Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen (t.v.) og beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen orienterte reiselivsnæring og andre aktørar i Hol om koronaviruset.

Må hindre spreiing av korona: — Våpenet er karantene

Det er berre eit tidsspørsmål før den første positive koronaprøva i Hallingdal er eit faktum. Kommunane har funne fram beredskapsplanane.

I eit møte med reiselivsnæringa og andre sentrale aktørar i Hol tysdag morgon, var meldinga frå kommuneoverlege i Hol og Ål, Geir Strømmen, klar: Alle har eit stort ansvar med å førebygge smittespreiing.

— Det er dramatisk viktig å gjere alt rett no, sa Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ventar positiv test

Tysdag var 27 personar i, eller hadde vore, i karantene i Hol. 14 av dei var turistar. Det er teke ni prøver som alle er negative. Situasjonen i dei andre kommunane har vore den same. Men truleg er det berre eit tidsspørsmål før den første positive testen i Hallingdal er eit faktum.

— Me forventar fleire prøver framover. Den positive testen kjem, seier Strømmen.

Les også
20 pasientar i koronakarantene

Men i mellomtida meiner både Strømmen og beredskapsrådgjevar i Hol og Ål, Espen Bille-Larsen, kommunane kan kjøpe seg tid med systematisk og streng førebygging.

— Våpenet er karantene. Dette er alvor, og terskelen for isolasjon og karantene er låg, seier Strømmen.

Verdsomspennande konsekvensar

Koronaviruset og spreiinga av sjukdommen har fått enorme konsekvensar verda over. I Europa er det særleg i Italia det er unntakstilstand. Her var det måndag 366 døde og 7375 smitta. Det var auke på 25 prosent på berre to dagar. Måndag opplevde også børsar verda over kraftig fall og flyselskap har kansellert fleire hundre flygingar kvar dag. Strømmen og Bille-Larsen åtvarar kraftig mot å tru at tiltaka som blir sett i verk i Norge er hysteri skapt av både styresmakter og media.

Les også
Utsette nasjonalt arrangement som følgje av korona-virus

— Dette er alvor, og noko heilt anna enn ein vanleg influensaepidemi. Å prate om hysteri er ein vanleg forsvarsmekanisme. Dette er ikkje hysteri, seier Strømmen.

Torsdag sist veke var talet på smitta nordmenn 55. Tysdag morgon hadde talet stige til 226.

— Vanleg influensa har døyelegheit på 0,1 prosent. Korona er på tre prosent no, seier Bille-Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tomt for smittevernutstyr

Kva som skjer dei neste vekene, er heilt uvisst. Men kommunane førebur seg på unntakstilstand, med både mange pasientar og sjukmelde tilsette. Og pågangen har alt vore enorm med telefonar med spørsmål.

— I Hol og Ål er det også tomt for smittevernutstyr. Derfor har me vore innom Montér og Ål Kjøpelag for å kjøpe verneutstyr. Det er knapt, men me jobbar med dette no, seier Bille-Larsen.

Les også
Sit i koronakarantene: — Ingen problem med å akseptere det

I Hol er beredskapsplanane funne fram. Det betyr mellom anna at kommunen legg planar som inneber at tilsette må vere førebudd på å bli omdisponert frå ein etat til ein annan. Til dømes kan tilsette i teknisk etat hjelpe helsetenestene med transportoppdrag, slik det blir gjort i Bærum no.

— Me prøver å ligge eit hestehovud føre, og planlegg saman med Ringerike sjukehus, seier Strømmen.