Mange har reist heim, men framleis er det altfor mange på hyttene i Hol, meiner kommunen.

Ber Heimevernet om hjelp til å få hyttefolket heim

Hol ber om assistanse frå Heimevernet. No må Fylkesmannen i Oslo og Viken be Forsvarets Operative Hovudkvarter (FOH) om bistand.

Det var NRK som først melde om saka.

Beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen er tydeleg på at det no må handling til, og at kommunen treng hjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har via politiet og fylkesmannen bede om assistanse frå Heimevernet for å få hyttefolk til å reise heim, seier Bille-Larsen til Hallingdølen.

Banke på døra

– Korleis tenker de å bruke Heimevernet?

– Til å hjelpe oss med å oppsøke hyttefolk, banke på døra og minne dei på det som er sendt ut av beskjed i alle kanalar dei siste dagane. Me skal behandle folk på ein ordentleg måte, men hyttefolk må reise heim, seier Bille Larsen.

Les også
Hytteeigar: «Vi har reist til det fineste og tryggeste stedet vi har. Det var dumt og lite gjennomtenkt.»

Han er klar på at det no må skje noko.

– Siste ord er sagt; no må det handling til, seier han.

Må godkjennast i Forsvaret

Han reknar med det vil ta litt tid før Heimevernet får behandla førespurnaden frå Hallingdal. Men Heimevernet lokalt er klar, ifølgje Bille-Larsen.

– Me har fått beskjed om at dei er klare og ventar på orde frå sine overordna, seier han.

Men før HV kan bli sett inn, er det ein fast protokoll som skal følgast. Ifølgje opplysningar Hallingdølen har, må Fylkesmannen i Oslo og Viken be Forsvarets Operative Hovudkvarter (FOH) om bistand. Då skal FOH vurdere om og eventuelt korleis Forsvaret kan bidra. Deretter vil HV-03, som Hallingdal er ein del av, gi ordre til Hallingdal HV-område. Måndag kveld ligg ingen ordre føre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har tidegare vore snakk om at Sivilforsvaret skulle hjelpe til i ein slik situasjon Hol kommune og andre hallingdalskommunar er i. Espen Bille-Larsen synest det er meir naturleg å bruke Heimevernet. Sivilforsvaret har mange andre oppgåver i den korona-situasjonen landet no er i.

Espen Bille-Larsen er beredskapskoordinator i Hol kommune.

38.000 personar

Telefonmålingar syner at folketalet i Hallingdal har gått ned frå ca. 50.000 laurdag til rundt 38.000 måndag morgon. Men talet har auka litt i løpet av måndagen.

Les også
Hyttefolket reiser: 14.000 færre i Hallingdal sundag

– Kvifor er det så viktig at hyttefolk reiser heim?

– Det er ein risiko med så mykje folk her no. Kommunane har knapt nok ressursar til å sikre eigne innbyggjarar som blir sjuk. Viss ein må ta hand om dobbelt så mange som eigne innbyggjarar, risikerer me at det lokale helsevesenet kneler, understrekar Espen Bille-Larsen.

– Det handlar om å førebyggje det me veit vil koma, seier han.

Nedringt av hyttefolk

Erna Solberg gjekk sundag ut og bad hytteeigarar dra heim. Sundag varsla regjeringa eit forbod mot å vera på hytta.

I løpet av måndagen har Hol kommune blitt nedringt av hyttefolk som ber om dispensasjon. På ein time fekk legevakta meir enn 50 telefonar.

– Vårt helsepersonell skal ikkje bruke kreftene sine på dette, men på å behandle folk som treng hjelp, understrekast Espen Bille-Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Les også
Alarmen har gått i Hol: - Eit stort tal er koronasmitta
Les også
Korona-situasjonen på Høgehaug: Alle bebuarane er isolert