Tidleg onsdag morgon den 9. august 2023 er ein dag for historiebøkene i Nesbyen. Om lag 40 hus vart råka av den største flaumen Hallingdal har sett sidan 1860. Blant dei som var hardast råka er Marianne Kvannefoss som i store deler av sitt liv har budd nedst på «Stripa», vegg i vegg med Coop-butikken i Nesbyen.

Spent før møte om mogleg byggeforbod: – Det har vore ei belastning

Marianne Kvannefoss fekk huset sitt totalskadd under «Hans». No sit ho spent og ventar på kva framtida vil bringe. Svaret kjem kanskje torsdag kveld.

Det er snart to månader sidan vatnet stod midt på husveggen til Marianne Kvannefoss. 65-åringen var i ferd med å slå seg til ro etter ei svær dramatisk veke som flaumoffer frå Nesflata. Dei siste vekene har likevel vore fylt av uvisse om ho nokon gong kan flytte heim igjen.

«Uff, no ere flaum att»

Tidleg onsdag morgon den 9. august 2023 er ein dag for historiebøkene i Nesbyen. Om lag 40 hus vart råka av den største flaumen Hallingdal har sett sidan 1860. Blant dei som var hardast råka er Marianne Kvannefoss som i store delar av livet har budd nedst på «Stripa», vegg i vegg med Coop-butikken i Nesbyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore flaum mange gonger, men det har aldri vore vatn inne.

Marianne Kvannefoss er spent på beskjeden om kva som vil skje med huset hennar etter flaumen i Nesbyen.

Hallingdølen møter henne leilegheita lenger opp i sentrum. Her skal ho vera til neste år, før håpet er å flytte heim igjen.

Kvannefoss fortel om dramatikken som utspelte i tida rundt «Hans». Alt sundagen før skjønte ho at noko var på gang.

– «Uff, no ere flaum att», tenkte eg.

Sidan vatnet aldri har vore over trappa, var ho ikkje nervøs for huset.

– Men eg flytta bilen lengre opp i vegen. Me rydda også i hagen, fortel Kvannefoss.

Grasklipparen har alltid vore trygg på verandaen, og katten fekk mat om han måtte klare seg sjølv ein periode. Men slik var det ikkje, for Rukkedøla hadde andre planar for Stripa.

Rukkedøla skapte trøbbel

Hallingdølen har ved fleire høve peika på Rukkedøla som årsak til at «Hans» vart så dramatisk. Elva som kjem dundrande ned Rukkedalen tok nemleg eit nytt løp ved marknadsplassen. Derifrå gjekk vatnet som ein sterk straum gjennom bustadfelt over stasjonsvegen før den rann over «Stripa» og mot Coop-butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vassa med vatn til knea utpå dagen på tysdag. Utover då kom det veldig mykje, veldig fort.

Dette biletet frå stasjonsvegen i Nesbyen syner kor Rukkedøla kryssa før den overfløymde store delar av «Stripa» på Nesbyen. Her under evakueringa av Mario Stefancic.

Ho fortel at alt skjedde fort, og at ho tidleg skjønte at ho måtte få seg ein ny plass å bu. Alt tysdag hadde Kvannefoss tatt kontakt med ein utleigar, og nytt husly var på plass. Ho var derfor ikkje med på evakueringa som skjedde i Nesbyen i stummande mørket, natt til onsdag. Ho følgde dramaet frå trygg grunn på Moan.

– Det var fælt. Mykje nervar. Det har eg enno, seier ho.

– Som nesning, korleis var det å vakne til slik Nesbyen såg ut onsdag morgon?

– Uff. Det er skremmande, det er som ein ser i utlandet. På det eine biletet ser det ut som ein berre ser taket på huset mitt. Det er vanskeleg å tru.

Sendt på sjukehus

For 65-åringen vart det mykje på ein gong, og onsdag då Kvannefoss skulle synfare leilegheita ho hadde ordna seg sa det stopp.

– Det var vel for mykje den kvelden. Me skulle hit for å sjå på leilegheita, så hugsar eg ikkje meir. Eg trur ungane trudde eg skulle stryke med.

Midt i eit kaos Hallingdal ikkje har sett maken til i moderne tid, med stengde vegar og ein infrastruktur i brakk, kollapsa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv hugsar ho ingenting frå hendinga, men familien har fortalt om dramatikken. Helikopter til Ringerike vart løysinga i eit vêr ein ikkje visste om var farbart sjølv med lufttransport.

– Det har tappa ein for krefter.

Mange tankar

At «Hans» har gitt ho mykje å tenkje på er det ingen tvil om. Logistikken med å ordne eit flaumskadd hus er ikkje enkel.

– Dei er så greie alle takstmennene, men det er mail og telefonar frå forsikringa og andre som lurar på korleis det går. Ein blir heilt tappa. Det har hendt at når telefonen ringer så har eg ikkje tatt den. Eg orkar ikkje skravle meir om det.

– Har det sokke inn?

– Det søkk inn meir eller mindre heile tida, ein koplar ut når ein har besøk. Men når eg er aleine så kjem tankane.

– Kan du flytte attende?

– Eg vil jo heim att, men naboane mine har sagt dei vil flytte vekk. Men dei er ikkje like fastgrodd som meg. Dei er yngre folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får svar torsdag

Både ungar og barnebarn har etter kvart sterke røter til staden. Dei er alle bestemt på at Kvannefoss skal halde fram med å bu på Nesflata. Det er det knytt stor spenning til om ho får lov til. Etter møteinnkallinga ho fekk tidlegare i september har ho vore i dialog med kommunen.

– Eg ringde å sa at detta ikkje måtte dryge, for det gjeld heimen til folk, og eg vil gjerne heim att. Det er ei belastning å gå og ikkje veta.

Torsdag kjem truleg svaret. Svaret som har gjort henne uroleg i lang tid.

– Forsikringsselskapet har vore hjå meg og ordna. Huset står no til tørk. Så kom beskjeden om eit mogleg bygge- og deleforbod. Ein blir uroleg av det og. Det har vore ei belastning.

Ho har eit stad å bu fram til våren. Kva som skjer etter det veit ho ikkje.

– Eg er vane med å bu sentralt. Og om dei seier stopp, kor skal dei gjera av alle folka? På ein måte så hadde eg slått meg til ro, men så kom skrivet frå kommunen, og då vart eg mykje meir uroleg.

Ingen god kjensle

Hallingdølen blir med Kvannefoss for å sjå korleis eigedommen ser ut i dag. Nesten to månader seinare.

– Det er rart å vera inne i huset. Alt er rive og er eit stort rom. Fyrste gongen eg skulle attende grua eg meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har vore på synfaring før, men har ingen behov for å sjå huset slik det ser ut no.

– Det var ikkje moro å vera tilbake. Men eg har vore trygg på at det blir bygd opp. Handverkarane kom tidleg til meg. Skjedd er skjedd, sjølv om ein stadig kjem på ting ein har mista.

No får Kvannefoss veta kva som skjer med eigedommen hennar, og sjølv om ho har kjent på uvisse den siste tida er ho klar på ein ting:

– Eg vil heim att. Men dei må flaumsikre. Og eg kjem til å vera nervøs neste flaum.

– Om det ikkje blir flaumsikra då?

– Då får eg vel ikkje lov? Om det blir på eige ansvar har eg ikkje tatt stilling til, seier Kvannefoss.