Turen frå Hemsedal til Gol blir avlyst i år. Her eit bilete frå Slarverennet 2015.

Slarverennet er avlyst: — Det er veldig trist

Tysdag kveld vart det klart: Frykta for koronasmitte gjer at det ikkje blir noko Slarverenn i 2020.

— Det er veldig trist. Me har tiårsjubileum i år, og skulle gjerne fullført. Men dette rår me ikkje over, seier Anne-Lise Dokken.

Førebyggande

Kommunelege Jagannivasan Thurainayagam i Gol bekreftar tysdag kveld at han måtte sette foten ned for arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er eit førebyggande tiltak. Det er mykje risiko i samband med eit slikt arrangement. Me veit ikkje kva som kjem til å skje i vekene framover, seier Thurainayagam.

— No kjem det nye tilfelle av koronasmitte over heile landet, og dette arrangementet samlar deltakarar frå mange ulike stader. Tilrådinga er at slike arrangement bør avlysast.

Les også
Første tilfelle av koronasmitte påvist i Hallingdal

Tysdag ettermiddag kom Folkehelseinstituttet (FHI) med ei anbefaling om å avlyse alle arrangement med 500 deltakarar eller meir. Det har ført til eit ras av avlysingar over heile landet, blant anna kom det ved 19-tida tysdag melding om at Birkebeinerrennet blir stoppa.

— Var dei nye anbefalingane frå FHI årsaka til at Slarverennet blir avlyst?

— Det var ein del av det då me tok avgjerda, seier Thurainayagam.

Usikre på konsekvensane

Kommuneoverlegen og arrangørane har hatt tett dialog heilt sidan førre veke. Fredag valde dei å utsette avgjerda til over helga, for å sjå korleis situasjonen utvikla seg.

— Men så fekk me beskjed no i kveld om at me må avlyse, med omsyn til liv og helse, seier Dokken.

— Dette kan eskalere endå mykje meir, og me vil ikkje at Slarverennet skal vere med å bidra til det. Det samlar jo ei stor folkemengd, med mange tilreisande, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Det einaste fornuftige vil vere å avlyse

Kva som vil skje dei neste dagane og kva konsekvensane av avlysinga blir, er enno for tidleg å seie for arrangørane.

— Me må først få summa oss litt, og gå gjennom det me har av avtalar. Me har vore i modus for å arrangere heilt fram til no. No må me over i ei annan fase, seier Dokken.

Så langt har 1200 personar meldt seg på Slarverennet.

Les også
Må hindre spreiing av korona: — Våpenet er karantene