Høgehaug bo og behandlingssenter er stengt, og bebuarane sit isolert.

Alle bebuarane er isolert

Det vart slått full alarm ved Høgehaug bo- og behandlingssenter i helga. No er det sett i verk kraftige smitteverntiltak.

– Me har jobba intenst med Høgehaug dei siste dagane. Me hadde ein sterk mistanke om at ein besøkande var blitt sjuk med korona. Sundag stengde me av heile senteret, og isolerte kvar enkelt bebuar, fortel smittevernlege Peter Schiellerup til Hallingdølen.

Ingen teikn

Måndag vart mistanken deira bekrefta: Prøvesvaret til den besøkande var positivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men ingen av bebuarane har vist sjukdomsteikn så langt, fortel Schiellerup.

Leiar for smitteverngruppa i Hol, Hege J. Isungset, fortel at dei tilsette ved Høgehaug følger strenge hygienereglar. Dei er instruert i å avgrense mogleg smitte mellom bebuarane, og brukar sjølv verneutstyr.

– Det er ein krevjande situasjon, seier ho.

Føre var

Eit stort apparat har i helga vore i sving for å få oversikt over den nye koronasituasjonen i Hol. Dei har drive smittesporing og bedt mange om å halde seg heime.

– Det me fekk bekrefta i dag, gjennom den positive prøva, er det me har stelt oss til heile tida, seier Schiellerup. Smitteverngruppa har vore så mykje i forkant av situasjonen ved Høgehaug som mogleg.

– Høgehaug kjem framleis til å vere stengt, det er ikkje høve til å besøke bebuarane der no. Samtidig heldt me oppe dei strenge tiltaka rundt hygiene. Me har eit stort håp om at ingen bebuarar er smitta, seier Schiellerup.

God kontroll

Høgehaug bu- og behandlingssenter har åtte omsorgsbustader og 16 sjukeheimsplassar.

– Me handterer situasjonen som om institusjonen skulle vere råka av koronasmitte, seier kommuneoverlege Geir Strømmen og legg til;

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at personalet behandlar alle pasientane som om dei skulle vere smitta. Dei tilsette er sett i karantene, men er på jobb og brukar smittevernutstyr.

- Me har god kontroll på Høgehaug. Det er ingen dramatikk så langt. Ingen av pasientane er testa. Kort og godt fordi dei ikkje har synt symptom på smitte. Skulle det skje, vil dei sjølvsagt omgåande bli testa, understrekar Strømmen.

Ingen får sleppe inn på Høgehaug bo og behandlingssenter før situasjonen er avklart.
Les også
Alarmen har gått i Hol: - Eit stort tal er koronasmitta
Les også
Hallingdal sjukestugu er gått i gul beredskap
Les også
Gladmelding for dei 77 familiane: Den tilsette var ikkje koronasmitta