Rukkedøla tek nye løp etter «Hans». Nesbyen sentrum og Steinmogutu blir no hardare råka ved høg vassføring.

Meiner kommunen går for fort fram: – Det er ingen vits i å laga ein flaumvoll viss Nesbyen døyr

Fire månader etter at «Hans» herja Nesbyen, må kommunestyret kanskje utradere 50 eigedommar og det beste av bygda. Er det ei umogeleg oppgåve?

Torsdag fekk kommunestyret ei oppdatering på kommunen si oppfølging av innbyggarane og av gjenoppbygginga. Det handla om flaumvoll, situasjonen for avløpsanlegget, opprydding på land og i elva og eventuelt bygge- og deleforbod.

For fort og for mykje

– Det er ingen vits i å laga ein flaumvoll viss Nesbyen døyr, sa Kristian Haraldset (Ap). Han meiner kommunen går altfor fort fram og altfor drastisk til verks:

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er kanskje den største saka nokosinne. Det er ikkje mogeleg å gjera eit vedtak på denne saka den 30. november. Det vil ta mange år på å bestemme korleis det framtidige Nesbyen skal sjå ut. Det er ikkje snakk om liv og helse. Me snakkar kun om eigedommar. Kvifor får dei ikkje lov å flytte heim att, sa Haraldset.

Les også
Gladmelding til flaumramma: No blir fleire hus friskmelde

På spørsmål frå Sigrid Sagabråten (Sp) om kva han heilt konkret ønsker, svara Haraldset: Trekk bygge- og deleforbodet. Hjelp dei i første og andre lina. Dei andre må få flytte heim att. Så må me bruke god tid på bygge opp att. Sagabråten parerte:

Nesbyen kommunestyre: Kristian Haraldset (Ap)

– Me anar ikkje kor lang tid det tek før neste flaum kjem, og om han kjem. Kva skjer om folk får lyst å flytte heim, og det kjem ein ny flaum og eitt eller to år. Og kva med bygge- og deleforbod og det IKKJE kjem ein flaum? Og så skulle eg visst kva dei som er råka, faktisk vil.

Ikkje til å rette opp?

149 eigedommar fekk raskt bygge- og deleforbod. No er talet redusert til 50. Heile området ned mot Rv7 er i faresonen. Situasjonen for Hallingmarken er i det blå. Oppryddingsarbeida vil koste minst 100 millionar kroner.

Mangel på kunnskap, eller informasjon om kva som skjer vart også eit tema i debatten. Kommunen måtte svara på kritikk. Får folk den informasjonen dei treng? Får folk den hjelpa dei treng? Fleire av representantane peikte på at media, og då Hallingdølen, har vore den viktigaste kanalen for at folk skal halde seg oppdatert.

Kartet syner kor høgt vatnet stod i Nesbyen sentrum under ekstremvêret hans i august 2023. Den raude lina syner kor høgt vatnet vil gå ved ein eventuell 500 års flaum

Gjeld liv og heim

Bård Heio (H) sa at han sit med uendeleg mange spørsmål i saka.

– Til den 30. Då håpar eg me får NVE hit. Dette gjeld liv og heim for folk. Då må me vite, sa han.

Heio var oppteken av at så mange som råd blant politikarane må få innblikk i saka. Ikkje minst fordi mange blir inhabile når dei skal ta stilling til avgjerande spørsmål framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Meir enn to månader etter «Hans»: – For oss er det meir dramatisk enn nokon gong, det som skjer no

– Kven er ikkje inhabile? I vår gruppe gjeld det halvparten, sa Heio. Han la til at det er vanskeleg å halde ei rasjonell samtale rundt dette temaet i Nesbyen no.

«Heilt øydeleggande»

Adnan Helja (Ap) sa at katastrofen har vore «heilt øydeleggande for samfunnet vårt».

– Først og fremst den psykiske helsa. Dette er den største saka me får til politisk behandling. Dette handlar først og fremst om folka. Det er måten me handterer denne saka no som vil prege bygda dei neste 40 åra, sa han.

Bad om tid

Anne Marie Kollhus (Ap) sa ho saknar alternativa når det gjeld Nesbyen si framtid, og lista opp ei rekke spørsmål ho gjerne vil ha svar på.

Anne Marie Kollhus, (Ap).

– Det ser ut for meg som me skal få eit ferdig forslag som NVE har laga. Men kva er alternativa? Kven har de snakka med? Kva seier andre enn NVE? Når me skal vedta eit bygge- og deleforbod for delar av Nesbyen. Kva vil dette bety? Nokon seier: «Kanskje me skal flytte»? Og korleis blir vollen sjåande ut? Skal ikkje me som politikarar vera med og bestemme? Skjønar godt at dei som er direkte råka har det mykje verre enn oss som bur utom. Me må få vera med på prosessen på ein heilt annan måte enn å få det i avisa.

Kollhus syntest og det er rart at det ikkje er snakk om alternativ til voll.

– Andre som har greie på vatn og vasskraft seier noko anna enn det administrasjonen gir oss.

Endre Storhaug (H): – Eg er samd med Adnan. Folket står i sentrum her. Elles er eg uroa for næringa, innfallsporten til Nesbyen. Kor mange turistar vil innom slik sentrum ligg no. På Bromma er det også mørkt. Dette er uhyre viktig å ta tak i. Og det må avklarast ganske snart, ganske så snart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundballar

– Rundballar er ein trussel. Dette kan me ordne opp i. Det må gå an å fikse, sa Hans Tørrisplass (Sp).

Arvid Tandberg (H) meinte det vil vera fornuftig med ein prosjektleiar.

– Ha då fokus på jamleg informasjon. Ingen informasjon er også ein informasjon. Då veit ein liksom kva som skjer, sa han.

Fungerande rådmann Anders Halland.

– Har vore vanskeleg

Fungerande rådmann Anders Halland tok til seg kritikken når det gjeld informasjon.

– Eg skal vera så ærleg som å seie at det har vore vanskeleg, sa han.

Men Halland meinte også at dei prøver å gjera dette betre, og synte til det som skjedde denne veka.

– Då gjekk me frå 149 råka eigedommar til 50. Den informasjonen har me ikkje sete på lenge. Den fekk me måndag.

Halland kunne også opplyse at grunnen til at dei kunne friskmelde så store delar av sentrum, er at kommunen har pressa på NVE.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tore bur i verkstaden: – Hadde eg fått ein ti'ar kvar gong eg vart spurt om korleis det går med huset mitt, så kunne eg dekka den flaumvollen for kommunen

– Me jobbar med flaumvoll. Sikring av Rukkedøla kan me ta relativt kjapt. Me står framfor ei investering på bortimot på 100 millionar i Nesbyen, sa han.

Han fortalde også at kommunen har leigd inn juridisk kompetanse i det vidare arbeidet med katastrofen. Dei jobbar også med å skaffe ein prosjektleiar og landskapsarkitekt for å ta hand om det som skal skje.

Halland opplyste vidare at på veg fram mot kommunestyremøtet 30. november blir det lagt opp til to infomøte, eit for alle og eitt for dei som er meir direkte råka.

Han hadde også registrert kritikken om at kommunen ikkje har vore god nok til å ta vare på innbyggarane.

– Det har vore råd å ta kontakt med helsepersonell under heile prosessen, opplyste han.

– Kan hende skulle me orientert dykk politikarar meir i det siste. Men me prioriterer å sjekke ut dei råka eigedommane. Me har prøvd å gjera det best mogeleg for flest mogeleg, sa Halland.