Rundt 30 personar blir testa torsdag, fortel ordførar Heidi Granli.

Mellom 500 og 600 personar er no i karantene i Gol: Rundt 30 blir testa i dag

Fire personar er så langt bekrefta koronasmitta i Gol. I dag held testinga fram. Heile Gol vidaregåande skule, Ung Invest og fem trinn ved Gol skule er framleis i karantene.

Onsdag kveld melder ordførar Heidi Granli at mellom 500 og 600 personar no er i karantene i Gol. Dette dreier seg om skuleelevar.

Alle elevar og mange av dei tilsette ved Gol vidaregåande skule må framleis vere i karantene mens kommunen jobbar med å få oversikt over situasjonen. Det same gjeld Ung Invest. Fem skuleklassar ved Gol skule er også sett i karantene, etter to nye smittetilfelle onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det dreier seg om heile ungdomsskulen, samt 3. og 4. klasse.

I tillegg har heile NTG på Geilo heimeskule i påvente av fleire svar. Det same gjeld to skuleklassar ved Ål vgs.

Samanheng

Dei to nye smittetilfella som vart kjent onsdag, kan knyttast til det eine tilfellet frå måndag. Det betyr at det er ein samanheng mellom tre av dei fire som er bekrefta smitta, mens det ikkje er nokon kjent kopling til det siste tilfellet. Det er i ungdomsmiljøet smitta har spreidd seg.

Dei to ferske smittetilfella onsdag vart kjent då Gol testa første pulje med personar på formiddagen. I den andre pulja var alle prøvane negative.

– Det vil bli testa cirka 30 personar torsdag, seier Granli.

Les også
Smitta i Gol er truleg knytt til ulike festar - ber folk teste seg

Dei to første smittetilfella vart bekrefta tysdag. Dei er begge knytt til festar som har gått føre seg dei siste vekene. Ein mogleg smitteveg er ein kjent låvefest i Hemsedal frå påska. Men kriseleiinga i Gol er kjent med at det har gått føre seg fleire sosiale samlingar den siste tida der smitta kan ha spreidd seg.

Kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam informerer om smittesituasjonen saman med ordførar Heidi Granli (Ap).

Rosar ungdommen

Smittesporarane har hatt utfordringar med å identifisere moglege nærkontaktar etter at dei to første smittetilfella vart kjent. Derfor gjekk ordførar Granli ut i Hallingdølen onsdag morgon og bad innstendig dei som har vore på festar om å melde seg for testing.

Seinare på formiddagen hadde det lausna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No seier smittesporarane at dei har fått masse god informasjon frå ungdom som tek kontakt. Dei er opne og ærlege om kor dei har vore og kven dei har vore saman med. Det gjer at me har ein mykje betre oversikt i dag enn me hadde i går, sa Granli.

Desse bør teste seg

Testinga kjem til å halde fram i Gol torsdag. Kommunen har fått ein straum av spørsmål frå publikum med spørsmål om folk bør kome og teste seg. Derfor er dette viktig å merke seg:

Kommunen har oversikt over kven dei ønsker å kalle inn til testing. Det er ingen grunn til å ringe å spørje; dei som er aktuelle vil bli kontakta og få beskjed om å ta ein prøve.

Det er likevel to grupper som sjølv bør ta kontakt for test:

* Dei som har vore på fest eller sosial samling dei siste vekene.

* Dei som har symptom.

Les også
Gode nyheiter i Hol: - Me har ein meir kontrollert situasjon
Les også
Fleire hundre i ventekarantene i Gol: – Me treng at folk tør seie kven dei har vore i kontakt med