Tore Blyverket og den 12 år gamle hunden Frøya, bur i verkstaden i Lakkergata. Her har dei budd sidan flaumen i starten av august, medan dei ventar på svar frå kommunen om kva som skjer med bustaden hans.

Tore bur i verkstaden: – Hadde eg fått ein ti'ar kvar gong eg vart spurt om korleis det går med huset mitt, så kunne eg dekka den flaumvollen for kommunen

Tore Blyverket og hunden Frøya hadde ikkje mange val då dei måtte flytte i hui og hast då «Hans» overtok hus og eigedom.

Bilbergaren Tore Blyverket (45) bur opphaveleg i eit hus heilt nedst i stripa i Nesbyen. Han var ein av dei fyrste som måtte evakuerast under ekstremvêret Hans i starten av august 2023.

Då vatnet overtok

På føremiddagen tysdag 8. august kom vatnet raskt inn i alle krokar og krikar i Nesbyen. Også Blyverket, som er vane med at det skvalpar i kjellaren når vårflaumen kjem, fekk vatnet opp på trappa. Gjennom dagen steig vasskorpa oppover husveggar og inn i kjellarar og stover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved 18 tida same kveld, banka det på døra hos Blyverket. Det var ein kar frå Røde Kors som gav beskjed om at heile husstanden måtte tømmast for folk, og at dette ville bli sjekka opp av politiet om få timar. Då var det berre éin ting å gjere.

Les også
Arnstein (97) blant dei evakuerte i Nesbyen i natt: – Dette er passe spennande for ein 97-åring

Tore Blyverket pakka ein liten bag med reint tøy, tok hunden på armen og ut av huset bar det. Vatnet var langt oppe på trappa, og han vassa seg fram til bilen.

– Hunden likar ikkje vatn og nekta å gå ut, så ho måtte eg bere. Men ho likar ikkje å bli boren heller, så ... men me kom oss ut, fortalde Blyverket medan han kikka på hunden og flira.

Les også
Evakuerte i bubil: – Der stod eg og visste ikkje heilt kor eg skulle gjere av meg

Fyrste natta sov han hos ei venninne lenger oppe i sentrum, men dagen etter reiste han ned på Eidal Møbel, kjøpte ei seng og flytta inn i verkstaden i Lakkergata. Her rydda han eit rom, rigga seg til med ein sofa, bord og ei seng. Sidan har han vore her.

Ved den lange arbeidsbenken i verkstaden servere Tore Blyverket ein kaffikopp medan han fortel om korleis det er å bu på ein slik stad.

Redda tv og nokre bilete

Det var ikkje mykje han fekk med seg frå huset. Etter at vatnet gjekk attende mot helga i august, var det ikkje mykje å hente.

– Eg reiste ned til huset og skulle hente meir klede. Då fekk eg redda tv-en og det som gjekk an å redde av bilete og slik.

Les også
Maj Brit skulle rundt huset for å sjå korleis flaumen hadde herja då ho forsvann ned i eit stort hol i bakken

Sjølv om det ikkje var så mykje han kunne redde av saker og ting, er ikkje Blyverket gått til botnen av den grunn. Han hadde ikkje så mykje han var redd for.

– Eg hadde ikkje så mykje av verdi, så det er ikkje nokon krise med dei tinga som er øydelagt. Eg hadde arva nokre gamle møblar og hadde ikkje noko av store verdiar. Det er liksom ikkje nokon krise med sju par ullsokkar frå eg gjekk på barneskulen, for å seie det slik. Eg er ikkje så opptatt av ting og tang

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Blyverket fekk ikkje redda så mykje av tinga sine, men han fekk med seg den viktigaste, nemleg hunden Frøya. Han beskriv henne med ein tone som kan samanliknast med eit gamalt ekteskap, høgt elska og noko hormonell i løpetida.

Brevet frå kommunen

No veit han ikkje lenger om han i det heile tatt har noko hus å kome attende til. Kommunen sende for ei stund sidan ut eit kommunalt brev med førehandsvarsel om eit mogleg bygge- og deleforbod til dei som vart ramma av flaumen. Noko som betyr at mange kanskje ikkje vil få lov til å sette i stand husa sine og flytte attende.

Les også
Ufattelege bilete frå Nesbyen - den største flaumen på over 100 år

Blyverket har slått seg til ro med denne tanken, og trur det er til det beste. I alle fall for han. Huset hans er nemleg eit av dei fyrste husa som blir ramma under kvar flaum. På dei vel 10 åra han har eigd huset, har han hatt vatn i kjellaren fire gonger før «Hans». Då uvêret kom i starten av august i år, målte vasstanden over 60 cm inne i stova hans. Ute på husveggen kan ein framleis sjå stripa som syner kor høgt vatnet faktisk kom.

– Eg er nummer tre eller fire som fyrst får vatn under flaum. Og utifrå planen om flaumsikring med flaumvoll, så er huset mitt langt ifrå å få noko nytte av denne.

Det er ikkje godt å seie kor lenge Tore Blyverket blir buande i verkstaden. Her er pynteting bytta ut med verktøy, dekorative møblar med bergingsbil og motorsykkel og kjøkken med ein kombinert verkstadbenk med kaffitraktar og meir verktøy. Men Blyverket vippar du ikkje lett av pinnen, han har alltid eit smil på lur uansett kor kummerleg det måtte bli.

Men kor lang tid vil det ta før det kjem eit svar frå kommunen om korleis det blir, og skal Blyverket bli buande i verkstaden medan han ventar på svar frå kommunen? Han saknar meir og hyppigare informasjon om situasjonen.

– Eg er kritisk til at kommunen har brukt så lang tid, det er litt irriterande. Og at dei brukar argumentet om at det vart for mange å ringe til. Dei veit kvar me bur når dei skal krevja inn eigedomsskatten så dei kunne prioritert oss som er hardast ramma. Av alle dei rundt 150 som vart ramma, er me kanskje 25 som bur nærast elva.

Les også
– Dette har eg grua meg til. Eit trist syn. Det har aldri vore i nærleiken

I Blyverket sitt tilfelle er han sikker på at eigedommen ikkje er verdt å sette i stand og at det er logisk at ei slik plassering vil bli ramma att. Han sjølv ynsker at dei seier nei til at han skal få flytte attende.

– Det blir rett og slett for stort tap i verdi på huset, om det ikkje blir slik. I alle fall i mitt tilfelle, seier han.

Blyverket meiner det er mange gode argument for å få fortgang i behandlinga av denne saka, i alle fall for dei mest opplagde eigedommane. Han håpar at dei snart kan få svar på kva som skjer vidare slik at det er mogleg å tenkje framover og ikkje berre sitte på vent utover vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Blyverket håpar kommunen snart vil kome fram til eit svar på korleis det vil bli for dei ramma huseigarane etter flaumen. Han saknar meir hyppig informasjonsstraum og håpar det snart vil bli ei avklaring i om han skal flytte for godt, eller ikkje.

Stove, verkstad og bad - alt i eitt

I eit lite rom med trekvit kledning, står ei oppreidd seng, ei sofagruppe, ei hylle med mat og på veggen heng ein tv. Inne her bur Blyverket og hunden hans, Frøya. Rett utanfor døra kjem ein ut i ein verkstadhall, der motorsykkelen står parkert. Gjennom neste dør er ein ny verkstadhall, der Blyverket oppheld seg mest.

På den eine sida av det vesle rommet, er det plassert ei seng. Bamsen har han fått i gåve etter at han måtte i all hast flytte ut av huset sitt på Stripa.

Inne her er bergebilen parkert, langs ein lang arbeidsbenk står det to barstolar og på ein annan benk står ein kaffitraktar.

– Dette er kaffistasjonen min, dette, fortel Blyverket.

Det er ikkje kjøkken i det mellombelse krypinnet til Tore Blyverket, men kaffi, ja det må ein ha. Tore Blyverket er mektig stolt av den flotte kaffistasjonen sin, midt inne i verkstaden.

Innom den store verkstadhallen er det eit kombinert vaskerom med dusj og do. Eit typisk verkstadbad med oljemerke på veggane og båssystem. Men Blyverket, han er lett å gjere til lags.

– Eg har jo det eg må ha.

Dei gamle båsane og oljesøl på veggene vitnar om at dette har vore ein verkstaddo i mange år. Om det ikkje er akkurat det ein kan kalle siste skrik, så meiner Blyverket at det trass alt inneheld alt han treng i dette rommet. Do, dusj og vaskemaskin.

Men kvar er kjøkkenet?

– Nei, det treng eg ikkje. Eg har mikrobølgeomn, air-fryer, vasskokar og kaffitraktar. Elles er eg mest ute på jobb, og då et eg ein burgar eller ein pizza på farten. Men planen er jo å få i gang eit skikkeleg pauserom her, og då kjem det kjøkken også.

I snart tre månader har dei to budd i verkstaden, og dei har det greitt nok meiner Blyverket. Men at han ser fram til å snart få vite korleis det kjem til å bli, er ingen hemmelegheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er det alternativet eg har akkurat no. Eg klarar meg, men eg må innrømme at det er noko kummerleg kanskje. Mange har kome med tilbod, men eg er kanskje ikkje så god på å ta i mot hjelp. For det fyrste er eg ein slik som gjer ting i eigen fart, og eg klarar meg så lenge eg har litt pengar på kontoen. Eg gjer det beste ut av situasjonen.

Trass alt, er det alltid høveleg med ein artig kommentar og eit breitt smil. Tore Blyverket er ein mann som finn det positive i alt. Men no er han mektig lei, og håpar at han skal få svara han ventar på. I mellomtida lever han og Frøya livet mellom verktøy, bildelar og bilar.

Han har venner og kjente i heile dalen, og har møtt mykje omsorg frå folk rundt seg. Men etter tre månader stillstand, begynner han å bli lei. Lei av å vente på informasjon og ei avgjerd frå kommunen, lei av å bu som han bur og lei av å svare på det same spørsmålet opp att og opp att.

– Eg har vore sliten. Det har vorte mykje å stå i alt, og samstundes måtte svare på spørsmål som eg ikkje har nokon svar på. Hadde eg fått ein ti-ar for kvar gong eg vart spurt om korleis det går med huset mitt, så kunne eg dekt den flaumvollen for kommunen.