Ein skuleklasse ved Ål vidaregåande skule må halde seg i heimekarantene.

Skuleklasse ved Ål vgs er sett i karantene

Det bekreftar rektor og kommuneoverlegen tysdag.

— Det er snakk om ein elev som har vore i nærkontakt med ein person med påvist smitte, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Vart varsla tysdag

Heile skuleklassen er no sett i heimekarantene. Då Hallingdølen var i kontakt med rektor Arnstein Sørbøen tysdag ettermiddag var han i full gang med å varsle tilsette og foreldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge Strømmen er det uklare reglar på korleis ein slik situasjon skal handterast.

— Klassen har den siste tida vore på ein byggeplass, og ikkje i nærleiken av dei andre elevane. Dei har vore eit stykke unna skulen, seier Strømmen. Derfor har dei vurdert det som tilstrekkeleg å sette berre denne eine klassen i karantene.

I tillegg til elevane er også ein lærar plassert i heimekarantene.

Får undervisning

Rektor Sørbøen og skulen er førebudd på ein slik situasjon.

— Me har hatt elevar i karantene tidlegare også. Dei vil no få undervisning via læringsplattforma som me bruker, så dei blir ikkje heilt tatt ut frå undervisning. Dei må følge pensum og gjere innleveringar, seier Sørbøen.

Han fortel at skulen den siste tida har innført fleire tiltak for å forhindre smitte.

— Mellom anna har me mykje Antibac tilgjengeleg, og me køyrer kampanjar rundt handhygiene.

Les også
Første tilfelle av koronasmitte påvist i Hallingdal
Les også
Må hindre spreiing av korona: — Våpenet er karantene
Les også
Sit i koronakarantene: — Ingen problem med å akseptere det