Smittesporararane Finn-Terje Bøe og Runa Lyngvi i Gol kommune jobba sist veke med koronautbrotet då Hallingdølen var innom. Til venstre ordførar Heidi Granli.

Ny person smitta i Gol - ventar på fleire prøvesvar

Om dei siste koronatestane viser seg å vere negative i dag, kan kriseleiinga i Gol puste letta ut.

Det har vore nokre turbulente veker i Gol, etter at dei sist tysdag fekk dei første av i alt ni smittetilfelle i kommunen.

Men i dag kan truleg skuldrene senkast nokre millimeter. Etter den siste hendinga, der ein smitta gjekk ut av karantene før vedkommande eigentleg skulle og kryssa både kommune- og fylkesgrense, har Gol halde pusten. Kva konsekvensar ville det få?

Artikkelen held fram under annonsen.

Svara er så langt gledelege. Ti personar har blitt testa som nærkontaktar, alle hurtigtestar har vore negative. Enno ventar kommunen på svar på enkelte ordinære prøver, men om dei viser det same er det kontroll på situasjonen.

– Om desse er negative, er eg veldig optimistisk, seier ordførar Heidi Granli.

Les også
Politiet granskar nytt mogeleg brot på karantenereglane

Koronakaoset starta sist veke, då to personar vart bekrefta smitta. Det sende mellom 500 og 600 personar i karantene og ventekarantene, og situasjonen var ei stund uoversiktleg. Inn mot helga fekk kommunen kontroll.

Men tysdag denne veka viste det seg at ein person som eigentleg skulle vore i karantene hadde vore på farten. Vedkommande testa positivt, og smittesporingsgruppa måtte i gang med eit nytt og omfattande arbeid.

Desse to hendingane har til saman gitt ni smitta på dei siste ti dagane. Den siste tilfellet kom i dag.

– Me har fått ei positiv prøve, den var venta. Personen sat alt i karantene, som nærkontakt. Dette utløyser ikkje meir sporing eller fleire i karantene, seier Granli.

Når ein person sit i karantene, blir vedkommande «retesta» mot slutten av karantenetida. Det er det som har skjedd i dette tilfellet.

Les også
Ulovleg å ha meir enn fem gjester i Gol: – Me får opplysningar om at folk samlar seg
Les også
Alarm i Gol etter ny smitte: Kriseleiinga ber foreldra om hjelp
Les også
Innfører raudt nivå på vidaregåande i Gol
Les også
Sørafrikansk mutert virus for første gong kjent i Hallingdal