Rektor ved Gol Vidaregåande, Grete Golberg, fekk ei koronasak i fanget tysdag.

Skuleklasse ved Gol vgs. må i koronakarantene

Rektor Grete Golberg informerte foreldre og lærarar tysdag kveld.

– Me har eit tilfelle der ein elev har vore i nærkontakt med eit påvist tilfelle av koronasmitte. På bakgrunn av dette har eg inntil vidare avgjort å sette klassen i karantene som eit førebyggande tiltak, bekreftar kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam i Gol.

– Kan det bli aktuelt at endå fleire hamnar i karantene?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje fått informasjon som tilseier at det er aktuelt per no. Eg vil halde kontakt med skulen i morgon, seier Thurainayagam.

Unntakstilstand

Gol vgs har hatt fleire enkeltelevar ute i koronakarantene i det siste, men no er det snakk om ein heil klasse. Rektor Golberg fortel at dei har eit opplegg for dei elevane som no må halde seg heime. Frå før er dei vant med at elevar, særleg dei som går toppidrett, må ha eit opplegg frå skulen medan dei er vekk, for ikkje å få ugyldig fråvær.

– Faglærarane kjem til å legge ut eit opplegg på læringsplattforma. Sjølv om det er betre å ha elevane på skulen, er me i ein unntakstilstand no. Elevane skal ikkje bli arbeidsledige sjølv om dei er heime, seier Golberg.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Gol vgs har gjennomført fleire tiltak den siste tida for å førebygge koronasmitte så godt som råd.

– No er det påvist smitte på ein person i Hallingdal. Men dette biletet forandrar seg heile tida. Det handlar om å ikkje miste hovudet, og følge dei råd og pålegg som kjem frå helsemyndigheitene. Eg held meg til det kommuneoverlegen seier, og det som kjem frå sentralt hald i Viken. Det er veldig enkle og gode råd, seier Golberg.

– Dag for dag

Ho opplever at dei har god oversikt over situasjonen, og at dei får god informasjon.

– Fryktar du at dette skal eskalere?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølvsagt. Men eg håpar folk er flinke til å følge dei råd som blir gitt, at dei oppsøker lege om dei får symptom, og at dei er nøye med hygiene. Det er ekstremt viktig.

Skulen har no nokre elevar tilbake frå karantene. Andre må halde seg heime.

– Me er inne i ei tid der folk er sjuke av andre ting også. Me må berre ta dag for dag, og sørge for at folk ikkje er altfor redde. Dei som lurer på noko, må ta kontakt, seier rektor.

Les også
Skuleklasse ved Ål vgs er sett i karantene
Les også
Første tilfelle av koronasmitte påvist i Hallingdal
Les også
Slarverennet er avlyst: — Det er veldig trist
Les også
Må hindre spreiing av korona: — Våpenet er karantene