Kommuneoverlege i Gol, Jagannivasan Thurainayagam, bekreftar at det er påvist koronasmitte på Gol.

Første tilfelle av koronasmitte påvist i Hallingdal

Ein person har testa positivt for koronaviruset på Gol.

Det vart kjent tysdag ettermiddag.

– Me har ei positiv prøve. Smittekjelda er kjent. No ventar me på endeleg stadfesting frå Folkehelseinstituttet, seier kommuneoverlege i Gol, Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve prøva vart tatt måndag. Svaret kom tysdag ettermiddag.

Thurainayagam fortel at dei har god kontroll på smittekjelda.

– Utover det kan eg ikkje seie mykje om situasjonen.

Det er det første tilfellet av koronasmitte som er påvist i Hallingdal.

Fleire i karantene

Personen som no har testa positivt oppheld seg førebels heime, i karantene.

– Me kjem til å følge med på utviklinga vidare, og eventuelle symptom, seier Thurainayagam.

– Kva skjer med dei som har vore rundt den smitta personen?

– Me vurderer smitteverntiltak, og følger dei råd som Folkehelseinstituttet gir. Folk som har vore i kontakt med personen som har fått påvist viruset, får heimekarantene i to veker, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis vurderer du situasjonen?

– Det blir gjort eit godt førebyggande arbeid i Hallingdal. Per no har me kontroll over situasjonen.

Les også
Må hindre spreiing av korona: — Våpenet er karantene

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, er ikkje overraska over at den første positive prøva no har kome.

– Det ville vore merkeleg om me ikkje fekk eit utslag her i Hallingdal også. Ikkje minst fordi me har så mange reisande og mange gjester, seier han.

Koronaviruset breier om seg med stor styrke. Tysdag ettermiddag var talet på smitta i Norge oppe i 261, talet aukar raskt. På verdsbasis er no meir enn 114.000 personar smitta, og over 4000 er døde. Konsekvensane av koronaviruset har vakse seg enorme, særleg unntakstilstand er det i Italia. Måndag opplevde børsane eit kraftig fall.

Les også
Det einaste fornuftige vil vere å avlyse
Les også
Utsette nasjonalt arrangement som følgje av korona-virus
Les også
Sit i koronakarantene: — Ingen problem med å akseptere det
Les også
20 negative koronaprøver i Hallingdal