Ein flaumvoll skal sikre blant anna hus mot nye flaumar, som her i Rukkedalsvegen. Men nokre hus lenger nede i vegen kjem utanfor den planlagte flaumvollen.

NVE om flaumsituasjonen i Nesbyen: – Me klarar ikkje å sikre alle bustadene

Nokre bustader i Nesbyen blir sikra mot flaum - mens andre blir overlatne til seg sjølv.

Samtidig er det mange flaumramma oppsitjarar som rett og slett vil flytte.

– Det er usannsynleg at me klarer å sikre alle bustadene, det er nokre hus me ikkje klarer å sikre, seier senioringeniør Jan Erik Hønsi i Norges vassdrags og energidirektorat (NVE).

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fortvila over usikker framtid: – Kva skjer med huset mitt?

Vollen som NVE vil bygge skal sikre Nesbyen sentrum mot flaum. Ekstremveret «Hans» og storflaumen sette ein støkk i nesningane, som gjennom åra har slite med fleire mindre og større flaumar. Men ingen har vore så ekstrem som «Hans». Det gjer at det no er hjelp å få til sikringstiltak.

Senioringeniør Jan Erik Hønsi, til venstre seier at traseen ikkje er endeleg fastlagt. Her saman med Torsten Starkloff frå NVE og beredskapsleiar Svein Magne Bråten Juvhaugen i Nesbyen kommune.

Skal bygge flaumvoll

For å sikre Nesbyen sentrum mot nye flaumar planlegg NVE å bygge ein kilometer lang voll gjennom sentrumsbebyggelsen.

Ein førebels trasé vart presentert på det opne infomøtet 28. september. Det er ein halvannan meter høg voll som snirklar seg som ein orm mellom hus og over to gater, Lakkergata og Rukkedalsvegen ved Markvegen.

Det betyr at bustadene nedanfor vollen mot Rv7 og Hallingdalselva ikkje blir verna av den. Beredskapsleiar i Nesbyen kommune, Svein Magne Bråten Juvhaugen, seier at det er diskutert om vollen bør leggjast lenger ned på Nesflata. Men det er noko som må vurderast saman med NVE.

Les også
Streken i Nesbyen

Stort vasstrykk

– Kan det bli aktuelt å forskyve vollen nedover i sentrum for at endå fleire hus kan beskyttast?

– Me var usikre på om me skulle presentere kor traseen kan gå på infomøtet, seier Hønsi.

– Det må mykje prosjektering til før den er endeleg fastlagt. Men den blir ikkje høgare enn halvannan meter. Det er ein smerteterskel. Det er moglegheiter for justeringar, men den vil nok liggje i området som vist på den førebels skissa til trasé. Det blir ikkje enkelt å finne den endelege traseen.

Å flytte vollen lenger ned mot Hallingdalselva betyr at vollen blir høgare. Hønsi seier at vasstrykket då vil bli så stort at det ikkje er mogleg å handtere det i ein flaumvoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil bli eit stort lekkasjetap under vollen. Då blir det snakk om ein heilt annan konstruksjon.

Les også
Krev over 70 millionar etter Hans-herjingane: – Håpar ikkje flaumen gjer at kommunen blir sendt rett ned på Robek-lista

149 har fått varsel

Kommunen har varsla 149 huseigarar om at det kan bli lagt ned eit bygge- og deleforbod på deler av Nesflata. Avgjerda blir teken av kommunestyret. 10. oktober var fristen for å gi ei tilbakemelding til kommunen om kva huseigarane ønsker.

Svein Magne Bråten Juvhaugen seier at omkring halvparten har svart og dei fleste ønskjer eit bygge- og deleforbod slik at dei kan få bygd hus ein annan stad.

På infomøtet opplyste kommunen at etter naturskadeforsikringsordninga har dei krav på fullt forsikringsoppgjer for både tomt og bustad dersom det ikkje gis løyve til å reparere eller gjenoppbygge huset på skadestaden på grunn av fare for ny naturskade.