Arnstein Groven er 97 år, og fortel at det aldri nokon gong før har vore så mykje vatn i Nes.

Arnstein (97) blant dei evakuerte i Nesbyen i natt: – Dette er passe spennande for ein 97-åring

Natt til onsdag vart det sett i gang evakuering frå bustadar i Nesbyen sentrum. Eldrebo på Nupelykkja var fyrste puljen.

Evakueringa i Nesbyen sentrum starta ved 02.30 tida natt til onsdag. Hallingdølen var ute for å sjå det heile.

Gatene var heilt mørke, det einaste lyset ein kunne sjå var lyset frå ein dumper og to bilar. Det var straumlaust i heile Nesbyen sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gatene var heilt mørke, det einaste lyset ein kunne sjå var lyset frå ein hjullaster og to bilar. Det var straumlaust i heile Nesbyen sentrum.

I nattetimane vart det berre å gå etter stemmene i mørket.

Her møtte me Tom Erik Finnerud frå Røde Kors og Helge Jensen, som hadde stilt opp som frivillig. Dei sto og venta på ein hjullaster som skulle kome gjennom stripa, vegen som no liknar ein innsjø. Herifrå skulle dei eldre fraktast i bilar.

Det heile vart ei skremmande og litt skummel hending for dei fleste, men så fort dei var komme seg ut frå vatnet, var alle dei evakuerte ved godt mot.

Vatnet har i løpet av tysdag kveld og natta kome nærmare sentrum, og Eldrebo på Nupelykkja står i vatn.

Dei eldre vart henta ut i tur og orden, i skuffa på ein hjullaster. Dei vart fyrst køyrd til Nesbyen Ski og Sykkel, der det foreløpig framleis heldt å ha på seg gummistøvlar.

Lenger ned mot Hallingdalselva var det behov for båt om ein skulle kome seg fram.

Vatnet har dratt seg opp mot sentrum i Nesbyen og evakuering av dei eldre på nupelykkja i stripa, er i gang. Klokka var rett over tre om morgonen og bebuarane blei henta ut med hjullaster.

Frå sykkelbutikken vart dei eldre frakta vidare opp til idrettshallen med bilar. Idrettshallen er oppretta som evakueringsmottak. Medverkande i redningsaksjonen var sivilforsvaret, Røde Kors og Nesbyen kommune.

På mottaket var det alt kome nokre få evakuerte frå kvelden før, men no vart det meldt om cirka 50 personar til på veg mot idrettshallen. Dei eldre som hadde kome fram, hadde funne seg ein eigen krok inne i kantina.

Dei eldre sto i hjullastaren og held seg fast i ryggen på skuffen. Ei litt skummel hending, men dei var likevel godt fornøgde med den nye erfaringa dei hadde fått denne natta.

Trass nattas drama, var humøret på topp i idrettshallen. Dei evakuerte var litt trøytte i blikket men likevel hadde dei glimt i auga og nokre kjappe replikkar på lur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er fyrste gong eg har hatt slik skyss, fortel Erna Borgersen.

Dei eldre var alle einige om at noko slikt har dei ikkje vore ute for tidlegare.

– Eg har aldri opplevd flaum i Nesbyen som har vore så ille før. Eg trudde nok ikkje det skulle komme vatn så høgt. Det har aldri vore slik så lenge eg har levd, fortel Eli Livgård.

– Nei, aldri i mi levetid, svarar Arnstein Groven.

– Dette er passe spennande for ein 97-åring, seier han.

Det var heilt mørkt i gatene, straumen er borte i heile Nesbyen Sentrum. Men hjullaster og redningsbilane lyste opp vegane der det var behov.

– Det vart noko masete å få pakka med seg det eg trengde. Det var jo heilt mørkt, og eg måtte lyse med lykta på telefonen min. Eg har ei slik pustemaskin, og det tok litt tid å finne fram alt eg trengde til den, fortel Torbjørn Dahl-Michelsen.

Men eit par ting hadde han gløymd å få med seg.

– Eg fekk med meg det meste eg treng. Det verste var at eg gløymde å ta med meg nattmat og konjakk, seier Dahl-Michelsen og flirer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torbjørn Dahl-Michelsen var ikkje så bekymra for det han hadde gløymd heime. Han skal reise vidare på morgonen, til dotter si. -Eg kunne ikkje vekke folk midt på natta, så eg må vente til i morgon, fortel han.
Vatnet har snike seg nærmare sentrum og Eldrebo på Nupelykkja i stripa sto under vatn. Dei eldre vart henta ut etter tur og orden.
Dei eldre vart fyrst køyrd til Nesbyen Ski og Sykkel med hjullastar. Herifrå vart dei frakta vidare opp til Idrettshallen med bilar. Idrettshallen er oppretta som evakueringsmottak.
Røde Kors, sivilforsvaret og kommunen samarbeidde om evakueringa. Her er dei på tur attende til bustadane for å hente ut fleire.
På mottaket var det fleire frivillige som hadde møtt frå sivilforsvaret, Røde Kors og kommune. Frå venstre: Thomas Nergård, Tom Erik Bråthen, Ragnhild Syversen og Jennifer Malkenes.
Damene hadde samla seg i kroken ved vindauget, og praten gjekk muntert og lett. Sjølv om det hadde vore ei traumatisk natt, var humøret likevel på topp.
Dei har fått beskjed om at evakueringa vil vare opptil 2 døgn. Nokre vil reise vidare til familie, medan andre tenkjer å vere i idrettshallen den tida det krevst før dei kan vende attende til bustaden sin att.