Ein god del hyttefolk har reist heim sidan i går kveld, syner nye målingar tysdag. Illustrasjonsfoto.

Nye tal: Stadig fleire reiser frå Hallingdal

Sidan i går kveld har over 2000 personar reist frå Hallingdal. Det syner målingar tysdag morgon.

Kommunane sine mobiltelefon-målingar syner at det tysdag klokka 09:00 var 36.618 personar i Hallingdal. Dette er to tusen færre enn målinga måndag kveld.

For å få korrekte tal skal det leggast til seks prosent på alle tala i tabellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fryktar for helsevesenet

Kommunane er bekymra for at helsevesenet vil knele når koronaepidemien eskalerer, dersom det i tillegg til innbyggjarane oppheld seg masse hyttefolk i regionen. Det er bakgrunnen for at kommunane innstendig ber hyttefolk reise heim. Laurdag gjekk Erna Solberg ut og bad hyttefolket følge rådet om å reise heim, og regjeringa har varsla eit forbod mot å vera på hytta.

Tysdag forsterka helseminister Bent Høie bodskapen med å slå fast at kommunane ikkje skal gi dispensasjonar. Folk på hyttene må reise heim.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Heimevernet

Måndag var det 9100 personar i Hol kommune, medan folketalet er ca. 4500. Det er ikkje berre hyttefolk som utgjer differansen, men kommunen registrerer like fullt at mange framleis var på hyttene sine. Derfor gjekk Hol kommune i går til det skrittet å be Heimevernet om hjelp for å få hyttefolk til å reise heim.

Forsvarets Operative Hovudkvarter (FOH) har enno ikkje teke stilling til førespurnaden om å bruke Heimevernet. Men etter det Hallingdølen forstår blir det neppe aktuelt å setje inn Hemevernet til denne typen oppdrag.

Les også
Psykologen: – Isolasjon gjer noko med oss

Her er tala

Her er oversikta over kor mange som var i dei ulike kommunane tysdag klokka 09:00. I parentes tala frå måndag kveld.

Hol: 8762 (9136)

Ål: 7209 (7778)

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol: 7375 (7678)

Hemsedal: 5259 (5594)

Nesbyen: 5313 (5725)

Flå: 2700 (2725)

Hallingdal: 36.618 (38.789)

Les også
Alarmen har gått i Hol: - Eit stort tal er koronasmitta
Les også
Korona-situasjonen på Høgehaug: Alle bebuarane er isolert