Sikringsvollen blir trekt lenger ned mot Rv7 og fleire hus på Nesflata blir no friskmeldt.

Gladmelding til flaumramma: No blir fleire hus friskmelde

Deler av flaumramma Nesbyen sentrum blir friskmeldt etter storflaumen «Hans».

Ei rekkje huseigarar får denne gladmeldinga om få dagar. Det stadfestar fungerande kommunedirektør Anders Halland.

– Me vil varsle om at desse eigedommane er sjekka ut, seier Halland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva har skjedd?

– Me har fått dei signala me treng for å mjuke opp det bandlagde området som var varsla.

Les også
Rydda skrot etter Hans: – Må bli meir bevisst på dette med skrot og forsøpling

Sterke reaksjonar

Mange eigedommar fekk store skader etter storflaumen, som ramma Nesbyen svært hardt. Kommunen sende i etterkant ut brev til 149 huseigarar og førehandsvarsla eit mogleg bygge- og deleforbod i dei mest flaumutsette områda på Nesflata. Det skapte både reaksjonar, frustrasjonar og usikkerheit hjå dei som fekk denne førehandsvarslinga. Samtidig blir det jobba på spreng med å planlegge sikringstiltak, både mot Hallingdalselva og i Rukkedøla.

Nesbyen pr 8. november 2023: Dei to områda på kartet som er markert med raud strek er framleis stengt etter flaumen i august. Resten av Nesbyen sentrum er friskmeldt.
Les også
Meir enn to månader etter «Hans»: – For oss er det meir dramatisk enn nokon gong, det som skjer no

Trekker vollen ned

For å verne sentrum, har NVE tidlegare foreslått å bygge ein kilometer lang voll, som snirklar seg fram mellom hus og over vegar. Det betyr også at ein del hus i det flaumramma området på Nesflata vil ligge ubeskytta nedanfor vollen. Spørsmålet er kor vollen skal gå? Og er den planlagt for langt opp mot sentrum? NVE har gjort det klart at maksimal høgde på vollen er halvannan meter på grunn av vasstrykket. Til vollen blir det også etablert eit pumpesystem som samlar opp vatnet som vil renne under vollen. Kommunens ønske overfor NVE er å få bygd vollen lenger nedover mot Rv7, slik at enda fleire hus kan sikrast, og måndag ettermiddag kom avklaringa. Eller gladmeldinga, som Halland, seier det.

– Sikringsvollen blir trekt lenger ned mot Rv7. Den blir vesentleg høgare, og det betyr at fleire eigedommar kjem innanfor sikringsvollen, seier han.

Les også
Millionar i skade for Hallingmarken: – Men me skal likevel halde kjaft
Fungerande kommunedirektør Anders Halland varslar eit hyggeleg brev til fleire huseigarar i Nesbyen.

Fleire blir sikra

Halland seier at han har stor respekt for frustrasjonen som folk som er ramma har opplevd. Men det viktigaste er no at det blir gjort tiltak som gjer folk trygge framover, understrekar han.

Framleis er det nokon som kjem på feil side av sikringsvollen. Men dei blir langt færre etter at vollen no blir trekt lenger nedover mot riksvegen. Kommunestyret får ei orientering om dette i møte torsdag. Seinare i november skal politikarane ta stilling til om det skal leggjast ned ei bygge - og deleforbod på deler av Nesflata.

Kommunen har fått kritikk, blant anna for dårleg informasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har kritikken vore urettferdig?

– Nei, eg har stor respekt for at folk ikkje har kome vidare. Men me må gjere dette rett. Det har vore etterlyst infomøte. Men me har jobba med mange tiltak, og det er ikkje så mykje info som me kunne ha gitt.

Hektisk

Halland seier at det har skjedd mykje på kort tid. Kommunen må hente inn ressursar utanfrå til prosjektering, plan og landskapsarkitekt. NVE hjelper til med planlegging av sikringsvollen, og kommunen må hente inn kompetanse på byggeleiing og prosjektleiing i samband med flaumsikringa av Rukkedøla der mykje masse skal takast ut. Dette arbeidet skal no ut på anbod.

– Det er framdrift, forsikrar Halland.

Politikarane avgjer

Han seier at han er glad for at kommunen i ei tid som både har vore prega av frustrasjon og usikkerheit kan sende ut ei gladmelding til ei rekkje huseigarar. om at eigedommen deira er friskmeldt. Men det føreset at kommunestyret til sjuande og sist er samd i at vollen blir trekt nedover mot Rv7 og at eit eventuelt bygge og deleforbod blir snevra inn.

– Det er politikarane som bestemmer, og avgjer korleis dei handterer eit fagleg råd, seier Anders Halland.