Flaum: Slik ser Nesbyen ut onsdag 9. august 2023.

Ufattelege bilete frå Nesbyen - den største flaumen på over 100 år

Nesbyen vakna til den største flaumen truleg på over 100 år.

Bileta som er teke ved 6-tida onsdag morgon viser korleis vatnet har stige til historiske høgder.

Det er nærmast ufatteleg. Det er heilt sikkert den største flaumen sidan Hallingdalsvassdraget vart bygd ut for kraftproduksjon etter andre verdskrig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Truleg er denne også høgt på lista over flaumar også før 1930. Mange eldre minnest sine foreldre igjen som pratar om at vatnet stod opp mot kyrkja.

Det verste er at det er nesten slik det er onsdag.

– Uverkeleg, seier ordførar Tore Haraldset.

Nesbyen onsdag morgon. Vatnet har aldri stått så langt mot sentrum, truleg siste 100 år. Mange hus er evakuert og no er bygda delt i to. Vegane mellom austsida og vestsida av dalen er stengt.

Uverkeleg

Onsdag morgon tok han eit oversiktsbilete over bygda med dronen. Dei viser korleis vatnet står opp mot sjølve sentrumskjernen. Vatnet når opp til legekontoret og står berre 150 meter unna kjøpesenteret.

Vatnet går nesten opp til sentrumskjerna her på «Stripa», berre 150 meter frå kjøpesenteret. Bustadfelt er evakuert. Vassskadene er store.
Helsesenteret har vatn i bygget.

I Stasjonsvegen står vatnet langt historisk langt oppi gata. Då Hallingdølen var i sentrumsgatene klokka 6, hadde vatnet trekt seg over 100 meter oppover mot sentrum samanlikna med tysdag kveld.

– Eg trudde me fekk ein vanleg flaum. Men dette er voldsomt. Det er nesten så du ikkje trur det, seier Haraldset.

– Tek kaka

I Stasjonsvegen møter Hallingdølen Tor Dalevold. Vasskanten står 20 meter unna huset hans.

– Vatnet sig litt inn i kjellaren no, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tor Dalevold har vatnet tett på huset onsdag morgon. 20 meter unna husveggen ligg vatnet i vegen. Det har stige mykje i løpet av natta.

Han var i ei årrekkje tilsett i Nesbyen kommunes tekniske avdeling. Flaum var eit hovudtema i alle år.

– Men no?

– Ja, meir vatn har aldri eg sett. Dette er den største. Flaumen i 1988 er berre barnematen. Eg har vore gjennom ein del flaumar tidlegare, men dette tek kaka. Til dei grader.

Han har studert flaumkarta for 200-årsflaum.

– Det ligg nok i nærleiken no, meiner Dalevold.

– Vanskeleg å fatte dette?

– Ja, eg hadde nok ikkje trudd det.

Rukkedøla herjar

På andre sida av eigedomen hans går Rukkedøla. I løpet av natta har elva sokke med nokre centimeter, men går historisk stor forbi på høgde med eigedommen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vatnet fløymer inn over jorda rett ved sentrumskjerna.

Elva er eit skremmande syn no, og har regelrett herja på sin veg. To bruer er knust og busker og vegetasjon er feid på elva.

– Eg vart vekt av Sivilforsvaret med beskjed om at vatnet steig i gata. Eg har aldri hatt vatn i kjellaren før. No er eg spent på kor mykje Hallingdalselva vil stige meir, seier Dalevold.

Tor Dalevold har aldri sett Rukkedøla så stor som dei siste dagane. Eit skremmande syn.

31 i idrettshallen

Spent er også ordføraren. Saman med kommunens krisestab har han flytta til Elverhøy helsetun. I løpet av natta har både straum og internett vore inn og ut av drift elles i bygda.

– Her har me aggregat, seier Haraldset, som meiner kommunen har kontroll trass den største flaumen iallfall sidan etter andre verdskrig.

Vatnet har knust Hallingmarkens bygg på marknadsplassen. Det er berre eit trist syn.

Status frå Nesbyen kommunes krisestab onsdag morgon er denne:

* Tysdag kveld evakuerte kommunen innbyggarar innanfor 50 års flaumsone etter råd frå sentrale styresmakter.

* I løpet av natta har fleire innbyggarar mellom Hallingdalselva og Helsesenteret evakuert til idrettshallen.

* Nokre er evakuert til Elverhøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Evakueringssenteret i idrettshallen har onsdag morgon 31 innbyggarar og blir drifta med hjelp av Sivilforsvaret og Røde Kors. Andre frivillige lag vil bli spurt om hjelp onsdag.

* Evakueringssenteret blir drifta så lenge det er behov for det.

– Eg vil rose innbyggarane våre. Dei har det tøft, men det er lite klaging, seier Haraldset.