seg godt varetatt av kommunen sjølv om ting har tatt veldig lang tid. Dei har opplevd å få svar når dei har spurt om ting, og meiner det er viktig å presisere.

Artikkelen held fram under annonsen.